OddEgilValderhaug.no © 2011

Slaktarar og pølsemakarar i Gjertgarden - 1934

 

 

Etablert 1934

 

Huset i Gjertgarden der slaktarbutikken held til i første høgda. Butikken var til høgre for inngangsdøra, medan verkstaden og pølsemakeriet var bak det store vindauget til venstre for inngangsdøra.

 

I 1934 starta Hulda Hoel slaktarbutikk i Gjertgarden på Nordstranda.  Heile første høgda i Gjertgarden vart brukt til slaktarverksemda, det eine rommet var til produksjon, medan det andre rommet vart nytta til butikk. Hulda Hoel var dotter av slaktar Hoel i Ålesund som hadde slaktarbutikk ved utstillingsplassen. Om dette var eiga verksemd eller om det var ein filial av butikken i byen, er det ingen som kan seie noko sikkert om. Men ho dreiv berre vel eit år, før ho flytta til byen igjen og opna fruktbutikk Borgundvegen ved det gamle sjukehuset. Butikken fekk nemnet Cuba frukt og tobakk. Eit namn som skulle assosierast med Cuba som produsent av verdas beste sigarar. Og sigarar var ein viktig del av vareutvalet den gong. Hulda Hoel gifta seg Pedersen på slutten av 1930-talet. Og på 1960-talet opna ho og ektemannen Cuba kolonial på Fjelltun. Hulda er mor til Anders Pedersen, mannen bak suksessbedrifta Fjordlaks as.

 

Hans Søvik
Då Hulda Hoel flytta til Ålesund i 1935, selde ho butikken til Hans Søvik, nok ein slaktar frå Ålesund.  I tillegg til å vere utdanna pølsemakar, var han også ein dyktig fotballspelar og spelte på det nystifta Valderøy Fotballag. Han dreiv butikken til 1941, då han flytta til Stranda og begynte som slaktar ved Ringstad Pølsefabrikk.

 

Sjølv om opphaldet på Stranda berre skulle ha kort ei varigheit, så vart han og familien buande der resten av livet. Han døydde i 2002, 84 år gamal. Hans Søvik er far til den kjende journalisten og seinare redaktøren i lokalavisa ”Sunnmøringen” på Stranda, Helge Søvik. Helge vart fødd på Valderøya i 1939.

 

Etter kort tid selde Hulda Hoel butikken til Hans Søvik frå Ålesund. Har var ein habil fotballspelar og var med på å starte Valderøy Fotballag i 1936.

 

 

 

 

 

 

Etter at Hans Søvik flytta til Stranda i 1940 eller 1941, var det stillstand ei tid før Edvard Hovden overtok butikken på slutten av 1942. Han var utdanna både slaktar og pølsemakar, men han dreiv butikken berre vel eit halvt år. I tillegg til å drive slaktarbutikken var Hovden også bygdeslaktar, som slakta rundt omkring på gardane på Valderøya. Etter at han slutta med butikken, tok han seg jobb i Ålesund hos eit firma som kjøpte og selde skinn og huder.

 

Søvik dreiv butikken i Gjert fram til 1941, då overtok Edvart Hovden. Men han slutta etter kort tid då han fekk seg jobb i Ålesund.

 

 

 

 

 

 

 

 

Ivar og Berta Viddal

Ole Viddal og kona Berta tok over drifta av butikken på Valderøya i 1942. Berta Viddal dreiv slaktarbutikken i Gjertgarden saman med mannen sin Ole. Ho var også anleggskokke og reiste mykje rundt omkring og koka på større anlegg.

 

Etter Hovden var det Ivar og Berta Viddal som tok over slaktarbutikken, det måtte vere våren 1943.  Han kom i frå Viddal i Hjørundfjorden og starta slaktarbutikk og verkstad i ”Midtikjellaren” på Roald alt i 1927. Han leigde også øvre del av ”Aglasnaustet” der han dreiv med slakting. I 1937 gjekk svigersonen Wilhelm Roald inn i bedrifta. Då Ivar og Berta tok over butikken på Valderøya, flytta dei dit og budde på Nordstranda i det som vart kalla ”Jensinahuset” etter Jensine Oksnes som dreiv butikk i huset. Berta var også anleggskokke og var mykje borte på større anlegg. Då Ivar og Berta flytta til Valderøya, tok Wilhelm og Varda over butikken på Vigra.

 

Wilhelm og Varda Roald
Wilhelm og Varda tok over drifta av firmaet på Vigra og bygde seg nytt stort bustadhus på Roald i 1949 og her opna dei ny slaktarbutikk i første etasje i januar 1950.  Dei held fram med butikken på Valderøya og dreiv den som ein filial. Drifta av butikken på Valderøya gjekk så bra at Wilhelm Roald hadde konkrete planar om å bygge ein ny slaktarbutikk ved ”Midtikaia” på Nordstranda. Her var det anløp av rutebåten og mykje folk ferdast kvar einaste dag. Han kjøpte tomt med Ole T Nordstrand i ”Remegarden” og han grov ut tomta og gjorde klar til bygging av nytt forretningsbygg. Men under ei bryllaupsfeiring i Hjørundfjorden  i april 1951 døydde Wilhelm Roald brått og uventa.

 

 

Tidleg på 1950-talet tok Wilhelm og Varda Roald over drifta på Roald og filialen på Valderøya.

 

Det vart derfor ikkje noko av planane for ein ny og moderne slaktarbutikk ved ”Midtikaia” Men kona,  Varda held fram med butikken i Gjert i enda mange år.  Tidleg på 1960-talet vart Hildur Valderhaug og Bergitte Nordstrand tilsett som drivarar av butikken. 

 

Webjørn og Kari Roald

I 1965 var det eit generasjonsskifta i familien Roald og Webjørn og Kari Roald tok over både forretninga på Vigra og filialen på Valderøya.  Dei siste åra var butikken i Gjertgarden open berre på fredagar og laurdagar. Men i 1972 var det slutt, både for Hildur og Birgitte og for butikken i Gjertgarden. Då stengde den for godt etter 38 års drift.  I huset i Gjert kan ein framleis sjå spor av slaktarbutikken. Mellom anna er dei store butikkvindauga der framleis. Kjøtkrokane som gjekk langs veggane i butikken er tatt vare på av Valderøy Museum og vil etter kvart bli presentert for publikum.

 

 

 

Av: Odd Egil Valderhaug