OddEgilValderhaug.no © 2011

Brørne Martin og Sander dreiv Lillevolds bakeri - 1948

 

 

Etablert i 1948


Brørne Martin og Sander dreiv Lillevolds bakeri

 

 

Sander Lillevolds Bakeri vart etablert 10. mai 1948. Bakeri og utsal låg på øvstevegen, nesten ute ved Trollhaugane. Bakeriet produserte både brød og konditorvarer, og leverte til butikkane på Valderøya og på distriktet. Butikken hadde først telefonnummer 4 a, men dette vart seinare endra til 1 d.  I 1953 reiste Sander Liljevold med familie til Amerika,  der han arbeidde som snikkar saman med svigerfar sin, Per Skylstad.

 

 

Broren til Sander, Martin Lillevold tok då over bakeriet og held fram produksjonen som før. Frå gamle dokument kan vi sjå at Valderøy Frilynde Ungdomslag var gode kundar hos Lillevolds bakeri. Kvitteringar frå 1956, fortel at då kosta ei blautkake 15 kroner, ei teakake 5 kroner og 40 øre, og ei vienerstang kosta 11 kroner.


Sander Lillevold kom tilbake frå Amerika i 1959, og då tok han over drifta av bakeriet igjen.  Brørne Sander og Martin Lillevold hadde fått inn bakarfaget frå barnsbein av. For faren, Johan Lillevold dreiv bakeri i Lorkenesgata i Ålesund.  Då han pensjonerte seg og la ned bakeriet i byen, var han ofte hos sonen på Valderøya og hjelpte han i bakeriet der. Men ved årsskiftet 1959/1960 vart bakeriet avvikla, og Sander Lillevold gjekk over i eit anna yrke.  I det tidlegare bakeriutsalet starta kona til Sander opp med frisørsalong, men det er eit anna historie.  

 

Frå venstre: Sander, Åshild, Arve Johan og Johan Lillevold. Johan var far til Sander og hadde tidlegare drevet bakeri i Lorchenesgata i Ålesund. Bakeriet låg i same lokala som seinare skulle huse den populære snackbaren Siglar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Grammofonsjarmørane
Johan Lillevold, far til dei to bakarane på Valderøy, etablerte seg som grammofonsjarmør på 1930-talet. Lillevold og Sønn, var artistnamnet som skjulte far Johan og sonen Martin. Dei gav ut 16 grammofonplater i tidsrommet 1935 til 1954. Også den andre sonen, Bernt var med på enkelte av platene. Platene var spelt inn i studioet til His Master Voice i Oslo.

 

 

Sonia Lillevold framfor huset der bakeriet til faren og onkelen held til.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kakepose frå Lillevolds bakeri.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Av: Odd Egil Valderhaug