OddEgilValderhaug.no © 2011

Valderøy Krabbefabrikk - 1940

 

 

 

 

Etablert i 1940

 

Valderøy Krabbefabrikk eksporterte alt dei produserte.

 


Det er ikkje så mange som veit at det ein gong har vore ein krabbefabrikk på Nordstranda. Men når dagleg leiar, Karl Folkestad fortel om denne lite kjende delen av vår næringslivshistorie. Under krigen sysselsette Valderøy Krabbefabrikk 15 til 20 kvinner som reinska krabbe for hand under kyndig leiing av formann Karl Folkestad.

 

Karl Folkestad er litt usikker på årstalet fabrikken vart starta, men trur det måtte vere i 1940. For han hugsa godt at dei fekk problem med å skaffe blikk til hermetikkboksane på grunn av krigen. Og han meiner fabrikken berre var i drift tre til fire år. Eigar av fabrikken var ein Pedersen som hadde vore sjef for ein større hermetikkfabrikk i Stavanger. Fabrikken Pedersen var sjef for var på eit tidspunkt større en Bjellands Hermetikk, fortel Karl Folkestad.  Men det vart nok satsa litt for stort og fabrikken i Stavanger gjekk konkurs. Det var då Pedersen  etablerte Valderøy Krabbefabrikk i Myrebuda på Nordstranda.

 

18. september 2010 fylde Karl Folkestad 90 år. Dette bilete er tatt nokre få dagar før den store dagen.

 

 

Med seg som investor hadde han ein doktor Alvik frå Ålesund. Men det var sjeldan at eigaren besøkte fabrikken på Valderøya, fortel Karl Folkestad. Karl er litt usikker på kvar Pedersen kom i frå, men han trur han var nordlending, i alle fall eigde han Søgenes gard ved Brønnøysund. Myrebuda der fabrikken vart etablert, var eigd av Andreas Sæther, kanskje betre kjend som ”MyreAllen”. Han hadde kjøpt fiskebåten ”Signal” saman med Nils M Grytten frå Grytestranda i 1940, og hadde meir enn nok med fiskeria. Derfor leigde han vekk buda si til krabbefabrikken. Krabbefiskarar frå heile Sunnmøre leverte krabbe til fabrikken på Nordstranda og 15 til 20 kvinnfolk stod på det meste å reinska krabben for hand. 

 

Etter at krabben var kokt og reinska, vart den lagt ned i små hermetikkboksar og hermetisert. – Vi hadde to kvalitetar, Naturell og Krabbestuing. Naturell, det var reint krabbekjøtt, medan Krabbestuing var ei blanding ut av krabbekjøtt, innhald i frå krabbebur og fisk. Dette var ei nydeleg frukostblanding, minnes Karl Folkestad. Alt som vart produsert ved Valderøy krabbefabrikk på Nordstranda vart eksportert til utlandet.

Fabrikken held det gåande til like etter krigen.

 

Valderøy Krabbefabrikk heldt til her i Myrebuda på Nordstranda. Sjøbuda forsvann i ein storm på 1980-talet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klippfisk og fiskebutikk
Samstundes med at Karl Folkestad var styrar for Valderøy Krabbefabrikk, produserte han klippfisk for firma Rasmussen & Vik i Ålesund. I toppåret tørka Karl og mora 37 000 klippfisk.

 

Kvar einaste dag måtte fisken leggest ut til tørk i fjøra og samlast inn att kvar kveld og leggast i stablar.  Tørkinga føregjekk ved Lykknaustet på Valderhaugstranda. Etter krigen flytta Karl Folkestad til Oslo der han dreiv ein fiskebutikk. Her møtte han jenta som han seinare vart gift med.

Karl og Gerda gifta seg i Grønland Domkirke eit par år etter krigen.


 

I tillegg til å styre Valderøy Krabbefabrikk tørka også Karl Folkestad mykje klippfisk. Her ser vi kona Gerda med to stor klippfisker i fjøra ved Lykkenaustet på Valderhaugstrand.

 

 

 

 

Av: Odd Egil Valderhaug