OddEgilValderhaug.no © 2011

 

 

 

Vi veit ikkje så mykje om dei gamle lærarane, i alle fall ikkje dei som berre var lærarar. Men mange av lærarane den gong var også samfunnsbyggarar og sterkt engasjert på mange områder i bygda. Desse lærarane veit vi litt meir om, fordi namna deira dukkar i skriftleg materialar på andre områder. Den første faste læraren på Valderøya var Ole Hansen. Han var først omgangsskulelærar, men to initiativ til at øya fekk sitt første skulehus i 1869. Ole Hansen var truleg den første læraren ved den nye skulen. Tidleg på 1900-talet høyrer vi om ein lærar Roald frå Jogarden på Vigra, som også dreiv garden som høyrde til skulen.

 

Karl Gidske

I 1874 vart Karl Gidske tilsett som lærar ved den nye skulen på Valderøya som stod ferdig i 1869. Han var ein aktiv mann på mange områder. Han var mellom anna medlem i kommunestyre, skulestyre og lærarlaget. Som politikar arbeidde han mykje med å betre kommunikasjonane mellom øyane og Ålesund.

 

Karl Gidske var også ei tid postopnar på Valderøya. Postkontoret vart oppretta 1. oktober 1894, og namne var den gong Valderøen postopneri. Men i 1921 vart namnet endra til Valderøy. Det første året var landhandlar Hartvig Olsen postopnar, men året etter i 1895, tok lærar Karl Gidske over som postopnar. Han hadde denne stillinga i tillegg til å vere lærar fram til 1899. Då overtok Peder M Frøland og han hadde den til han vart pensjonist i 1924. Posten hadde frå starten av lokalar i Løeg-garden saman med telefonen og telegrafen. Det var ikkje kai på Valderøy på den første tida, så postopnaren måtte ro ut på fjorden for å hente og levere posten.

 

Men størst interesse hadde Karl Gidske for det kristne arbeidet på øya.

Han var med på å starte Valderøy Indremisjon og i 1884 tok han initiativ til å starte fråhaldslag.  Og då bedehuset på Valderøya skulle byggast var han ein av pådrivarane også der. Valderøy Bedehus vart tatt i bruk i 1899.   Han var også søndagsskulelærar i mange år.  I ettertid er kanskje Karl Gidske sin innsats innan fråhaldssaka som vil stå igjen. Det blir sagt at det var i hans tid at kampen mot ølbrygging på gardane vart vunnen. Ved 1900-årskifte blir det hevda at det knapt fanst ungdommar på Valderøya som misbrukte alkohol.

 

Rundt år 1900 budde det om lag 500 menneske på Valderøya, og 350 av dei var medlemmar i eitt av dei to fråhaldslaga på øya. Valderøy totalavhaldslag hadde sitt utspring i bedehuset medan IOGT hadde Losjen som sin base. Fråhaldsarbeidet i bedehuset var det Karl Giske som var primus motor for, medan Severin Johan Løeg var pådrivar for fråhaldsarbeidet på Losjen. Fråhaldslaga var nesten einerådande innan kulturarbeidt på øya, både innan barnearbeid, ungdomsarbeid og kulturaktivitetar for vaksne. Når ein ser på historia er det ikkje så merkeleg at fråhaldssaka fekk så sto innpass i lokalbefolkninga på slutten av 1800-talet. Alkoholproblema har vel aldri vore så store på våre kantar som akkurat i denne tida. I Ålesund var det brennevinsutsal og kneiper på annakvart hjørne.

 

Fiskarane kom inn frå felta og leverte fisken hos fiskekjøparane i byen, og fekk oppgjeret kontant i lomma. Pengane gjekk ofte til brennevin, og etter å ha tylla i seg både nok og for mykje, sette dei kursen mot heimen ute på øyane. Transportmiddelet var som oftast ein færing, åttring eller ei lita skøyte. Og på heimveg i opprørt hav og med mannskap som var langt i frå edru,  var det lett at det skjedde ulukker. Det blir hevda at fleire fiskarar omkom på heimveg frå byen enn ute på det opne havet. Med dette som bakteppe er det ikkje så merkeleg at fråhaldssaka vaks seg sterkare og sterkare. Og under dei store vekkingane på Valderøya i 1880-åra, var det mange som gjekk heim att etter møtet å slo nygla ut av øltønna.  No skulle det ikkje tappast ein desiliter med øl meir på denne garden, var lovnaden. Mange hadde bitre minner om bestefar, far eller onklar som låg igjen ute på Valderhaugfjorden. 

 

Primus motor for avhaldssaka, Karl Gidske flytta i 1906 til Ellingsøya der han kjøpte seg eit gardsbruk. Men han held fram som lærar på Valderøya, i alle fall inntil den nye skulen vart tatt i bruk i 1909. Karl Gidske og døydde i 1926,  78 år gam al. Også ein anna lærar, Elias Sæther, var ein sentral mann i fråhaldsarbeidet på Sunnmøre. Han var formann i Sunnmøre DNT i heile 45 år, frå 1889 til 1934. Elias Sæther døydde i 1934. Men vi veit ikkje så mykje om lærargjerninga hans.

