OddEgilValderhaug.no © 2011

Knut E Valderhaug - krigshelt handelsmann og skyssbåteigar

 

 

 

Etablert i 1925

 

Knut E Valderhaug - krigshelt  handelsmann og skyssbåteigar

I kjellaren på dette huset starta Knut E Valderhaug butikk i 1925. I dag bur Lars Vang Valderhaug og kona i huset.

 

Den 5. november 1925 søkte Knut E Valderhaugt om lån i Valderø og omegns Privatbank på to tusen kroner. Lånet skulle nyttast til innkjøp av varer til hans nye butikk. Og faren, Elias K Valderhaug sa seg villeg til å stille som kausjonist. Og Knut fekk lånet, og alt 1. desember 1925 var butikken i gong.

 

Landhandelen låg i kjellaretasjen i det huset Lars Vang Valderhaug i dag bur i. Butikken selde kolonialvarer, mjøl, fetevarer og skipsproviant. Butikken hadde telefonnummer 9 C. Knut E Valderhaug hadde også eit koloniallageret i eit tilbygg til Johansbuda. Då buda blåste ned i ein storm rundt 1950, vart også lagert skadd. Varene måtte då flyttast til huset er Einar Ytterland i dag bur. Ved hjelp av ein gjeng gutungar fekk Knut E Valderhaug flytta varene sine opp til nabohuset. Ein som var med på flyttinga har fortalt spøkefull at musene fylde med på flyttinga. Knut E Valderhaug var også skipsekspeditør og tok imot varene frå rutebåtane som gjekk opp under Johanskaia. 

 

 

 

Av dei som arbeidde i butikken kan vi nemne Oddny Valderhaug (Pe- Oddny), Kitty Klokk Uggedal og dottera til eigaren, Liv Valderhaug, gift Godø. Butikken var lagt ned i januar 1957.

 

Skyssbåten ”Allverdensfjord”

Båten til Knut E Valderhaug, ”Alverdensfjord” tatt ein gong på midten av 1930-talet. Om bord står Knut E Valderhaug og sonen Elias.

 

I tillegg til å drive landhandel dreiv Knut E Valderhaug også skysstrafikk med eigen båt. Båten ”Allverdensfjord” var ein 20 fots trebåt som var bygd i Volda i 1923. Den hadde ein Sleipnermotor på 4 hestekrefter frå 1919. I tillegg til å bruke den som skyssbåt vart den også brukt til fiske i nære farvatn.
Knut E Valderhaug brukte også båten til å hente kolonialvarer frå Ålesund, og då var det sjølvsagt også plass for å ta med folk, både til og frå byen. Han frakta også  lege og jordmor mellom øyane, og han frakta handelsreisande langt oppover mot Nordøyane. Og vi skal heller ikkje gløyme presteskyssen til og frå Hamsund og Giske. Når lensmannen skulle ut på oppdrag til nordøyane kunne turen vare i fleire dagar. Under krigen fekk han mange oppdrag for tyskarane, og som den motstandsmannen han var, fekk han utnytta desse turane til å skaffe viktig informasjon om tyskarane sine planar og oppdrag. Når tyskarane var på oppdrag på Valderøy, tilbaud han dei overnatting i Johansgarden, noko som fekk mange til å tru at han var nazist. Men for motstandsmannen Knut E Valderhaug var dette eit nøye planlagt dobbeltspel over for tyskarane. Ingen kunne mistenke denne mannen for å kjempe mot det tyske naziregime. Heilt til bobla sprakk i april 1945. Knut E Valderhaug vart arrestert og torturert, men han vart berga av freden. Skyssbåten ”Allverdensfjord” var begynt å bli gamal og skral, og Knut såg seg nøydd til å ta den ut av trafikk for godt. Han kjøpte derfor ein ny båt av tyskarane og den fekk namnet ”Eko”. Denne brukte han til han tok til å jobbe i Sunnmøre Båttrygdelag Gjensidige.

 

Denne båten kjøpte Knut E Valderhaug av tyskarane og døypte den for ”Eko”
Hjørdis Valderhaug har originalen.


Motstandsmannen som folk trudde var nazist
Dei første reelle krigshandlingane på Valderøya utspann seg 13. april 1940. Seks engelske krigsskip med kurs nordover braka saman med 8 tyske fly og det vart intens skyting på Valderhaugfjorden. Eit drama som valderøyingane ville sjå, og sprang til fjells utan tanke på den farane dei utsette seg for. Etter dette første angrepet kom frykta for at tyskarane skulle sette ned fallskjermtroppar på nattetid. Det vart derfor organisert frivillige til å gå vakt om natta, og leiar for denne aktiviteten var Knut E Valderhaug. Dermed var Knut E Valderhaug med i den norske motstanden berre ei veke etter den tyske invasjonen. Då Vigra Kringkastar skulle forsvarast, var Knut E Valderhaug med i troppa på 12 valderøyingar som forsvarte kringkastaren saman med vigringane.
Knut E Valderhaug dreiv på den tida både ein landhandel og ein skyssbåt. Når tyskarane hadde bruk for skyss, kontakta dei Knut, og på den måten fekk han god kontakt med okkupasjonsmakta. Lite viste dei tyske offiserane at Knut E Valderhaug var ein viktig medhjelpar for alle dei som flykta over til England. Og ikkje visste dei at han var kontaktperson for militærorganisasjonen ”Anthrum” og medlem i etterretningsorganisasjonen ”Haga”.

