OddEgilValderhaug.no © 2011

Reiarlaget frå Valderøya som hadde fire rutebåter - 1928

 

 

 

 

I 1948 fekk reiarlaget sin aller første nybygde båt, Nordsol. Den var på 80 fot og kunne ta med heile 143 passasjerar.

 

Ruslar du på Aker brygge i Oslo, så kan du kanskje få auge på den flotte turistbåten Nordsol som har sin faste liggeplass ved kaia. Ikkje så mange veit at denne staslege båten ein gong tilhøyrde reiarlaget Nordsol på Valderøya og trafikkerte mellom anna på Ellingsøya.  Reiarlaget eigde fire rutebåtar som gjekk i rute på Sunnmøre og var eigd av brørne familien Gidske på Valderøya

 

Reiarlaget vart stifta i 1928 då tre menn frå Langevågen kjøpte rutebåten Nordsol frå ein Tallerås på Smøla. Båten vart sett inn i rute på Ellingsøya der den erstatta det gamle rutedampskipet ”Ternen”.  Nordsol vart bygd hos Eik båtbyggeri i Risør i 1917 og var 65 fot lang og hadde ei 36 hk Finnøy maskin då den kom til Sunnmøre. I 1931 kjøpte Lars Gidske seg inn i reiarlaget som då fekk adresse Valderøy. Han eigde då ein tredjepart av reiarlaget. Etter kvart kom faren og to andre brør også med i reiarlaget, Lars, Reidar og Einar Gidske. Faren deira, Peder Gidske, var i mange år disponent i reiarlaget. Ei stillinga han hadde fram til han døydde i 1971, då tok dottera Hildur Gidske over jobben som disponent. I januar 1948 vart Norsol  sendt til Salthammer båtbyggeri på Vestnes for å bli forlenga med 15 fot.  Maskina vart samstundes skifta ut med ein Haahjem motor på 84 hestekrefter.

 

Dette er den  aller første Nordsol som vart kjøpt inn i 1928 av tre karar frå Langevågen. I 1931 kjøpte familien Gidske seg inn og overtok etter kvart heile reiarlaget. Dette bilete er tatt på Stranda under ein ungdomstur i 1937 og  det var heile 284 passasjerar om bord.

 

Under krigen gjekk Nordsol i rute så lenge det var drivstoff å få tak i , men til slutt måtte båten leggast i opplag. Men straks krigen var slutt kom Nordsol i rute igjen. Nordsol var seld først til Linge, men vart seld vidare til Folkestad.

 

Gamle Nordsol ved kai i 1941.

 

 Nordsol 1

I 1937 kjøpte reiarlaget enda ein båt som fekk namnet Nordsol 1. Den var på 35 fot og hadde plass til 42 passasjerar. Den vart kjøpt brukt frå eit reiarlag frå Rognan i Nordland. Og sjølv om båten var liten hadde den ein svært eksklusiv innreiing i salongen med mellom anna ekte skinnputer på benkane. Den vart først sett inn i skuleskyss i Valldalen. Men seinare gjekk den i rute mellom Ellingsøya og byen heilt til der den vart erstatta av ferje i 1964.  Nordsol 1 vart også i lange periodar leigd inn av MRF som reservebåt.

 

Nordsol 1 som vart kjøpt frå Rognan i Nordland i 1937. Båten var liten men hadde ein svært eksklusiv innreia salong. Frå venstre på baugen ser vi Kåre Mulelid, Lars Gidske, Hildur Gidske, Oddveig Mulelid og Reidar Gidske.

 

 

 

 

 

 

Progress III

I 1939 kjøpte reiarlaget enda ein båt, denne gong frå Bergen. Den fekk namnet Progress III. Og på same tid kom Reidar Gidske med i reiarlaget. M/K Progress III vart bygd i Rosendal i 1913 og lengda var på 60 fot og breidda var berre 13 fot. Då båten var ny gjekk den på Hardangerfjorden og kunne ta med 75 passasjerar. Med redusert bemanning til 2 mann, vart passasjertalet redusert til 58 passasjerar. Progress III vart ombygd i 1935 og den vart seld til Bergen i 1961.

 

Rutebåten Progress III som vart kjøpt frå Bergen til Sunnmøre 1939. Den var bygd i Rosendal i 1913 og hadde ei lengd på 60 fot.

 

Nye Nordsol 

I 1948 fekk reiarlaget sin aller første nybygde båt. Og vist nok skulle dette vere den aller første nybygde passasjerbåten i heile fylket. Den nye Nordsol vart bygd hos Salthammer båtbyggeri på Vestnes og var levert like før jul 1948. Det var ein trebåt på 80 fot og hadde plass til 143 passasjerar. Maskina var ei 150 hk Finnøy. Nordsol var mykje nytta av MRF som avløysarbåt og gjekk i ei ang periode i ruta mellom Syvde og Ålesund.  Fram til 1975 var Norsol også i ein lenger periode leigd inn av Rekord og Vigra Rutelagt som sette den inn i rute på Hamnsundet og i tillegg vart den brukt til skuleskyss.  

 

Reidar Gidske var både reiar og skipper på familien sine passasjerbåtar gjennom mange tiår.

 

 

Nordsol med fleire kjenningar på bruvingen og i styrehuset.

 

I 1960 var den gamle maskina skifta ut med ei 3 sylinders maskin frå Finnøy på 225 hestekrefter.   M/K Norsol vart seld til Arne Walvik og Anni Hansen i 1976. Dei forsøkte i fire år å skape eg eit levebrød ved å leige den ut som turbåt i skjergarden utanfor Sandefjord. Men dei lukkast ikkje og selde båten til Oslo i 1980, der den framleis blir brukt som turbåt i Oslofjorden. Og mange av oss har nok sett gode gamle Nordsol ligge ved kai ved Aker brygge i Oslo. Sjå også bilete øverst på sida.

 

Skipper Reidar Gidske i styrehuset på Nordsol

 

Av: Odd Egil Valderhaug