OddEgilValderhaug.no © 2011

Lervik møbelfabrikk - 1928

 

 

Etablert i 1938


Lervik Møbelfabrikk produserte soverommøblar og kjøkeninnreiing

 

Bygget der Lervik Møbelfabrikk held til ligg framleis rett over vegen for Statoilstasjonen. I dag huser den arkitektkontoret til Torstein Lervik, sonen til møbelfabrikanten.

 

19 år gamal, i 1935 gjekk Peder Lervik på snekkarskule og etter utdanning, dreiv han i nokre år som bygningsmann. Sommaren 1938 bygde han møbelfabrikken som kom i drift i august same året. Fabrikken har ei grunnflate på 60 kvadratmeter i to høgder i tillegg til tørkeloft. Peder Lervik var då berre 22 år gamal. Samstundes kjøpte han seg ei topp moderne kombinert maskin som kunne utføre nesten alle operasjonar innan snikkarfaget. Lervik Møbelfabrikk hadde telefonnummer 27 a. Fabrikken hadde arbeidsplass for 10 arbeidarar men for det meste arbeidde det 3 til 4 mann i fabrikken. Lervik produserte for det meste  møblar for soverom, spisestovemøblar, kjøkeninnreiingar og ulike typar småmøblar.  Fabrikken låg like ved Johanskaia som hadde 5 daglege avgangar til Ålesund. Noko som vart sett på som ein fordel med omsyn til leveransar til byen og distriktet.  Fabrikken vart drevet til midten av 1950-talet. Då vart fabrikken brukt som sløydsal inntil den nye skulen på Valderøy vart tatt i bruk i 1959. Og den nye skulen fekk topp moderne sløydsal. Lervik Møbelfabrikk fekk også oppdraget med å lage reolar til den nye skulen. Den siste som hadde litt aktivitet i fabrikken var Harald Molnes som dreia lamper her først på av 80 talet. Det gamle fabrikklokalet står framleis og er no innreia som arkitektkontor for Torstein Lervik, son til møbelprodusenten.


Av: Odd Egil Valderhaug