OddEgilValderhaug.no © 2011

Nordstrand Samvirkelag - 1919

 

 

Etablert i 1919

 

Nordstrand Samvirkelag råka av underslag og konkurs

Styret i Nordstrand Samvirkelag i jubileumsåret 1969. Bak frå venstre: Dagfinn Hauge, Kristian Nordstrand, styrar Oluf Hustad og Hermod Skjong. Framme frå venstre Klara Nordstrand, Karsten Blomvik og Julie Thu.

 

Folket på Nordstranda var samla i kjellaren i Knute-garden og formålet med møte var i stifte eit handelslag. Datoen var 18. september og årstalet var 1919.  Nordstrand Samvirkelag vart stifta og heldt det gåande  i nesten 70 år før det vart ramma av ein konkurs i 1988.

 

Vi skal sitere frå protokollen for stiftingsmøtet. Teksten er nesten direkte avskrift, bare skriveforma er litt modernisert. :  ”Aar 1919 den 18. september avholdes av oppsitterne på Sætra, Nordstranda og Oksneset et møte hos Andreas K Sæter for å fatte beslutning om man skulle danne et samvirkelag for kjøp og sal av varer til medlemmene. Vi undertegnede er blitt enige om å danne samvirke handelslag i henhold til lover som ble vedtatt.

Lovene som det her blir vist til har 20 paragrafer og var basert på mønstervedtekter frå Sunnmøre Salgslag som seinare skifta namn til Møre Felleskjøp. Etter vedtektene skulle kivar medlem skyte inn 200 kroner. Resten av startkapitalen skulle lånast og kvar medlem skulle vere solidarisk ansvarlege for inntil 1000 kroner. Medlemmane skulle ha kjøpeplikt på laget for dei varene som butikken førte, og det skulle vere kontant betaling. Men styret fekk fullmakt til å selje på kreditt ved visse høve. Den kvelden vart det teikna 31 medlemmar, men fire av dei trekte seg seinare, slik at medlemsmassen i starten var 27 medlemmar.

Med på stiftingsmøtet var desse med: Andreas P Sæther, Peter K Vadset, Nils H Nordstrand, M H Nordstrand, Jørgen O Sæther, Bernt L Nordstrand, Ole S Sæther, Rasmus O Røssevold, Gustav Harnes, Anton O Flaaen, Andreas K Sæther, Ole L Nordstrand, Ole J Sæther, Karl S Sæther, Nils J Sæther,  Hans S Sæther, Ole O Sæther, Ole Thu, Andreas J Oksnes, Hilmar O Sæter, Ole I Blomvik, S L Sæther, A Velle, Hans P Oksnes, Nils H Sæther, Mikkal Næss, Karl K Nordstrand, Ole H Sæter, Thommas Longva, Ole B Nordstrand, Hans H Oksnes og Peder P Havnø.

 

Som ein kan forstå utifrå lover og reglar, så var det harde bod for å bli medlem i handelslaget. Men når så mange teikna seg, så var nok det eit bevis på eit sterkt ønske om å få eit betre tilbod på ulike varer.  Første styremøte var 26. september 1919 og her vart Karl Sæther vald til formann medan Nils J Sæther var nestformann. Elles kom Hans Oksnes, Martinus Nordstrand og Rasmus Røssevold med i styret.

 

I dette huset ved Nordstrandkaia vart Nordstrand Samvirkelag etablert i 1919.

 

Butikken vart bygd som pliktarbeid
Og etter dette gjekk alt i eit rasande tempo. Berre fire dagar seinare, 30. september, var det sett ned ein byggekomité for eit nytt bygg til butikk og lager. Med i komiteen kom Ole Thu, Petter Vadset, Nils H Nordstrand og Andreas P Sæther. Styret fekk samstundes fullmakt til å søke etter ein handelsstyrar.
På Møte den 27. oktober låg det føre tilbod om kjøp av to ulike tomter. Den eine låg like ved vegen ned til den nye kaia på Nordstranda medan den andre tomta låg lenger nede ved sjøen nord for kaifestet. Og kaia nærast sjøen vart vald av styret.  Styret hadde på førehand gjort avtale med Nordstrand kailag om å få nytte vegen og kaia til å ta imot varer. Arbeide med å bygge huset vart organisert som pliktarbeid og timeløna var ei krone og to kroner for mann og hest. Ole Thu som var bygningskyndig var nytta som fast arbeidsleiar.

