OddEgilValderhaug.no © 2011

Brørne Vågen etablerte Valderøy Møbelfabrikk - 1937

 

 

Etablert 1937

 

Her i dette huset på Mulelid etablerte brørne Fredrik og Olav Vågen  Valderøy Møbelfabrikk i 1937. Ein kan så vidt lese firmanamnet på den kvite stripa på veggen.  I dette huset vart det seinare både trygdekontor, likningskontor og lager for Giske kommunale kraftverk. Ja her har også vore kafé i huset.

 

Valderøy Møbelfabrikk vart starta på Mulelid i 1937 av Fredrik og Olav Vågen. Fabrikken hadde dei første åra lokale i det såkalla røykeriet eller brenneriet på Mulelidkaia. Fabrikken hadde telefonnummer 14. Sjølv om Fredrik Vågen hadde snikkarutdanning leigde han inn ein fagmann frå Borgund som leia arbeidet i fabrikken på Mulelid. Også Magnar O Valderhaug jobba i fabrikken då han var i konfirmasjonsalderen.  Fabrikken produserte mellom anna ”spisestue-møblar”.

 

I 1940 flytta Valderøy Møbelfabrikk inn i dette nybygget ved kyrkjegarden på Valderøya. Dette bilete er tatt ein gong på 1990-talet, like før fabrikken vart reven.

 

I 1940 vart det bygd ny fabrikk i to etasjar på Olagarden, rett ovanfor kyrkjegarden på Valderøy. Bygningen hadde ei grunnflate på 150 kvadratmeter.  I samband med opninga av den nye fabrikken vart det investert i nytt førsteklasses anlegg for sprøytemåling. No kunne fabrikken tilby både handmåla og sprøytemåla møblar. I tillegg leverte fabrikken bona eikemøblar. Fabrikken hadde også moderne maskiner som kombinert snikkermaskin, bandsag, bandpussemaskin i tillegg til anlegg for sprøytemåling.  Fabrikkbygningen vart seinare nytta til skule og kurs. Mellom anna vart det arrangert eit gitarkurs i fabrikken. Før bygningen vart reve på 1990-talet, hadde den også vore brukt som hønehus.

På gjerdet sitter Stian Valderhaug og i bakgrunnen ser vi bygget der Valderøy Møbelfabrikk held til. Seinare vart det brukt til mellom anna hønsehus. På tomta i forgrunnen er PPT-kontoret i ferd med i reise seg. 

 

Ei framhaldsskuleklasse fotografert utanfor møbelfabrikken til Wågen i 1957.
Bak frå venstre; Laurits J Valderhaug, Ottar Thu, Noris Sæter, Lilli Farstad, Berit Uggedal, Reidun Uggedal, Magny Blomvik, Palma Haram, Per Lervik, Arne K Nordstrand og Oss Sæther.
Framme frå venstre: Ingunn Storseth, Eva Nordstrand, Marry Hovden, Sigrid Gjøsund, Unni Walderhaug og Signe Wågen. Læraren er John Kjartan Gjerding frå Stranda.

 

Av: Odd Egil Valderhaug