OddEgilValderhaug.no © 2011

 

 

Margit Fjellstad Ytterland vaks opp i tronge kår i ei fjellbygd ved Sandane. Men ho hadde utferdstrong og fekk seg utdanning og kom seg ut av armoda. På Valderøya markerte ho seg som ei dyktig lærarinne, songar og aktiv aktør i kristenlivet. I tillegg hadde ho ei lyrisk åre som førte til både dikt, prologar og songar. Fjellstad, som ho vart kalla, har skula opp fleire generasjonar av ungar på Valderøya.

 

Margit  Fjellstad vart  fødd i Gloppen kommune i Nordfjordeid 2. februar 1890. Foreldra var Inger og Steffen Fjellstad. I tillegg til å vere gardbrukar, var faren også skreddar. Margit var nummer tre i ein søskenflokk på 11.  Ho hadde søstrene Anna, Alvhild, Åsta, Laura, Inga og ei som døydde i ung alder som vi ikkje har namnet på. I tillegg hadde ho fire brør,  Jakob, Egil, Sigurd og Rolf. To av søskena døde i ung alder.  Garden der Margit vaks opp låg oppe i ei fjellbygd ved Sandane.  Garden var svært brattlent og tungdrevet og alt som lita jente måtte Margit vere med på gardsarbeidet.  Mellom anna så bar ho høy i store ballar på ryggen.  Ei tid var ho også gjetar. – Mor var svært eventyrlysten og ville bort i frå det strevsame livet og dei tronge kåra i heimen, seier dottera Inger Ytterland. Eigentleg hadde ho ein draum om å bli skodespelar, men det vart med draumen. I staden for å satse på dei skrå breidder, så begynte på lærarskule i 1910. Og 3 år seinare tok ho eksamen og var no utdanna lærar. Ho fekk seg jobb som lærar ved skulen på Valderøya, men var her berre i to år før ho flytta til Rennebu i Sør Trøndelag i 1915 og tok til som lærar der. Men ho lengta truleg tilbake til Valderøya og etter berre to år i Rennebu kom ho tilbake.

 

Gifta seg på Valderøya

I 1921 gifta Margit seg med fiskarbonde Peter O Ytterland som dreiv familiegarden på Ytterland i tillegg til å vere fiskar.   Margit var då 31 år gamal og Peter var 34.  Margit og Peter fekk sonen Olav, og dei adopterte dottera Inger. For den eldre generasjon er Peter Ytterland kanskje mest kjend for sin store innsats for skogplantinga på Valderøya. I samarbeid med skulen fekk han planta ut tusenvis av treplanta. Over nokre tiår så planta elevane på Valderøya ut over 200 000 treplantar på fjellet og i utmarka.  

 

Mange talent

Fjellstad, som ho vart kalla, virka samstundes med andre markante lærar på øya. Mellom anna Gidske, Midtgård og Andestad. Dette var den gong handskrifta var viktig, og dei ulike lærarane hadde sin eigen snert på måte borna skulle skrive på.  I generasjonar etterpå kunne ein sjå kva lærar folk hadde hatt, berre ut i frå handskrifta, blir det sagt.  Eldre folk har også fortalt at om vinteren kunne Fjellstad av og til bli svært så standsmessig skyssa til skulen. Då køyrde Peter Ytterland kona si til skulen med hest og slede, og Fjellstad hadde då på seg eit stort pledd til ly for kulden og vinden. Eit flott og eksotisk skue, har eldre folk fortalt.  I tillegg til å vere ein engasjert lærar, så hadde Margit ein fin i hobby i å skrive dikt. Ho skreiv  mange prologar til ulike høgtider på øya og ho var svært ettertrakta som tekstforfattar til songar når folk skulle gifte seg. Margit var også ein dyktig songar og var med i fleire songkor på. Valderøya. Elles var ho aktivt med i det kristne arbeidet på øya.  Ho virke som lærar ved skulen på Valderøya frå 1917 til ho gjekk av som pensjonist i 1957. Margit Fjellstad Ytterland døyde 30. oktober 1981, 91 år gamal.    

 

 

Margit Fjellstad Ytterland, eller berre Fjellstad som ho vart kalla, har skula opp hundrevis av born på Valderøya. Her eit klassebilete frå rundt 1935.  

 

Av: Odd Egil Valderhaug

 

 

Meir om skule

 

Valderøy skule 1869

 

Gjøsundsæter skule

 

Margit Fjellstad Ytterland

 

Dei gamle lærarane

 

Valderøy skule 1909