 

I dette huset ved Nordstrandkaia vart Nordstrand Samvirkelag etablert i 1919.
Ved kaia ligg M/kr Gjøsund.

 

Første salsdag
Den 11. november 1919 var den alle første styraren tilsett, ein Karl Vatne frå Vatne. Årsløna vart sett til 3500 kroner i året. I tillegg fekk styraren gratis bustad for seg og familien sin. Første salsdag for det nyskipa Nordstrand Samvirkelag var 8. januar 1920, knapt fire månader etter at laget vart skipa.
Omsetninga den første dagen var på 145 kroner. Omsetninga dette første året kom opp i 72 000 kroner og steig med 1 600 kroner året etter. Men i 1922 sank omsetninga til 65 000 kroner, noko som førte til at styraren etter kvart sa opp stillinga si i 1923. Men sjølv om Karl Vatne hadde sagt opp stillinga si som styrar, hadde han framleis tru på framtida for han tilbaud seg å kjøpe selskapet med aktiva og gjeld. Og i tillegg ville han betale ut alt det medlemmane hadde skote inn. Dette utspelet flørte til stor uro i medlemsmassen då nokon ville selje elendigheita medan andre ville halde fram med samvirke. Oppløysing av laget var sett opp på saklista under årsmøte 28. april 1923, og ved avstemming var det 12 for og 12 imot oppløysing og sal. Og med formannen si dobbelstemme vart det til at laget skulle halde fram som før. Det førte til at dei 12 som hadde stemt for sal forlet møtet i protest.

Drifta framover retta seg litt opp og omsetnings stabiliserte seg på rundt 65 000 kroner i året, men driftsresultata var svært varierande. I 1925 vart loftet på butikken innreia som bustad til styraren. På slutten av 1920-åra vart bygget også utvida ein del for å gi meier plass til lager og det vart laga ny inngang til butikken på vestsida. Nordstrand Samvirkelag var ein assortert landhandel der ein i tillegg til kolonialvarer også fekk kjøpt manufaktur, glas, steinty, kjøkkenutstyr, kortevarer, fiskevegn og tauverk. I tillegg leverte butikken også ein del proviant til lokale fiskebåtar.   

 

Underslag   
Ved tiårsjubileet i 1929 hadde laget samla seld for 654 800 kroner sidan starten. Det hadde i same periode vore utbetalt 17 690 i utbytt, noko som tilsvara 640 kroner pr aksje. Og på årsmøtet 1930 var vedtektene som sa at kvar medlem solidarisk stod ansvarleg for inntil 1000 kroner fjerna. No hefta medlemmane berre for innskotet sitt på 200 kroner. Samstundes vart systemet for utbytte på handling innført. Ved årsskifte 1934 – 1935 kom det ein del negative signal frå leverandørar som ikkje fekk oppgjer for varene sine. Og det tok til å gå rykter på bygda om at ikkje alt var som det skulle i samvirkelaget. Styret bestemte derfor at det skulle takast ein kontroll av rekneskap og kassabehaldning. Styret fann då berre eit par kroner i kassa, medan rekneskapen viste at der skulle vere fleire tusen kroner. Rekneskapen vart derfor sendt til Ålesund der ein revisor gjekk kritisk gjennom rekneskapen. Og revisoren fann så mykje grums at styraren vart sagt opp. I samarbeid med Ålesund Kreditorforeining vart det gjort avtale med kreditorane om å få betale ned uteståande gjeld over 18 månader. Takka vere dette unngjekk Nordstrand Samvirkelag å bli slått konkurs. Men for den nye styraren var dette ei svært utfordrande oppgåve å få selskapet på fote igjen.

 

Konkurrentar og nye medlemmar
Fram til 1938 hadde medlemsmassen stort sett vore den same. Men no var det marknaden i ferd med å endre seg og to nye konkurrentar var i ferd med å etablere seg på denne delen av øya. Den eine var Jensine Oksnes som etablerte kolonialbutikk like ved vegen ned til samvirkelaget. Den andre var Harald Fauske som etablerte butikk på Nordstranda. Begge låg i svært kort avstand frå handelslaget. Styret i Nordstrand Samvirkelag bestemte derfor at kvar part i samvirkelaget kunne delast i fire for å få fleire medlemmar. Etter nokre tøffe år hadde laget no kom seg på fote igjen etter underslaget og meinte dei skulle står sterkt i konkurransen med andre nyetablerte butikkar. Og i 1938 var det for første gong på mange år delt ut 5 % utbytte til medlemmane, noko det var dekning for i rekneskapen.    


