OddEgilValderhaug.no © 2011

Knut L Valderhaug - slipp og mekanisk verksted - 1922

Etablert i 1922

Bedrifta som berre bli kalla ”smia” i daglegtale, vart starta av Knut L Valderhaug (Mons-Knut) i 1922.  Bedrifta hadde telefonnummer 35 b.

Knut hadde også før dette drevet med smedarbeid, sliping og monteringa av motorar.

Tidleg på 1950-talet, overlet Knut L Valderhaug verkstaden til sønene Laurits og Erling Valderhaug.

På 1950 talet vart det produsert snurrevadrullar, trålvinsjar og det vart utført autogen- og elektrisk sveising. Firmaet laga også stålamper, lysekroner og lampettar i smijern.

Men det var som slipp og reparasjonsverkstad for båtar bedrifta skulle bli viktig. Heilt fram til våre dagar er det blitt satt båtar i land i smia.

Knut L Valderhaug etablerte smia i 1922

Dette bilete av smia er truleg tatt like før krigen, då berre det eldste huset i smia var bygd. Seinare kom det eit nytt bygg i mur, til høgre for gamlehuset. Som ein kan sjå var det heller ikkje bygd kai på dette tidspunktet.

Smia fotografert på 1990-talet

Smedsnekka fotografert på 1990-talet

3 siste bilda er fra 1990-tallet.

Av: Odd Egil Valderhaug