OddEgilValderhaug.no © 2011

 

 

Før 1909 hadde Valderøya to skular, ein på øvstevegen like utanfor eldresenteret og ein på Sætra. Men etter mange møter og mykje krangling vart folket på øya einige om å bygge ein ny stor sentralskule for heile øya. Men så kom neste steg, kvar skulle skulen ligge. Hadde det vore mykje krangling før, så vart det ikkje noko mindre no når plasseringa skulle avgjerast.

2. mai 1908, var tomta enda ikkje bestemt, og kommunestyret hadde tre ulike tomteforslag på bordet. Av alle ting, hadde distriktslegen uttalt seg om dei tre tomtene, og han meinte at dei to som låg lengt mot sør på øya var begge godt egna til skuletomter, medan den nordlegaste ikkje eigna seg så godt. Kommunestyret vedtok at tomta som låg på Valderhaug gamle gardstun, på Kristengarden,  og som den gong var eigd av Kristian Martinus Rasmussen skulle bli skuletomt.

 

Men ute i folket hadde striden om plasseringa rast lenge, og spesielt dei som budde lengst nord og lengst i sør på øya, meinte skulen måtte plasserast midt på øya, slik at det vart like langt å gå for alle elevane. Og for å finne ut kor midten på øya var, stilte to pålitelege menn opp og skritte opp avstanden. Ein starta ved den yste garden på Støylen, og den andre starta på garden lengst ute på Ytterland. Dei to møttes til slutt på grensa mellom Bakkegarden og Jogarden, om lag der Sparbutikken i dag ligg.  Men å plassere skulen her, meinte folket på Ytterland var altfor langt mot nord og dermed for langt å gå for elevane på gardane på Skjong og Ytterland. Då kom ein smart Ytterlending på at ein hadde starta å skritte på feil stad. Ein måtte starte i Hustruhamna, for også der budde folk på den tida. Slik vart det, og skulen var omsider bestemt plassert der det gamle klyngetunet på Valderhaug ein gong låg, og der den no har lagt i 100 år. Og kontrollmålar ein desse avstandane i dag finn ein ut at det stemmer på ein prikk.

 

Ikkje før var det bestemt at det skulle byggast ein sentralskule for heile øya, før dei to familiane som budde på Oksebåsen sende brev til kommunestyret og bad om at borna deira vart flytta over til Borgund kommune. Dette på grunn av at det for dei no vart vanskelegare å halde borna på skule den lovpålagde tida. Borna på Oksebåsen gjekk no på Gjøsundsæter skule. Kommunestyret ville ha ein uttale frå Borgund kommune før dei gjorde noko vedtak i saka. Uttalen frå Borgund vart negativ, og dermed avslo Giske kommunestyret søknaden frå dei to familiane på Oksebåsen, 11. juli 1908.

 

Byggmeisteren gjekk konkurs

Den nye skulen skulle byggast av stein og betong, og det var murmeister Loe frå Ålesund som fekk anbodet om å bygge skulen for 18 000 kroner.  Steinen vart henta i frå Trollhaugane og mange bønder vart leigd inn både til å bryte stein og til å frakte den med hest og kjerre inn til skuletomta. Og dermed forsvann Trollhaugane for godt, men likevel kallar vi området framleis for Trollhaugane 100 etter, sjølv om der ikkje finns ein einaste haug eller høgde her.

Men prisen på 18 000 kroner skulle viser seg å bli for lav for murmeister Loe, for like etter at skulen var ferdig, vart han slått konkurs.  Konkursen første også til at mange av bøndene som braut og køyrde stein, fekk aldri pengane sine.  Dei nye flotte pultane var laga av snekker Severin Gjerdset, eigentleg frå Grytastranda. Han dreiv snikkerverkstad i Nygarden på Sætra, der søstera hans var gift med gardbrukaren. Han lage for det meste spisestovemøblar, men i 1909 fekk han truleg levere den største samla ordre han nokon gong hadde produsert, møblar til den nye skulen. I rekneskapsbøkene står det at han leverte 24 pultar for ti kroner stykke, så leverte han tre kateter til tjuesju kroner stykke og i tillegg tre tavler som kosta ti kroner pr stykke.  Severin Gjerset var då berre 21 år gamal. Verkstaden på Valderøya dreiv han frå 1904 til 1920, då flytta han bedrifta si til Grytastranda, der den har vore i drift heilt fram til våre dagar.

Mange trur at denne skulen er eit såkalla Schmidt-hus, oppført av den kjende tyske muraren som hadde slo seg ned i Sykkylven like etter Ålesundsbrannen. Men det er det altså ikkje, men truleg har murmeister Loe henta mykje inspirasjon frå den berømte murmeister Schmidt.