 

Kalender frå Nordstrand Samvirkelag anno 1963.

 

 

 

Skifte av styrarar

Samvirkelagsstyrar Oluf Hustad på kontoret sitt.

 

I løpet av dei første 20 åra hadde Nordstrand Samvirkelag hatt 6 styrarar. Nokre av dei var der i berre kort tid, medan andre var der over lenger periodar.
Årsaka til at folk slutta kunne vere så mange, men løn var nok ofte eit viktig moment. Mange var lokka til nye jobbar med betre løn og tilbod om andre frynsegodar. Ja ein fekk faktisk lovnad om ekteskap dersom han bytta jobb. Mannen beit på agnet, men historia fortel at det ikkje vart noko av giftarmålet.


Gjennom dei første femti åra hadde Nordstrand Samvirkelag desse styrarane:
Karl Vatne frå Vatne frå 1919 til 1923, Ingvald Wiik frå Haugsbygda frå 1923 til 1924, Nils Nupen frå Ørsta frå 1924 til 1926, Ingvald Wiik frå Haugsbygda frå 1926 til 1931, Jørgen Årsbog frå Vedvang frå 1931 til 1934, Ole J O Kjærstad frå Løvsøy frå 1935 til 1942, John Liavåg frå Hareid frå 1942 til 1946, Martin Bærli frå Valldal frå 1946 til 1947, Hans Våge frå Vågsvåg frå 1947 til 1948, Karsten Nygård frå Larsnes frå 1948 til 1950, Henry Blindheim frå Vigra frå 1950 til 1951, Ingar Rødal frå Elnesvåg frå 1951 til 1954 og Oluf Hustad frå Sørvær i Hasvik frå 1954 til ???)  Edvard Karlsen til konkursen i 1988.
  
Nybygg
Under krigen hadde samvirkelaget dei same problemstillingane som alle andre butikkar, varemangel, rasjonering, hamstring, ekstrakvoter b-såpe og tobbakserstatning. Det var også rykte om kundar som forfordeling av varer utan at det kom noko konkret ut av dette folkesnakket.  Men etter krigen auka omsetninga jamt og trutt og butikken var i ferd med å vekse ut av lokala sine. Og med stadig tettare mellom rutene med båten til Ålesund, så var ikkje butikken på same måte det naturlege tilhaldsstad lenger. Folk tok til å stille spørsmål om plasseringa nede ved sjøen framleis var den rette. Også bustaden til handelsstyraren på loftet av butikken var ikkje lenger standsmessig. I 1948 tok ein til å diskutere om det skulle byggast ny butikk med husvære til styraren. Til årsmøtet i 1949 kom det inn forslag til tre nye tomter for bygging av eit nytt forretningsbygg. Eit kom i frå Ole T Nordstrand tilbaud ei tom like ved der Petter Nordstrand (Velle-Petter) bygde seg hus. Dei to andre tilboda på tomt kom i frå Kristian Nordstrand og Mikkal Næss.  Den siste tomta låg oppe ved Grovenkrysset.  På årsmøtet vart det ein dragkamp mellom tomtene til Ole Nordstrand og Mikkal Næss. Og dette utvikla seg til ein dragkamp mellom folk som budde i nordre og søre del av handelslaget sitt nedslagsfelt.  Ved avstemming røysta 18 for tomta ved Grovenkrysset medan 18 røysta for å utsette saka.

 

Grethe Roald fotografert i kolonialavdelinga i 1969.

 

