OddEgilValderhaug.no © 2011

Skjong Landhandel - 1941

 

 

 

Etablert i 1941


Skjong Landhandel

Karnhaugen fotografert truleg tidleg på 1930-talet og her kan vi skimte butikken ligge oppe på haugen. Det vesle huset i framkant er butikken.

 

Skjong landhandel er ei vidareføring av Olai Mulelid sin filial han opna på Karnhaugen på 1920-talet. Men 1. juli 1941 overtok familien Skjong butikken og oppretta eit aksjeselskap med desse aksjonærane: Johan N Skjong, Hans N Skjong og Laura N Skjong.

 

Ein liten pjokk på plenen framfor butikken ved Karnhaugen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Forretninga selde mjøl- og kolonialvarer, feitevarer og skipsproviant. Nils Honningsvåg vart tilsett som styrar for butikken, og han fortel korleis han fekk jobben. Han var tilsett på Karnkarane si sjøbud og gjekk saman med ”Karn-Johan” opp bakken frå buda etter jobb ein dag. Då spør Johan om han kunne tenke seg å bli styrar for butikken, noko han svara ja til. Seinare kjøpte Nils Honningsvåg butikken og dreiv den for eiga rekning.

 

Bak den gamle flotte bilen ser vi deler av det store forretningsbygget Nils Honningsvåg bygde ved Skjonghaugen.

 

I 1952 flytta han butikken inn i kjellaretasjen til Jon og Lilly Skjong som hadde bygd seg nytt hus på Årngarden. Der dreiv han i eit par år fram til han bygde eige stort forretningsbygg ved Skjonghaugen i 1954.

 

I tillegg til ei stor og moderne forretning, romma også huset ei avdeling for fryseboksar som vart leigd ut til privatfolk. Dette var før alle det kom fryseboksar i alle heimar. Han utvida også vareutvalet til å omfatte krus og tøyvarer.

 

Båten ”Fri” som Nils Honningsvåg brukte til å hente varer i frå byen. Båten lever framleis i beste velgåande og er i dag eigd av ein Harald Alvik på Hessa.

 

Nils Honningsvåg eigde også båten ”Fri” som han brukt til å hente varer i byen med. Den hadde kjenneteikn  M-19-G og vart bygd i Romsdalen for Johan N Skjong i 1931. Den hadde treskrog, var på 28 fot, og det var installert ei 18 hk Real maskin.  I 1936 fekk ”Fri” installerte ei 16 hk Lister Diesel. Nils Honningsvåg kjøpte båten i 1957, men hadde den berre i eit par år før han selde den igjen i 1959 til Harald Alvik på Slinningen. Båten eksisterte framleis i 2011.
Nils Honningsvåg la ned forretninga ved årsskifte 1975/1976.

 

Den gamle butikken vart reven og denne garasjen  vart bygd på murane. Det fortel litt om storleiken på butikken. 

 

Forretningsbygget som husa butikken er i dag bustadhus for Sølvi og Hans Arne Vartdal.

 

Av: Odd Egil Valderhaug