OddEgilValderhaug.no © 2011

Skreddar Ole A Valderhaug - 1900

 

 

Etablert i 1900

 

Skreddar Ole A Valderhaug vart utdanna i Danmark

Her på småbruket Svinegjerde ovanfor eldresenteret på Valderøya, dreiv Ole A Valderhaug skreddarverkstad frå rundt 1900. I 1914 selde han bruket til skomakar Peder Lervik. 

 

Ole A Valderhaug dreiv si skreddarverksemd frå kjellaren i småbruket sitt, ”Svinegjerde” på Valderhaug. I dag kjenner vi denne garden, eller husmannsplassen, betre som Lervik. Bruket ligg rett ovanfor Valderøy Eldresenter. Vi er usikre på når han starta skreddarverksemda si, men det var truleg rundt 1900, då var han 20 år gamal. Ole A Valderhaug fekk utdanninga si som herreskreddar i Danmark. Etter å ha dreve som skreddar i nokre år, måtte han selje gard og grunn, dette var i 1914. 

 

Kjøpar var skomakar Peder Lervik.  Lervik flytta då  sin skomakarverkstad frå Myrane og inn i den tidlegare skreddarverkstanden. Då skreddar Ole A Valderhaug måtte selje huset sitt, flytta han skreddarverkstaden til Grebstad sitt hus i Skjongmyrane.  Men ikkje så lenge etter flytta Ole A Valderhaug til Amerika der han hadde flire søsken frå før. Også der borte livnærte han seg som skreddar. Men Ole vart ikkje lenge i Amerika, alt i 1917 var han tilbake på Valderøy og søkte om lån i Valderø & Omegn Privatbank. Lånesummen var på kr 1000,- og truleg skulle lånet nyttast til å starte opp att ein skreddarverkstad.

 

 

Skreddar Ole A Valderhaug saman med kona si Laura som også virka som skreddar.

 

 

 

 

Han etablerte seg då på Mulelid, og dreiv der i ti år før han bygde seg nytt hus i Valderhaugbakkane i 1927.  Ole var spesialist på saum av herredressar, vestar, bukser og jakker. Han dreiv som skreddar nesten fram til han døydde i 1955.  Då var skreddar Ole A Valderhaug 75 år gamal.  Ole A Valderhaug var gift med Laura. På bygda gjekk ho berre under namnet ”skreddar-Laura”. Ho begynte som ung jente i lære hos Ole og dei to vart etter kvart ektefolk. Også ho vart etter kvart ein dyktig herreskreddar, sjølv om ho ikkje hadde formell utdanning. Etter at mannen døydde, dreiv ho skreddarverksemda vidare i mange år.

 

Søknaden skreddar Ole A Valderhaug sende til Valderø og omegn privatbank då han kom heim frå Amerika og ville starte opp at skreddarverksemda  si. 

 

Av: Odd Egil Valderhaug