Planane om ei nybygg vart etter dette lagt på is fram til 1951, då det vart kalla inn til eit ekstraordinært årsmøte. Saka om tomteval kom oppatt på nytt og denne gongen var det tomta til Kristian Nordstrand som var alternativet, det vil seie den tomta samvirkelaget står på i dag. Ved avstemming gjekk 16 inn for dette alternativet medan 4 stemde imot.  Men først i 1954 vart det sett ned ein byggekomité og bestemte at huset skule byggast i murstein.  Men dei to tilboda ein fekk inn var så høge at byggekomiteen bestemte seg for å gå i forhandlingar med Arne Groven som var murar. Han vart engasjert og det vart samstundes vedtatt å bygge huset i betong. Seinare vart det også vedtatt at det skulle byggast eit anlegg for utleige av fryseboksar til familiar. Men planlegging av bygget var svært mangelfull. Ikkje fantes kostnadsoverslag og ikkje var der nokon finansieringsplan. Så sjølv om laget fekk eit banklån på 90 000 kroner så mangla meir enn like mykje, for huset kom på 200 000 kroner. Dette måtte finansierast over drifta, noko som var ein tøff jobb for den nye styraren Oluf Hustad. Ei oppgåve h an løyste med glans takka vere god forståing og lojalitet frå dei mange medlemmane. Nybygget stod ferdig til årsmøtet 24. mars 1956 og møtet var halde i den nye forretninga. Og at mange var nyfikne viser protokollen der det står at 52 medlemmar møtte opp på dette årsmøtet.  I tillegg var det ein del spesielt inviterte til stades. Og det topp moderne forretningsbygget med ei salsflate på 48 kvadratmeter, førte til at forretninga fekk ein kraftig auke i omsetninga for 1956 på over 40 %, frå 350 000 til 550 000 kroner.  Gamlebutikken nede ved sjøen var frå no av nytta til lager for gjødsel og kraftfór. 

 

Solveig Karin Næsje fotografert i glas og steintøyavdelinga. I bakgrunn manufakturavdelinga.

 

Trong enda meir plass.

Inger Marie Roaldsnes i kassa i 1969.

 

Den nye flotte butikken viste seg snart å bli for liten. Spesielt vart det trongt når folk skulle gjere helgehandelen på fredag og laurdag. Det vart derfor bestemt å utvide butikken med eit tilbygg mot nord. I 1965 fekk laget byggeløyve og starta graving av tomta. Men først på årsmøtet i 1966 vart byggeplanane godkjende og bygging kunne settast i gong. Hovudentreprenør var Bjerknes og Sæther og det 220 kvadratmeter store tilbygget bygget stod ferdig til julehandelen 1966. Prisen vart 196 000 kroner og i tillegg kom investering i nytt inventar som  fruktdiskar, kjølerom og reolar opp i 93 000 kroner. Altså ei total investering på nesten 290 000 kroner.   Etter at samvirkelaget fekk dette sårt tiltrengde arealet vart det satsa på sjølvbetjening. Vareutvalet vart utvida og varene kom mykje betre fram. Og utvidinga førte også til auka omsetning og i 1967 passerte omsetninga for første gong ein million kroner. Ved 50 års jubileet i 1969 hadde Nordstrand Samvirkelag ei omsetning på 1,4 millionar kroner. Og ved jubileet var Oluf Hustad styrar. Solveig Karin Næsje, Inger Marie Roaldsnes, Grete Roald og Andreas Hellevik jobba i butikken. I tillegg var Valborg Oksnes og Unni Austad tilsette som ekstrahjelper.   

 

Nordstrand Samvirkelag fotografert i 1987.

 

Konkurs
Etter nesten 70 års drift måtte styret i Nordstrand Samvirkelag gå den tinge vegen til Sunnmøre Skifterett og be om at selskapet vart tatt under konkurshandsaming. Dette var fredag 14. oktober 1988. Sjølv om det har vore mange oppturar og nedturar gjennom lagets lange historie, så vart kneika denne gong for bratt. Vigra Samvirkelag har sagt seg villeg til å kjøpe varelageret 225 000 kroner, men hadde på tidspunktet for konkursen ingen planar om å halde fram med butikken på Nordstrand. I konkursåret hadde samvirkelaget ei omsetning på 3,6 millionar kroner, men underskotet kom opp i heile 466 000 kroner. Dette gjekk inn i rekka av mange år med underskot, i alle fall i frå 1983 då rekneskapen viste ei underskott på 154 000 kroner.

Bygningen til samvirkelaget vart seld til oppdrettselskapet Hauge og Furnes for 820 000 kroner. I tillegg kjøpte same firma innreiinga for 100 000 kroner.

I november 1988 ombestemte styret i Vigra Samvirkelag seg og ville likevel halde fram med å drive butikken på Nordstranda som ein filial av butikken på Vigra. Dei inngjekk ein leigeavtale med den nye eigaren, Hauge & Furnes as. Vigra samvirkelag under leiing av styrar Ødegård, sette i gong med store endringar i butikken. Det som før var ferskvareavdeling skulle no bli fiskeavdeling drevet av Hauge & Furnes. I tillegg kom det ei blomsteravdeling og ein liten kafé der Ideboden tidlegare hadde haldt til. Det nye samvirkelaget opna i månadsskifte november/desember 1988.

 

Av: Odd Egil Valderhaug