OddEgilValderhaug.no © 2011

Oscar Holm senior - ein grunder av si tid - 1948

 

 

Etablert i 1948


Her i andre etasjen påsjøbuda på Muleleid etablerte Oskar Holm ein mursteinfabrikk i 1955.

 

Oscar Holm senior kom opphavleg frå Stordalen, og fram til 1948 var han skipper i Møre og Romsdal Fylkesbåtar. Han var ein kreativ og tiltakslysten mann, og i tillegg til å starte opp ein mjølkekiosk, etablerte han også eit handdukveveri og ein mursteinfabrikk. Han var også vært sportsinteressert og var ei tid eldsjel og formann i Idrettslaget Valder.

 

Oscar Holm senior oppdaga at det vesle øysamfunnet var i endring. Tidlegare hadde det vore slik at dei fleste som budde på Valderøya, hadde tilknyting til ein gard, og fekk det dei trong av mjølk og jordbruksartiklar frå garden. Men etter krigen etablerte mange familiar seg på øya som ikkje hadde like naturleg tilgang til ein bondegard.  Oskar Holm sen såg at her låg eit ny marknad i 1948 etablerte han ein liten kiosk som selde mjølke- og meieriprodukt. Seinare vart vareutvalet utvida med frukt og grønsaker. Firmanamnet var O. Holm, men på folkemunne vart den berre kalla for kiosken.  Denne vesle butikken låg på Mons-jorda, rett ovanfor gamleskulen på Valderøya. Kiosken vart bygd av brukte materialar frå sjøbua til Berli i Ålesund. I butikken vart det også seld brød og bakarvarer frå Lillevolds bakeri. Og ikkje minst vart der seld brus.

 

Oscar Holm senior var ein driftig gründer og etablerte både ein liten kolonialbutikk, eit handdukveveri og ein mursteinfabrikk. Han var også oppfinnar og fekk patent på eit betongvindauge for industribygg.

 

 

Kristian Walderhaug med eit av sine born på arma. Men vi har tatt med dette bilete på grunn av det vi ser bak ryggen til Kristian. Her kan du skimte den vesle kiosken som Oskar Holm sen. etablerte i 1955. Bustadhuset vi ser bak kiosken er det gamle Monshuset.

 

Det var dotter til eigaren, 17 år gamle Palma som dreiv kiosken saman med mor si, Jørgenni, eller berre ”Genni”  i daglegtale. Palma dreiv kiosken til ho flytta frå øya i 1955. Siste salsdag for familien Holm var 21. eller 22. juni 1955. 

 

 I 1955 kjøpte Milfrid Valderhau kiosken av Oscar Holm senior, og dette bilete er truleg tatt same året. Frå venstre: Milfrid Valderhaug (Født Mulelid) med dottera Marvel på handa. Jenta med barnevogna er Sigfrid Mulelid, søster til Milfrid. Og i vogna ligg vesle Hans Idar Valderhaug.

 

Då tok Milfrid og Laurits Valderhaug over drifta av butikken som fekk namnet Sentrum Handel.  Butikklokalet vart utvida ein del, og vareutvalet vart utvida til også å omfatte dei fleste typar daglegvarer.  Milfrid dreiv butikken til utpå 1960-talet, då det vart bygd ny butikk bak den gamle butikken. Den gamle kiosken var no flytta ned til enden av Simabakken,  der den først fungerte som rørleggarverkstad og lager for Hans Nordstrand.  Seinare vart det blomsterbutikk, føreløparen til Valderøy Blomster. Den vesle kiosken er soleis føreløparen til det vi i dag kjenner som Eurospar på Valderøya.

 

Handdukveveriet


I dette huset dreiv Oscar Holm sen. handdukproduksjon frå 1948 til 1953.

 

Seinare same år, etablerte han saman med bror sin, Christian Holm eit handdukveveri på Valderøy. Veveriet låg bak bustadhuset til Oscar Holm, og bygget står der framleis. Han kjøpte ein brukt heilautomatisk vevstol som kunne veve 3 handdukar i breidda.  Handdukane var vevd i eit stort stykke og vart klipt opp og falda seinare. Denne verksemda held på frå årsskifte 1948/1949 til utgangen av 1953. Då vart huset bygd om til bustadhus for sonen til grunnleggaren Thorleif Holm, som gifta seg i 1954.

 

Mursteinfabrikken
I 1955 etablerte Oscar Holm ein mursteinfabrikk i andre etasjen på sjøbua til Jens Mulelid på Mulelid. Her produserte han murstein til grunnmurar, og mange hus som vart bygde på Valderøy i denne perioden vart bygd på murstein frå fabrikken til Holm. Med seg i produksjonen hadde han først sonen Thorleif Holm.

 

I 1958 bygde han denne fabrikken på nestevegen og flytta mursteinfabrikken hit.

 

I 1958 bygde han ny fabrikkbygning på nestevegen på Valderøya og produksjonen vart flytta dit. Då kom også yngste sonen, Oscar Holm junior med i drifta. Bedrifta fekk no namnet Valderøy Sementvare.

 

Oscar Holm senior hadde også utvikla eit betongvindauge som var spesiallaga for industri- og landbruksbygg. Denne oppfinninga var så revolusjonerande at han fekk patent på den. Patentet vart seld til eit firma i Ørsta som produserte vindauget i mange år. I november 1965 selde Holm bedrifta til Øyvind Krogsether frå Åndalsnes.  Han eigde også Veblungsnes Sandtak som leverte sand til Valderøy Sementvare i mange år. Krogsether held fram med mursteinproduksjon godt hjelpa av Thorleif Holm fram til 1969.  Då vart fabrikken seld på nytt, denne gong til Martinus E Valderhaug & sønner som heldt fram med mursteinproduksjon i om lag eitt år, til rundt 1970. Då vart fabrikken bygd om for produksjon av ferdigbetong. Thorleif Holm vart då tilsett hos den nye eigaren og jobba både i fabrikken og som lastebilsjåfør.

 

 

 

 

 

 

 

Av: Odd Egil Valderhaug