OddEgilValderhaug.no © 2011

Fiskemat og lefser frå Gudmundset på Kongshaugen

 

 

Etablert i 1942


Fiskemat og lefser frå Gudmundset på Kongshaugen

 

Ein del av familien Gudmundset samla. Frå venstre Rigmor, Marie, Rolf og Kristian. Marie og Kristian dreiv fiskematproduksjon i lag både på Kongshaugen og på Mulelid.

 

Kristian Gudmundset bygde huset på Kongshaugen i 1938. På den tida dreiv han som målar og tok på seg oppdrag både på Valderøya og i byen.  Men i 1942 starta han opp med fiskematforretning.  Det vart ikkje laga fiskemat kvar dag, for til det var tilgangen på råstoff for ustabil. Og for at folk på øya skulle vite når det var nylaga fiskemat vart det heist eit blått flagg opp i flaggstonga i hagen på Kongshaugen. Denne marknadsføringa på vart også brukt etter at fiskematproduksjonen vart flytta ned til sjøen. I tillegg til Kristian og Marie Gudmundset, arbeidde også Leikny Andestad i produksjonen på Kongshaugen.

 

Mat til krigsflyktning
Under krigen vart Kristian Gudmundset vekt av Knut E Valderhaug midt på natta, som bad om å få mat til ein motstandsmann som låg i dekning på øya. Kristian viste ikkje kven det var eller kor vedkomande låg i dekning, men etter krigen fekk han vite at maten var til Johan Roald som hadde lagt i dekning i Trollkjelen. Mot slutten av krigen vart alle som budde langs åsryggen mellom skulen og Jangaarden jaga vekk av tyskarane. Dei ville bygge eit festningsanlegg som skulle halde oppsyn med skipstrafikken mellom Løvsøyrevet og Breisundet.  Også familien Gudmundset var jaga vekk, og dei flytta til familie i Grytestranda.  Men Kristian fekk halde fram med å produsere fiskemat i vekedagane og reiste til familien på Grytestranda i helgane.   Men heldigvis kom freden før tyskarane fekk realisert sine øydeleggande byggeplanar.

 

 

Marie Gudmundset i inngangspartiet til det som var fiskematbutikken på Kongshaugen.

 

 

 

Det var i kjellaren på dette huset på Kongshaugen Kristian Gudmundset starta med fiskematproduksjon i 1942. Dette bilete er truleg tatt då huset var nytt i 1938.

 

Ny fabrikk ved sjøen


I dette huset på Mulelid starta Kristian Gudmundset fiskematforretning i kjellaren på våren 1951. I 1959 starta han kafe i andre høgda.

 

Men Kristian oppdaga ganske snart, at å ha  fiskematproduksjon oppe på ein haug langt frå sjøen var svær tungvint. Alle fisken som skulle nyttast i produksjonen måtte trillast på trillebår opp frå Mulelidkaia og opp til Kongshaugen. Det same måtte ein gjere med mjølsekkar og store mjølkespann som kom med rutebåten frå meieriet. Like etter krigen sette Kristian i gong arbeidet med å bygge ei fiskematforretning ned ved sjøen.  Bjørn, som var eldste son i huset, kan godt hugse at dei sommaren 1947 rodde stein i frå Ospabakken og til tomta på Mulelid der den nye bedrifta skulle byggast. Dette var før Johan Giskeødegård sprengde ut Jangardberget for å lage fundamentet til sin nye fiskeforedlingsbedrift. Vi kunne derfor ro innom kara etter Pe-buda, har Bjørn fortalt. 

 

 

Den nye fiskematforretninga på Mulelid vart truleg tatt i bruk på våren 1951. Dei nye lokale på Mulelid inneheld både produksjonslokale og eit utsal. Gudmundset leverte fiskemat både til butikkane på Valderøya og til butikkar rundt omkring på Sunnmøre. Frå rekneskapet til Gudmundset frå 1952 kan vi lese at han leverte fiskemat til desse butikkane på øya:  Nyhagen Landhandel, Nordstrand Samvirkelag og Ytterland Landhandel. I januar 1953 kjem også Nils Fiskå Honningsvåg på kundelista.  I mai same år har dette firmaet endra namn til Skjong Landhandel.  I september 1953 var Fauske Landhandel også på lista. Harald og Martha Fauske starta då opp igjen landhandel etter å ha vore i Amerika i tre år.

I april 1954 kjem Oskar Holm inn som kunde. Han dreiv ein liten kiosk rett over vegen for skulen. Ein kiosk som var føreløparen til Valderøy Varesenter eller Eurospar som den blir marknadsført som i dag.   I desember 1958 dukkar firmanamnet A Farstad opp for første gong. Så ved å gå gjennom kunderegisteret til Gudmundset Fiskematforretning så kan ein på ein måte gå gjennom vår lokale landhandlarhistorie. I tillegg til dei lokale forretningane leverte Gudmundset til butikkar på Vatne, Løvsøy, Giske,  Godøya , Grytastranda og Ålesund. I tillegg til Kristian og Marie, arbeidde også Guri Valderhaug og Eli Valderhaug i produksjonen. Og ikkje så reint sjeldan vart gutungar leigd inn for å vaske svartehinne av fisken.

