OddEgilValderhaug.no © 2011

Valderøy Handel - Harald Mulelid - 1961

 

 

Etablert i 1961


Harald Mulelid bygde dette lokalet på øvstevegen på Nordstranda i 1961 og starta kolonialbutikk.

 

Valderøy Handel vart starta av Harald Mulelid i 1961. Butikken opna då i eit nytt forretningsbygg som han bygde på Nordstranda ved Simabakken. I tillegg til å selje kolonialvarer, hadde butikken også ei avdeling for glasty, panner og kjøkenutstyr. Etter kvart vart det også opna ei lita avdeling for blomster. Eigaren, Harald Mulelid jobba hos KP Årskog i Ålesund og stod ikkje så mykje bak disken sjølv. Mellom dei første som arbeidde i butikken var Solbjørg Nordstrand seinare gift Ytterland og Ellinor Wattø, no gift Rørvik. I tillegg arbeidde også svigermor til eigaren i butikken, Edith Gjøsund.

I 1974 vart butikken fusjonert med Sentrum Handel og dei to butikkane vart til Valderøy Varesenter som vi i dag kjenner som Eurospar. Då den vart opna var dette den største kolonialbutikken på Sunnmøre.
Lokalet har seinare husa mange lokale bedrifter som Valderøy Blomster, Min butikk, Miniprint, Øy-Blikk og Valderøy Elektro.

 

 

 

Harald Mulelid, gründar og handelsmann.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Av: Odd Egil Valderhaug