OddEgilValderhaug.no © 2011

Valderøya fekk sitt første skulehus i 1869

 

 

 

Valderø skole 1869, står det over døra. Skulen vart bygd etter ein opprivande skulestrid. I dag er huset ombygd til bustadhus og Hildur Gidske Røsvik bur no i huset.

 

Det var innføring av konfirmasjon i 1739, som var direkte årsak til at det etter kvart vart innført skulegong på bygdene i Norge. For å sleppe framfor presten for å bli konfirmert, måtte borna kunne ein heil del om religion. Og i første omgang var det prestane som tok på seg oppgåva med å undervise. Seinare vart også klokkarane satt til å undervise etter å ha gjennomgått eit kort kurs.  Alt i 1742 vart ein omreisande lærar satt til å undervise borna på Valderøy, Giske, Gamlem, Grytestranda og Ellingsøya. 

 

Men mangel på lærarar skulle etter kvart vise seg å ble den største hindringa for innføring av skulegong på bygdene. I 1860 skriv presten på Valderøya at det hadde vore vanskeleg å erstatte dei lærarane som har søkt seg inn på seminar og lærarskular. Problemet vart forsterka av at Axel Michalsen, som var mellombels tilsett som vikar på Valderhaug,  har sagt opp nesten før han har begynt på grunn av ”motløshet”. Som om ikkje det var nok er ein lærar død av ”spedalskhet”.  Og elende sluttar ikkje her, for presten fortel vidare i sitt brev at ein lærar har fått den besynderlige ideen å etablere seg som handelsmann i Ålesund.  Heller ikkje utlysing av 10 lærarstillingar i avisene har gitt noko resultat. Presten fortel at han har måtta ty til både gardbrukarar, kårmenn og plassmenn for at borna i det heile skulle få litt undervisning.

 

Men i  1867 hadde Valderøya fått ein omgangslæraren, han heitte Ole Hansen. Øya hadde den gong ikkje noko fast skulehus, så undervisninga gjekk føre seg i heimane. Undervisninga vart flytta frå gard til gard, og lærar Ole Hansen syntes ikkje tilhøva var tilfredstillande verken for lærar eller elevar, og han gjorde noko med det.

 

Møte om bygging av skulehus

Den 22. mai 1866 kalla lærar Ole Hansen saman med prost Knutsen inntil folkemøte  på Valderøy, der bygging av eit skulehus var tema. Men fleirtalet av dei som møtte fram, var sterkt imot bygging av eit skulehus. Mange av motstandarane meinte at øya ikkje hadde bruk for noko skulehus, sidan ein hadde klart seg utan i alle år. Andre meinte at borna kasta bort tida ved å gå skulen, og meinte det var viktigare at borna hjelpte til på gardane. Men eit lite mindretal var svært ivrige på å få bygd eit skulehus, og i eit referat frå møtet er namna på dei som var for, tatt med, og det var: Lars Ytterland, Didrik Ytterland,  Andreas Skjong, Lars Skjong,  Johan Skjong, Hans Skjong, Kristian Skjong,  Emanuel Skjong,  Ole Larsen, Skjong, Severin Løeg,  Elias Valderhaug,  Nils Valderhaug og  Jacob Nordstrand. Men dei som var imot vart ikkje nemnd med namn. Men det vesle mindretalet gav seg ikkje og arbeidde vidare med saka. Og etter kvart klarte dei å få gjennomslag for sin ide om å bygge eit skulehus. Det vart også einige om å opprette ein kommisjon som skulle arbeide for å få bygt ein skule. Og trass i stor motstand og mykje motgang, vart huset påbegynt 17. juni 1867.  Severin Løeg som var handelsmann på Valderøya, vart ein viktig økonomisk bidragsytar til skulen.

Planen var at skulen skulle takast i bruk hausten 1968, men arbeidet vart kraftig forseinka på grunn av at ein av åttringane som frakta tømmeret skulen skulle byggast av, forliste. Tømmeret kom i frå  Indvigen i Skau Prestegjeld.  Huset vart derfor ikkje ferdig før 14. desember 1868, og det vart tatt i bruk i januar 1869. Huset vart bygd av Martinus Valderhaug, Lars Skjong og Elias Valderhaugstrand. Skulen var organisert som ein skulegard. Det vil seie at skulen hadde både løe og ein liten jordlapp. Læraren kunne soleis drive litt gardsbruk ved sida av lærarjobben, og dette vart rekna som ein del av løna.

 

Karl Gidske tilsett som lærar

I 1874 var Karl Gidske tilsett som lærar på den nye skulen på Valderøya. Han var ein aktiv mann på mange områder. Han var mellom anna medlem i kommunestyre, skulestyre og lærarlaget. Som politikar arbeidde han mykje med å betre kommunikasjonane mellom øyane og Ålesund. Men størst interesse hadde han for det kristne arbeidet på øya. Han var med på å starte Valderøy Indremisjon og i 1884 tok han initiativ til å starte fråhaldslag.  Og då bedehuset på Valderøya skulle byggast var han ein av pådrivarane også der. Valderøy Bedehus vart tatt i bruk i 1899.   

I ettertid er kanskje Karl Gidske sin innsats innan fråhaldssaka som vil stå igjen. Det blir sagt at det var i hans tid at kampen mot ølbrygging på gardane vart vunnen.

 

Ved 1900-årskifte blir det hevda at det knapt fanst ungdommar på Valderøya som misbrukte alkohol. Karl Gidske flytta i 1906 til Ellingsøya der han kjøpte seg eit gardsbruk. Men han held fram som lærar på Valderøya, i alle fall inntil den nye skulen vart tatt i bruk i 1909. Karl Gidske døydde i 1926, 78 år gamal.

 

I 1908 finn vi ein Roald frå Jogarden på Vigra som lærar ved skulen. Han sender eit brev til Giske kommunestyre der han ber om at det blir sett opp ein ny vegg på skuleløa. Men kommunen svarer at han har fått leige huset og løa på vilkår at han held bygga vedlike, så denne kostnaden må han ta sjølv. Roald gir seg ikkje, og kjem tilbake med eit nytt brev der han skriv at løa var i svært dårleg forfatning då han overtok. Kommunestyret handsamar saka på nytt, og denne gongen går dei med på å betale kostnaden med å skifte ein løevegg.

 

Men jobben som skulelærar og politikar gjekk i arv i familien Gidske, og sonen Peder vart seinare både lærar og ordførar i Giske kommune. Då nyskulen stod ferdig i 1909, var skulen frå 1869 gjort om til lærarbustad. Seinare kjøpte Peder Gidske  den gamle skulen og busette seg der med familien sin. I dag er det dottera, Hildur Gidske Røsvik som bur i huset.

 

 

Karl Gidske vart tilsett som lærar ved Valderø skole i 1874. Han var lærar ved skulen til den nye skulen vart tatt i bruk i 1909.  

 

Av: Odd Egil Valderhaug

 

 

Meir om skule

 

Valderøy skule 1869

 

Gjøsundsæter skule

 

Margit Fjellstad Ytterland

 

Dei gamle lærarane

 

Valderøy skule 1909