 

Kafé
Fiskematforretninga vart først bygd i ein etasje med og loft. Like etter at ferjesambandet mellom Valderøya og Ålesund vart etablert, løfta Kristian taket på bygningen og fekk dermed ei ekstra etasje. Her etablerte Kristian Gudmundset kafé, truleg i 1959.  Kristian var også ferjevakt, det vil seie at han hadde ansvaret for å ta imot tampane frå Øyferja og heve eller løfte ferjelemmen til rett høgde. Dette var lenge før denne operasjonen vart fjernstyrd frå ferja. Kafeen vart drevet berre i nokre få år til ferjeleiet vart flytta til Valderhaugstrand i 1964. Kristian fylgde då med på lasset og vart ferjevakt på Valderhaugstrand og då vart det truleg også stopp for fiskematproduksjonen.

 

 

Inngangspartiet til kafeen i andre etasje.

 

Lefsebaking på kongshaugen
Det har alltid kome noko godt frå kjellaren til Gudmundset på Kongshaugen. Denne gongen skal det handle om lefser, gode gammaldagse lefser.  Denne delen av artikkelen er basert på eit intervju med søstrene Marie og Judit, gjort på slutten av 1980-talet. 
Desember er ein travel månad for dei fleste, men for Marie Gudmundset og Judith Giskeødegård er det ekstra travelt, for då er det tid for lefsebaking. I mange år har dei baka lefser i kjellaren til Marie på Kongshaugen ved Rådhuset på Valderøy. Dei held til i dei same lokala som Kristian, mannen til Marie i si tid starta opp fiskematproduksjon. Lefser er ein gamal tradisjon, og den har alltid hatt ei nær tilknyting til jula. - På gardane vart det alltid baka lefser og flatbrød til jul. Då samla ofte to eller fleire nabokjerringar seg på ein av gardane og baka lefser saman, og slik er det vi også gjer det, seier Marie og Judith og ler.
- Då vi var små var det vanleg at fleire av kvinnfolka her omkring samla seg i "Jangarhanskjellaren" for å bake lefser, fortel dei to søstrene som trødde sine barnesko på Jangarden. - Vi som var små gledde oss svært til denne baketida framfor jul, for då fekk vi som oftast ein smakebit, enten av nysteikte lefse eller flatbrød.

 

Søstrene Marie Gudmundset til venstre og Judit Giskegård i ferd med å bake lefser i kjellaren på Kongshaugen.

Journalisten fekk også ein smakebit av den nysmurde lefsa, smurd med smør og sukker. For det er vanleg at dei leverer lefsene ferdig smurde, samanbretta og oppskorne, klar til å legge på fat. Lefsene kan frysast som dei er, og når dei skal etast er det berre å tine opp å legge dei på fatet.  - Er dette det ein kallar for snikalefse, spør ein svært så ukyndig journalist?
Mange kallar dette for snikalefse, men det er eigentleg ikkje det, snikalefsene skal steikast to gonger før dei blir smurd, seier Marie.  - Kven er det som skal ete alle lefsene de bakar?
Vi har mange faste kundar som vi bakar til år etter år, men litt held vi sjølvsagt att til oss sjølve. Vi har mange som spør oss om å få kjøpe lefser, men vi greier ikkje å bake meir enn til dei faste kundane våre, seier Judith og Marie.  - Er det ikkje travelt å stå å bake lefser i vekevis no framfor jul?  - Travelt kan det nok bli, men vi ser på dette som ein fin hobby, og når vi er to saman har vi det stort sett berre triveleg, seier dei to i munnen på kvarandre.
- Kven har de lært kunsten å lage lefser av, ja for det er vel ein del spesielle knep bak sjølve oppskrifta og måten å bake på?  - Vi har lært å bake lefser av mor vår, og oppskrifta den er hemmeleg sjølvsagt.  Alle har sin spesielle måte å gjere dette på. I gamle dagar steikte ein lefse og flatbrød på ei stor malmplate, men i dag brukar vi ei elektrisk takke. Men dette er vel stort sett det einaste som er fornya i produksjonsprosessen, så her er det snakk om å ta vare på gode gamle bygdetradisjonar, seier Judit.  Har de lært opp neste generasjon, slik at tradisjonen kan førast vidare? - Ja vi har lært opp både døtre og svigerdøtre, slik at vidareføring av tradisjonen skulle vere i sikre hender, seier Marie og Judit medan dei rettar fram fatet og spør om vi vil ha ei lefse til. Og ein slik godbit det takkar sjølvsagt ikkje journalisten nei til.

 

Av: Odd Egil Valderhaug