OddEgilValderhaug.no © 2011

Kåre J. Mulelid - bakar, fiskar og kyrkjetenar - 1946

 

 

Etablert i 1946


Kåre J. Mulelid – bakar, fiskar og kyrkjetenar

Kåre J Mulelid fotografert framfor huset sitt på Nordstranda der han starta bakeri i 1953.

 

Kåre Mulelid var son til Jens Mulelid som kom frå Bremanger i Sogn og fjordane og etablerte seg som handelsmann på Valderøya i 1904.  Vi gjorde dette intervjuet med Kåre Mulelid den 16. desember 1993. Her fortel han om barndomen på Mulelid, konfirmasjonstida og livet i Kolvikgarden.  Vi får også eit innblikk i korleis det var å vere bakar i eit lite samfunn.  Kåre Mulelid døydde i 2002 og dette intervjuet blir trykt i forståing med familien.

 

Då Jens Mulelid steig i land på Valderøya i 1904 var der ingen ting som kunne minne om at det her på Ladeberget ein gong hadde vore ein yrande handelsstad for vel 60 år sidan. Her var ikkje eit einaste hus og knapt nok ei hustuft. Det einaste som var igjen etter Rønneberg var dragaren i Nesløa, den hadde visst nok ein gong vore i Rønneberghuset, fortel Kåre Mulelid. 
- Oppveksten på Mulelid var ei fin tid, sjølv om eg ikkje berre har gode minne. Eg var aldri noko skulelys og brydde meg svært lite om skulen, eg ville passe kaia saman med far eg, minnest Kåre.  Rutebåten ”Regent” gjekk klokka ni om morgonen, og klokka kvart på ni opna far butikken slik at folk kunne kome inn i buda og varme seg.

 

Ikkje far sin forretningssans
Jens Mulelid etablerte eit assortert handelshus nede ved sjøen og han bygde den aller første djupvasskaia på Valderøya. Så fekk han bygd sjøbud med fiskemottak og dampskipsekspedisjon.  Det neste var bustadhus med forretning og bakeri i første høgda. Og som den tiltakslystne og kreative kremmaren han var, fekk han også etablert eit stort og moderne røykeri for røyking av sild og makrell.   – Eg starta med to tomme hender, brukte far min å seie medan han viste fram dei tomme nevane. Men ingen av oss gutane arva far sin forretningssans, seier Kåre tankefullt.  - Far hadde nesten heile øya som kundekrins då han starta, berre ein som heitte Ingvald Longva dreiv handel på Nordstranda.  Mulelid var verdas navle på den tida, alt skjedde her på Mulelidkaia,.  Det fanst ikkje noko som heitte opningstider for butikken. Ikkje ein gong på julaftan åt vi middag klokka fem slik som anna folk. Vi gutungane gjekk der ihelsvoltne og venta på at gardbrukarane som sat på benken i butikken skulle går heim att. Men du veit, vi kunne ikkje jage dei heller.  Butikken var så full av røyk at du såg nesten ikkje veggene. Det var ikkje mykje røykelov på den tida. Men det var sosialt, legg han til.  – Kvar ettermiddag kom gardbrukarane for å hente mjølkespannene sine frå rutebåten, og dei vart sitjande og preike til langt utover kvelden. Dei hadde god tida. Dei ga blaffen i kjerringane og tenestejentene som gjekk heime på garden og venta på å få vaske og gjere spannene klare til neste dag. Klokka kunne bli både ni og ti før dei gjekk heim att.  Der var eit fole liv, men det var jammen artig også, seier Kåre medan han ser tankefullt ut i lufta og minnest ei tid som var.  – Vi budde i etasjen over butikken og vi kunne høyre det heilt opp i stova når karane som sat på benken nede i butikken rauk i hop i hissige diskusjonar.  Gardbrukarane på Ytterland og Skjong hadde eit felles køyrelag. Dei sende mjølka si om morgonen og henta samstundes tomspannene som hadde kome med rutebåten kvelden før. Så dei for no heim att dei, minnest Kåre.  Men dessa Valderhaug-karane, han Malna-Petter, Nes-Lars, Pe-Ole, Leita-Hans, Syver-Hans og han gamle Grytol-Johan, vart sitjande og diskutere og krangle til langt ut på kvelden.  Enkelte av dei var i utgangspunktet alltid ueinige om alt.  Spesielt han Syver-Hans og han Grytol-Johan, dei tolte ikkje kvarandre og rauk stadig vekk i hop i hissige diskusjonar, flirer Kåre.  