 

Trollkjelen som skjulestad
Knut E Valderhaug var med i same organisasjon som Sverre og Johan O Roald. Så då Sverre Roald vart arrestert mot slutten av krigen, måtte broren Johan, gøyme seg for tyskarane. Det var då naturleg for Johan å oppsøke Knut E Valderhaug for å få be om hjelp til eit falskt pass og til å finne ein sikker gøymestad. Trollkjelen bak valderøyfjellet vart løysinga, og Johan bad om ein presenning til å ha over seg.   I ettertid fortel Liv Godø, dotter til Knut E Valderhaug, om ei oppleving ho hadde som lita jente under krigen. Ho hadde lagt seg, men vart vekt av aktivitet i stova. Døra til kammerset der ho låg stod på gløtt, og i lystripa kunne ho skimte mora og faren. Dei held på med noko som ho ikkje skjøna den gong, og som ho ikkje fekk forklaringa på før lenge etter krigen. Faren held eit pledd på brystkassa medan mora surra eit tau utanpå pleddet og rundt kroppen til faren. Han vart så omfangsrik etter kvart at han ikkje fekk på seg kappa si. Han lånte derfor kappa til faren som var ein mykje større mann. Med den store kappa, og med pledd og tau rundt brystkassa, forsvann han ut i nattemørket. Først etter krigen fekk Liv forklaringa på det merkelege som skjedde i stova i Johansgarden. Knut E Valderhaug skulle ut til Trollkjelen med pledd og tau til Johan O Roald som låg i dekning der i to døgn før han rømde over til Godøya for å søke tilflukt i ei ny hole. På Godøya låg han i 8 døgn før han rodde inn fjorden til Sykkylven, der han hadde slektningar.
Knut E Valderhaug dreiv eit dobbelspel med motstandsarbeid på den eine sida medan han pleia god kontakt med tyskarane. Mellom anna tilbydde Knut tyskarane husrom i heimen sin i Johansgarden når dei var på patrulje på Valderøya. Ikkje så rart at mange valderøyingar trudde han var nazist.

 

Bak dei småruta glasa dreiv Knut E Valderhaug butikk i dette huset. På bilete ser vi OddnyValderhaug (Pe-Oddny) som arbeidde i butikken. Den vesle guten er Lars Vang Valderhaug. Bilete er tatt i 1941.

 

Sjukehus på Losjen
I papira etter Knut E Valderhaug finn eit brev som kan tyde på at Losje-huset vart brukt som
sjukehus i starten på krigen. Vi gjengir her brevet ordrett: 
”Etter kapitualasjonen kom 3 engelske soldater og en nordmann, sendt til meg fra politiet i   Ålesund, til beskyttelse og videreforsendelse. Disse ble her mottatt og oppvartet med vår beste mat. Videre ble de anbragt i Losje-lokalet, som for anledningen var ominredet til sykehus med sykesenger og sykebårer. Vår daværende sykesøster, Olivia Skjong, ble tilkalt og foretok det fornødne med mat, bad og pleie for de trette og slitte soldater, som hadde vasset i snø og kulde i hårde strabaser mot vest fra Dombås-traktene”.  Det kjem fram at dei tre engelskmennene vart transportert vidare til Ørsta og deretter med bil til Måløy og på den måten kom seg ut av landet.

 

Arrestert og torturer
Mot slutten av krigen vart Knut E Valderhaug avslørt og arrestert av tyskarane.
Han vart henta heime i stova av ei gruppe tyske soldatar. Naboane såg at soldatane slo og banka han medan dei gjekk langs vegen frå Johansgarden til kai.  Under tortur og brutale avhøyr i Ålesund vart han skulda for medverknad til transport av ungdomar til England og for sabotasje mot etterforskinga i samband med at giskebåten M/S ”Freya” M-32-G, forsvann.
Heldigvis for Knut kom freden før tyskarane var ferdige med forhøyra. Med dei alvorlege skuldingane mot seg hadde han no vorte avretta. Så ein kan  trygt seie at Knut var redda av freden i mai 1945.


Etter arrestasjonen skreiv Knut E Valderhaug ned i detalj det han opplevde under dei tyske forhøyra. Litt redigert skriv han slik: 
- under det andre forhøyret fekk eg juling. Avstraffinga foregjekk med slag frå kne til skulder med gummikøller med wireinnlegg til eg segna om på golvet. Spark mot lår og muskler og slag mot ryggraden. Boksing mot hjertet til eg segna. Silke- og linsjalet som eg hadde på meg, vart strypt hardere og hardere rundt halsen min  medan dei ropte – innrøm, innrøm, heilt til eg segna om.

 

Johansgarden var ein staseleg herregard og her budde  Knut E Valderhaug. Her tilbaud han tyskarane å overnatte når dei var på snartur ut på Valderøya.

 

 

 

Av: Odd Egil Valderhaug