OddEgilValderhaug.no © 2011

Borna frå Ellingsøya til Valderøya for å gå på skule - 1875

 

 

 

 

Berre få år atter at Valderøya fekk sin første faste skule i 1869, vart skule nummer to på øya påbegynt.  Gjøsundsæter skule som stod på høgda ovanfor Sætra Barnehage, vart påbegynt i 1875. Dette veit vi ut i frå at eit brev datert 24. august 1875. Her skriv byggekomiteen til Bergens Stiftsdireksjon og ber om løyve til å legge eit enkelt golv og ikkje dobbelt slik planen var. Komiteen argumenterer med at bygge ligg på fjell med godt avsig på alle kantar. Vi har også rekneskapen og arbeidslistene som fortel om kven som arbeidde med å bygge skulen.

 

Då skulen var ferdig hadde den kosta 497 spesidalar. I byggekomiteen sat Lars Hansen, Nicolai Hansen og Peter Petersen, alle busett på Gjøsundsætra. Til skulekrinsen på Gjøsundsætra sokna også Blomvika, deler av Nordstranda og Oksebåsen. I tillegg gjekk elevar frå Volsdal og Lorgen på Ellingsøya på denne skulen. Ja du leste rett, borna frå Ellingsøya vart rodd eller sigla frå Ellingsøya for å gå på skule på Valderøya. Medan borna lenger inne på Valderhaug, Skjong og Ytterland, gjekk på den nye skulen som vart tatt i bruk i 1869.

 

Dette kan høyres merkeleg ut i dag, men ein må då hugse på at det ikkje var eit einaste hus mellom Blomvika og der Spar-butikken ligg i dag. Elles har vi lite kjennskap om sjølve skuledrifta på Gjøsundsæter skule. Vi veit at i frå 1905 arbeidde ein Hans Midtgård frå Hundeidvik som lærar ved skulen. Han hadde husvære sitt på skuleloftet. Vi veit også at skulen var todelt. Første til tredje klasse gjekk saman, og fjerde til sjuande gjekk samen i ei klasse.

 

Men etter kvart vart det mindre med elevar og klassene var svært ulike. Gjøsundsæter skule bad derfor om å få tilført elevar frå skule på Valderhaug, men det gjekk dei ikkje med på. Folket inne på øya arbeidde for å bygge ein stor skule for heile øya og dermed få ein sjudelt skule. Og etter ein lang dragkamp mellom dei to endane på øya, var ein einige om å bygge ein stor sentralskule. Det skjedde på eit fellesmøte 10. oktober 1907.

 

Dette var noko heilt nytt på landsbygda i Noreg. Og den nye storskulen for heile Valderøya vart tatt i bruk i 1909, knapt to år etter at vedtaket var gjort.  Då vart elevane delte inn i  klassetrinn etter alder frå 1. til 7. klasse. Etter at den nye skulen var ferdig, var det ikkje lenger bruk for Gjøsundsæter skule og den vart derfor seld på auksjon. Lorgen skulekrins på Ellingsøya fekk tilslaget for 700 kroner. Bygget var reve og flytta til Ellingsøya, der han vart bygd opp att og brukt som skulehus i mange år, heilt fram i våre dagar var den i bruk, dei siste åra som barnehage.

 

Arbeidsliste for oppførelse av Gjøsundsæter skolehus.

Dagslønn 2 ort pr dag.

Hest betales med 36 skilling pr dag.

Lars Hansen Gjøsundsæter 17  ¾ dag.

Hest og kjærre 8 dager

Holdt båt – trerøring i 3 ganger.

 

Nicolai Hansen 20 ¾ dag.

Hest og kjøreredskaper 4 dager.  Holdt båt 1 gang.

 

Peter Petersen 17 ½ dag.

Hest og kjøreredskap 5 ½ dag.  Holdt båt 2 ganger.

 

Jacob Martinusen 9 dager

Hest og kjøreredskaper 1 dag.  Holdt båt 1 gang.

 

Niels Martinusen  10 ½ dag.

Hest 1 dag.

 

Hans Hansen 9 ½ dag.

Hest 1 ½ dag.  Holdt båt 1 gang.

 

Ole Iversen 9 ½ dag.

Hest 1 ½ dag.  Holdt båt 1 gang.

 

Knud Albrigtsen 9 ½ dag.

 

Nils Nicolaisen 3 ½ dag.

 

Rasmus Andreassen 5 dager.

 

Lars Pettersen 9 dager.

Holdt båt 2 ganger.

 

Jacob Knudsen 2 dager.

 

Johan Arnesen 5 dager.

 

Knud Kristiansen 6 dager.

 

Ole Jørgensen 8 ¼ dag.

 

Ole Larsen 3 dager.

 

Til å istandsette rundt skolehuset gikk det med en mann i 10 dager og 1 hest i 5 dager.

 

Lønnsutgiftene for oppsetting av skolehuset vart til sammen  422 spesidaler, 1 ort og 22 shilling.

 

Regnskap for oppførelse av Gjøsundsæter skolehus.

 

Spd.

Ort.

Shl.

Tømmer 

95

0

0

Bord   

92

3

22

Planker og skaater

4

0

16

Skifersteen og anden steen

36

3

8

Spiger, hengsler, låse og jern

51

1

6

Glas 

7

2

12

Kalk og kridt  

2

2

10

Olje og malervarer

2

7

17

Arbeidsløn  

82

2

2

Materiale og arbeidslønn til 2

7

0

0

Maling 

21

0

0

Hustomten 

15

0

0

140 arbeidsdager a 2 ort

58

2

0

Hest i 22 ½ dag a 36 Shl.   

6

3

18

Baadleie   

3

1

12

Til sammen

486

0

3

Dessuten trengtes:

Til Planering av huset

5

2

12

Render 

2

0

0

Glasluger   

4

0

0

Bogskap 

0

1

0

497

4

15

 

Gjøsundsæter den 5. April 1875

 

Lars Hansen               Nicolai Hansen               Peder Pedersen

  

Av: Odd Egil Valderhaug

 

 

Meir om skule

 

Valderøy skule 1869

 

Gjøsundsæter skule

 

Margit Fjellstad Ytterland

 

Dei gamle lærarane

 

Valderøy skule 1909