 

Hans Midtgård

Om Hans Midtgård har vi ikkje så mange opplysningar, men veit at han vart tilsett på Gjøsundsæter skule i 1905.   Han var frå Hundeidvik og hadde husvære sitt på skuleloftet på Sætra. Då den nye skulen stod ferdig på Valderhaug i 1909, flytta Hans Midtgård over dit. Kor lenge han var lærar ved skulen har vi heller ikkje opplysningar om, men vi veit han var lærar då Peder Giske begynte i 1911 og truleg var han der til Edvard Andestad begynte i 1924. I tillegg til Hans Midtgård veit vi også namnet på to lærarinner som arbeidde ved skulen dei første åra, frøken Sønderland og frøken Hoff. Vi veit at frøken Hoff budde i Kolvikgarden, men så mykje meir veit vi ikkje om desse to.

 

Peder Gidske

I 1911 vart Peder Gidske tilsett som lærar ved skulen på Valderøya. Han virka som lærar på same tid som Margit Fjellstad Ytterland, eller berre Fjellstad på folkemunne. Også Hans Midtgård var lærar saman med Peder Gidske dei første åra. Og i 1924 var ein anna skulelegende kollega med Gidske,  Edvard Andestad.

Peder Gidske var også sterkt politisk aktiv, og han var også ordførar i gamle Giske kommune.

 

I 1935 tok han initiativ til å få fart i planane om ei bru over Gjøsundet. Han fekk med seg ordførar i Vigra kommune, Andreas K Roald, og dei to klarte i fellesskap etter mykje god politisk handverk, å få satt prosjektet på kartet.

 

Men så kom den tyske invasjonsakta til Noreg. Sonen til Peder Gidske, den 28 år gamle Karl Gidske, var vernepliktig fenrik i marinen då krigen braut ut. 9. april 1940. Han gjorde teneste ombord i jagaren ”M/S Gyller” som låg ved festninga i Kristiansand. Alt i løpet av den første dagen vart både jagaren, festninga og byen overgitt til tyskarane. Karl E Gidske kom seg til heimlege trakter og rømde med den 21 fot store sjarken ”M/B Skarv” til Shetland den 31. mai 1940. Han melde seg i London som aller første offiser frå båt som hadde flykta frå Noreg. Han mønstra på tankbåten ”M/S Fenris”   som tredjestyrmann, men kom tilbake til marinen hausten 1941 og vart nestkommanderande i Camp Norway i Halifax i USA. Han vart seinare nestkommanderande ved hovudbasen for SSH i Skottland for resten av krigen.

 

Men fordi sonen rømde over til Skottland og England, var faren brutalt straffa av Tyskarane her heime.  Peder Gidske vart tatt av Tyskarane og sett i fangenskap på Grini, som ei avstraffing fordi sonen hadde rømde over til Shetland. Dette som ei åtvaring til alle dei som gjekk med planer om å røme frå det tyske åket.  I 10 månader måtte han sitt i fangenskap på Grini.  Og så Johan N Skjong, Dagfinn Giske og Harald M  Nordstrand sat på Grine på grunn av at sonene deira hadde rømt til England.

 

Edvard Andestad.

Edvard Andestad var fødd og oppvaksen i Sykkylven, der han gjekk på ein todelt skule.

Som dei fleste stader på landsbygda var det skule annakvar dag. Som ungdom flest var det sjøen som vart arbeidsplassen hans etter konfirmasjonen. Han var mellom anna her ute på øyane og rodde fiske under dei store torskefiska.  Men så kom lysta til å gjere noko meir med livet sitt, han ville utdanne seg til eit yrke, han ville bli lærar Og etter lærarskulen førte lærargjerninga han til ein liten skule i Hordaland, før han kom tilbake til heimlege trakter og vart lærar ved Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik. Først i 1924 kom han til Valderøya, der han vart lærar saman med Peder Gidske og Margit Fjellstad Ytterland. Lærarløna var då 60 kroner månaden. Edvard Andestad var lærar gjennom skiftande tider med ulike utfordringar.

 

Mellom anna dei harde trettiåra med mangel på lærebøker og sidan krigen frå 1940 til 1945 med alle dei problema det skapt. I Andestad si tid bobla både talet på lærar og elevar seg, og det kunne ofte bli svært lange arbeidsdagar. Og arbeidsmengda vart ikkje mindre då han vart skuleinspektør for heile Giske kommune.   Han var også søndagskulelærar i mange år. Søndagsskulen var hobbyen min, uttalte Andestad ein gong.

 

På sine eldre dagar samla og skreiv Edvard Andestad mykje lokalhistorie. Han gav ut to hefter som vart mykje brukt i undervisninga i skulen. Under krigen skreiv han dagbok om store og små hendingar her lokalt og i verda elles. Notat som er blitt svært nyttige i ettertid for dei som interesserer seg for krigs- og lokalhistorie. Han var også ein av dei få som hadde fotografiapparat på øya, og han har tatt mange spennande bilete både i skulen og under krigen.

 

Av: Odd Egil Valderhaug

 

 

Meir om skule

 

Valderøy skule 1869

 

Gjøsundsæter skule

 

Margit Fjellstad Ytterland

 

Dei gamle lærarane

 

Valderøy skule 1909