 

Dette bilete er truleg tatt i 1925 og framme til venstre sit Kåre Mulelid på fanget til far sin, Jens. Mannen i midten framme er Nils Kolvik (Kolvik-Nils) og Ole Urkedal til høgre. I rekke bak frå venstre er Lars Valderhaug (Nes-Lars), Nils Urkedal, og Hans Jangård. Mannen bak med hatt er skulelærar Peder Gidske. Bilete er tatt på trappa framfor gamlestova på Jangården, truleg i samband med ei gravferd.


Konfirmasjonsdressen
Kåre minnest godt konfirmasjonen sin, og han  hugsar at konfirmasjonsdressen kosta 35 kroner. Faren kjøpte han av ein omreisande skreddar frå Haramsøya som tok opp bestilling på konfirmasjonsdressar ute på øyane. - Eg trur han heitte Peder Ulvestad. Han var kanskje ikkje av dei mest moderne skreddarane, men det var nok avgjerande at far fekk betale dressen når det passa for han. Eg hugsar også at eg fekk fem kroner i konfirmasjonsgåve frå dei oppe i Pe-garden. Det var svært mykje pengar den gong. Mor sende meg då opp i Pe-garden for å takke, og eg hadde også med meg litt godkaker som dei skulle ete og kose seg med. Dette var i 1935, og då levde også gamle Pe-Joakim, men han hadde hatt eit slag. Han sat i ein stol og kunne ikkje snakke, men han forstod alt som vart sagt. Eg hugsar at han gret då eg tok han i handa og  takka for gåva, seier Kåre medan han ser tankefullt ut i lufta.. - Vi var mykje oppe i Pe-myrane då vi var gutungar og eg hugsar at han Joakim og han Ole var med ein båt som heitte ”Jarl”, der far til Dirik-Johan var skipper. Eg minnest også at han Ole salta fisk nedi  Pe-buda som stod på Mulelid. Ho vart seld på 1930-talet og kjøparen reiv og bygde henne opp att på Longva, minnest Kåre.

 

Livet i Kolvikgarden
- Medan mor og far bygde opp handelsstaden på Mulelid, budde dei oppe i Kolvikgarden. Ein av dei som budde på garden då var Kolvik-Severin og han var alltid sint, men vi var aldri redd han. Vi vart fortalde at han var sinnsjuk, men vi gutungane var som sagt aldri redd han.  Severin jobba med noko støtt,  anten reparerte han naust eller så braut han jord.  Eg var også med han på sjøen ein  gong og drog fisk, fortel Kåre engasjert medan han gestikulerer med armane.    Han knepper hendene fram på kjøkenbordet og fortel vidare. - Dei påstod at det var noko kvinnfolkgreier som var årsaka til at Kolvik-Severin vart sinnsjuk, men eg veit ikkje om det er sant. Severin gjekk heile tida med hua si i handa medan han snakka med seg sjølv. Ikkje ein gong eit opphald på Oppdøl sjukehus gjorde han noko betre. Men ein arbeidsmann var han og så var han ein stor tirr. Han erta slik Pe-Ole som budde på nabogarden at han Ole heldt på å bli tufs,  fortel Kåre medan han ler godt.

I tillegg til dei to brørne Severin og Nils, var der alltid to tenestejenter, for garden var ein av dei største på øya. Mange av dei unge jentene som tente i Kolvikgarden fann seg ein ektemann på øya.  Både kjerringa til han Odd  oppe i Ola-Andreas og kjerringa hans Grytol-Johan tente i Kolvik. Det gjorde ho som gifta seg med han Lokken-Karl, eller Kalla som vi sa til dagleg. Kåre skifter brått og ofte tema, og snakkar om fleire ting samstundes. Så ein må vere vaken om ein skal klare å fylgje med i svingane. Plutseleg seier han: - Søstera til brørne i Kolvikgarden var gift  med han Løkken-Joakim, også kalla ”Store-Joakim”  Langt ut over øyas grenser vart han omtala som Valderøy-kjempa. Han tok høygaffelen med ei hand og løfta store høyballar så skaftet på gaffelen bøygde seg.  Og han arbeidde så sveitten rann. Det er ikkje noko tid du arbeider så godt som når du sveittar, brukte Store-Joakim å seie.  Når han skulle kvile middag brukte han å gå bort i høystålet og leggje seg på dongerijakka si. Eg låg no ofte middag saman med Store-Joakim eg, minnest Kåre.