Men trass i dei økonomiske problema for byggmeistaren, så stod skulen ferdig til hausten 1909.  Skulen hadde fire flotte klasserom med stor takhøgd og store omnar som kunne fyrast med både kol, koks og torv. Klasseromma hadde også store vindauge som gjekk nesten heilt opp til taket. Og når ikkje dagslyset var nok, kunne ein ta i bruk dei store flotte parafinlampane som hang ned i frå taket og som gav eit fantastisk lys. Først på midten av 1920-talet fekk Valderøya straum og dermed skulen elektrisk lys. Vi veit ikkje så mykje om dei første lærarane ved skulen, men kjenner til at Hans Midtgård som var lærar på Sætra, fylgde med til den nye skulen. Og vi kjenner namnet på to lærarinner, Frøken Sønderland og frøken Hoff.  I 1911 vart Peder Gidske tilsett som lærar, så kom legendariske Margit Fjellstad Ytterland og i 1924 ein anna skulelegende, Sykkylvingen Edvard Andestad.

 

På toppen av skulen var det etter kvart innreia spesialrom for sløyd og handarbeid. Ein elev har fortalt at under krigen var det mangel på trevirke, og det var vanskeleg å halde i gong sløydundervisninga. Lærarar Edvard Andestad fekk då ein avtale med Smed-Knut slik at elevane fekk jernsløyd i staden. Elevane fekk mellom anna lære seg å lage kopparnaglar til båt bygging. Men etter kvart vaks elevtalet så fort at romma på toppen av skulen måtte takast i bruk til vanleg undervisning. Sløyden vart då flytta ned til Lervik Møbelfabrikk som ligg rett nedanfor Statoil-stasjonen, medan handarbeidsundervisninga vart flytta til Husmortun.

 

Reinhald på dugnad

Reinhald av skulen var utført som pliktarbeid, der foreldra til elevane måtte ta sin tørn på omgang. Reinhaldet vart sjølvsagt utført av kvinnene. Men utpå 1930-talet vart det tilsett fast vaktmeister ved skulen, og denne jobben gjekk merkeleg nok til ei kvinne. Anna Rønstad var vaktmeister ved skulen til langt ut på 1950-talet.  Det vart innreia leilegheit på skulen der ho budde. Anna Rønstad hadde ansvar for å fyre opp dei store omnane i god tid, slik at det var varmt og godt når elevane kom. Og når skulen var slutt måte ho vaske alle klasseromma, lærarromma, trappene og gangane.

 

Skulestopp under krigen

I dei første dagane under krigen vart borna sende heim på grunn av all usikkerheita og på grunn av mykje bombing på frå lufta og frå sjøen. Men etter kvart kom skulen i normal gjenge igjen. Men 2. januar 1942 var skulen stengt på grunn av mangel på brensel. Undervisninga kom i gong igjen i slutten av januar, men vart stoppa igjen etter ordre frå lærarlaget den 28. februar.  Lærerana nekta å innordne seg ordren frå Quislingregjeringa om å nazifisere 

undervisninga. På grunn av denne ordrenekten var 30 lærarar frå Sunnmøre arrestert og sendt til fangeleiren Fallstad, 21. mars 1942. Heldigvis var ingen av desse frå Giske kommune.

Først 6. mai 1942 kom skulen i gong igjen, etter å ha vore meir eller mindre stengt i nesten fire månader. Ein ekstra lang ferie som elevane ikkje hadde så mykje i mot.

Quislingregjeringa  gav også orde om at alle offentlege bygg skulle heise hakekorsflagget til topps i flaggstanga. For å unngå dette bestemte lærarane seg for å ta ned flaggstanga og gøyme den i Kolvikløa. Gutane i dei største klassene la den lange flaggstonga på skuldrene og bar den ned i løa.   Då freden kom, klarte ikkje skulen å få montert opp flaggstanga raskt nok, men flagging vart det likevel. Dei hengde flagget ut gjennom vindauge på dei øvste klasseromma og dekte framsida av skulen med det norske flagg.

 

Uvanleg stor og flott skule

Den nye skulen var uvanleg stor og flott for å vere ute på landsbygda. Ja i ettertid blir det spekulert på om dei som bestemte seg for å bygge denne skulen enten var stormannsgalen eller  framsynte.  Det vart sagt at skulen skulle stette behovet på Valderøya i meir enn 50 år, men slik gjekk det ikkje. Folketalet på øya vaks raskt, og i 1957 hadde skulen 200 elevar fordelt på 11 klasser fordelt på seks klasserom.  Ein måtte ty til mange kreative løysingar før øya fekk ny skule i 1959. Etter kvart fekk pipa ei anna låt, kvifor hadde politikarane venta så lenge med å bygge ein ny skule? Det er nok mange svar på dette spørsmålet, og eit av dei er nok at dei som bestemte var så tilfredsmed den gamle skulen at ein ikkje såg trongen for ein ny. Eit anna svar er nok den stadig tilbakevendande grendepolitikken . Valderøya hadde så flott skule at det ikkje var trong om ein ny, meite mange av politikarar frå Giske og Godøya.

Etter krigen vart det også oppretta framhaldsskule og den vart lokalisert til gamle Valderøy Møbelfabrikk.      

  

Av: Odd Egil Valderhaug

 

 

Meir om skule

 

Valderøy skule 1869

 

Gjøsundsæter skule

 

Margit Fjellstad Ytterland

 

Dei gamle lærarane

 

Valderøy skule 1909

 


Vis Gamle Valderøy i et større kart