OddEgilValderhaug.no © 2011

Skomaker Peder Lervik - 1902

 

 

Etablert i 1902

 

Skomakar Peder Lervik kom med huset sitt på flyttelasset

Eit unikt bilete av ein arbeidsplass. Peder Lervik i skomakarverkstaden sin. Men truleg er bilete oppstilt til ære for fotografen for Lervik sit der i finstasen. Fotografen kan vere Olav Vågen.

 

37 år gamal kom Peder Lervik frå Vestnes saman med kone og born, og busette seg på Valderøy. Med seg på flyttelasset hadde han ei tømmerstove som han sette opp i Myrane.

 

Denne stova har seinare blitt påbygd fleire gonger, og vart kjøpt av Lars Nordstrand som budde der med familien i heile sitt liv. Peder Lervik var skomakar av yrke då han kom, og etablerte straks skomakarverkstad i huset sitt i Myrane, dette var i 1902. Han laga både sko og støvlar, og i tillegg reparerte han brukte sko. Han vart etter kvart kjend som ein svært dyktig skomakar. Peder Lervik treivst ikkje i Myrane, så han vart svært glad då han i 1914 fekk tilbod om å kjøpe småbruket til skreddar Ole A Valderhaug, ”Svinegjerde”.  Gamlehuset i Myrane selde han til Laurits Larsen Nordstrand (Velle-Laurits) for 3500 kroner.

 

Då skomakar Peder Lervik kom frå Vestnes i 1902, hadde han med seg dette huset på flyttelasset som han sette opp i Myrane på Valderhaugstranda.

 

 

 

 

I 1914 kjøpte han småbruket Svinegjerde av skreddar Ole A Valderhaug. Han var også agent for eit forsikringsselskap og ein kan skimte skiltet for selskapet på husveggen over døra.

 

Den gamle husmannsplassen  ”Svinegjerde”  ligg rett ovanfor Valderøy Eldresenter, og i dag kjenner vi småbruket som Lervik-garden. Peder Lervik flytta då skomakarverkstaden inn i den tidlegare skreddarverkstaden i kjellaren.  I tillegg til å drive som skomakar, dreiv Peder Lervik også det vesle småbruket sitt. Men på vinterstid var han på torskefiske. Det blir fortalt at om det vart mykje landligge, så nytta Peder Lervik tida til å reparere sko for dei mange fiskarane frå fjordbygdene på Sunnmøre som oppheldt seg her ute på øyane under torskefisket. Peder Lervik dreiv som skomakar til han var over 80 år. Då selde han skomakarutstyret sitt til Jolly Muren. Muren dreiv først vidare i den gamle verkstaden i Lervik-garden, men flytta seinare skomakarverkstaden inn i kjellaren til ”Kisti Bern”.  Peder Lervik  døydde i 1955, 90 år gamal.

 

Av: Odd Egil Valderhaug