Då Severin og Nils i Kolvikgarden vart gamle og skrøpelege, kom sonen til søstera deira som budde på Løvsøya og tok over garden.  Han dreiv garden vidare saman med søstera si Karoline,  som hadde tent på garden også under Nils, lenge før han Rasmus Lausund kom til gards.  Noko av det første Rasmus gjorde då han flytta inn i Kolvikgarden var å plante hage rundt huset. Då sa valderøyingane, no er det kome ein galen mann frå Løvsøya. Men Rasmus var frå ein av dei største gardane på  Løvsøya og visste kva han gjorde, seier Kåre og daskar  flathanda i kjøkenbordet.

 

 

Kåre Mulelid til høgre, saman med broren Ragnar som lærte han opp i bakarfaget. I midten Severine Mulelid som dreiv Mulelid Landhandel etter at mannen Ragnar døde i 1945.

 

 

 

 

Starta eige bakeri
Kåre Mulelid tok over bakeriet på Mulelid i 1946 etter at broren Ragnar døydde året før. Samstundes som han dreiv bakeriet, dreiv han også ein kafé i huset som var kalla brenneriet. Eit gamal trandamperi og røykeri for sild og makrell. Det var broren Jens som eigde huset, og han laga ei utvendig trapp opp til andre høgda i huset. Jens kjøpte også inn koppar, kar og anna utstyr som dei hadde bruk for i kafeen.  Investeringane tok han igjen på husleiga.   Kafeen dreiv Kåre Mulelid saman med Petter Jangaard, men det vart ingen suksess. Det var folk i kafeen berre på laurdagane, fortel Kåre Mulelid. Derfor vart det til at opningstidene vart avgrensa til laurdag og søndag.  Resten av veka dreiv han bakeriet og i tillegg til å forsyne familien sin butikk på Mulelid med brød og kaker, så leverte han også bakverk til mange butikkar på Nordøyane.  I 1951 gifta Kåre seg og la ned bakeriet på Mulelid og flytta med familien til Midsund, der han opna bakeri og utsal. Det var svigerfar til broren Ingemund som overtalde han til å opne bakeri i Midsund. Han meinte at der burde vere marknad for ein bakar, men han tok kraftig feil av kundegrunnlaget.  Om folket i Midsund var ekstremt nøysame eller om det ikkje var grunnlag for eit bakeriutsal i bygda, skal vere usagt. Men i alle fall så kjøpte  folk for det meste brød frå dagen før, for då fekk dei brøda til halv pris.  Smart av kundane, men dårleg forretning for bakaren. Kåre gav derfor raskt opp bakeriprosjektet i Midsund og flytta tilbake til Valderøya.  Medan han og familien budde i huset til Severin Gjøsund, bygde Kåre nytt bakeri på Nordstranda, i 1953. I den første tida brukte Kåre stort sett  handemakt når han baka. Eit utruleg slit når store brøddeigar skulle eltast. Men etter kvart investerte han i ei eltemaskin, og då gjekk bakinga nesten som ein leik. Kåre Mulelid dreiv bakeriet på Nordstranda i om lag tre år før han slutta som bakar ved årsskiftet 1956 og begynte som fiskar. Han bygde då om bakeriet til bustad. I sine siste yrkesaktive år var Kåre Mulelid tilsett som kyrkjetenar i Valderøy kyrkje.

 


Kåre Mulelid saman med søskena sine fotografert utanfor bustadhuset deira på Mulelid. Kåre står på huk framme med bakarklede. Bak frå venstre: Ingmund, Astrid, Oddveig, Borghild og Jens.

 

Av: Odd Egil Valderhaug