OddEgilValderhaug.no © 2011

Valderø & Omegns privatbank - 1916

 

 

Etablert i 1916

 

Valderø & Omegns privatbank – vekst og fall

 

Logoen til Valderø og Omegns Privatbank

 

Alle bygder med respekt for seg sjølv måtte ha sin eigen bank. I alle fall kan det verke slik, for det skulle ikkje store samfunna til før innbyggarane gjekk i hop og etablerte ein bank i bygda. Fram til 1916 hadde ikkje Valderøy sin eigen bank, og det måtte gjerast noko med meinte fleire av øya sine fremste menn. Ein av dei som stod i spissen for etableringa av banken var Knut E Valderhaug. Med seg på laget hadde han mellom anna Andreas P Sæther, Nils H Nordstrand, Jacob K Valderhaug og John N Skjong.  Også handelsmannen Ole I Valderhaug, som dreiv si verksemd frå Ålesund, var med på stiftinga.

 

Det første formelle møtet der temaet var å etablere ein bank, vart halde 25. april 1916. Og i fylgje protokollen frå dette møtet vart det valt eit styre som hadde til oppgåve å  ”- arbeide for å forbereie oppretting av AS Valderø & omegns privatbank”.

 

Generalforsamlinga der banken vart stifta vart halden her i Losjelokalet på Valderøya. Huset vart revet på slutten av 1980-talet

 

 

Styret arbeidde både raskt og målbevist og berre 6 månader seinare, den 25. oktober 1916,  kunne det kallast til eit orienteringsmøte for dei som hadde teikna seg for aksjar i den nye banken.  På møtet vart det bestemt at aksjekapitalen skulle vere minimum kr 30 000,- og maksimum kr 60 000,-

10 av dei som hadde teikna seg for aksjar, skulle stå som innbydarar til generalforsamlinga. Dei ti var: Knut E Valderhaug, Andreas P Sæther, Nils H Nordstrand, Lars J Kurseth, Peter L Oksnes, Ole I Valderhaug, Jacob K Valderhaug, Nils J Sæther og Johan N Skjong. Og som varamann for Ole I Valderhaug, som var handelsmann i Ålesund, var valt Lars K Skjong. At berre han fekk varamann hadde nok samanheng med dei dårlege kommunikasjonane mellom Valderøy og byen.

 

Det valte styret heldt fram med førebuingane og i eit møte 15 november 1916 vart det bestemt at det skulle sendast ut lister for aksjeteikning også til andre øyane i distriktet. Lister vart sendt til landhandlar L Godø på Dyb og til P Hansen Giskeødegård på Godøya. Og på Alnes vart listene lagt ut hos landhandlar Martinus  Alnes.

Også Vigra fekk tilsendt lister der folk kunne teikne aksjar i den nye banken, og her vart listene lagt ut hos landhandlarane Elias Blindheim, Olaf A Roald og Ole S Roald. Men interessa for å teikne aksjar i Valderø & omegns privatbank frå innbyggarane på Vigra og Godøy var minimal, ja bort i mot null. Ingen frå Godøya kjøpte aksjar medan 2 personar frå Roald teikna seg for aksjar. Ein av desse var skipper Jacob S Roald som teikna seg for 20 aksjar og vart dermed ein av dei største lokale aksjonærane. I aksjeprotokollen står han oppført med adresse både på Roald og i Ålesund.  Den andre som teikna aksjar frå Roald var gardbrukar Ole S Roald som sikra seg 15 aksjar.

På Alnes var interessa derimot større, her kjøpte 5 personar til saman 19 aksjar. Mellom dei var handelsmann Marinus I Alnes som teikna seg for 5 aksjar. Dei fire andre var fiskarar og gardbrukarar.

 

Konstituerande generalforsamling
Styret som hadde oppgåva med å førebu stiftinga av banken bestemte på eit møte 8. desember 1916 at den konstituerande generalforsamling skulle vere på ”- Logelokalet den 20. desember 1916 kl 4 (16.00)”
Stiftingsmøtet var kunngjort i ”Kunngjøringstidende”,  ”Sunnmørsposten” og ”Søndmøre Folkeblad”. Dette i fylgje ei rekning frå overrettssakførar Svend Evensen i Ålesund som også hadde ansvaret for å utarbeide stiftelsesdokument og lover for banken.

Opptellinga på generalforsamlinga viste at 116 personar hadde teikna til saman 546 aksjar kvar pålydande eitt hundre krone. Målsettinga frå stiftarane på førehand var å få inn mellom kr 30 000 og 60 000 i aksjekapital.  Og med ein aksjekapital på kr 54 600,- var målsettinga nådd. Dei aller fleste aksjonærane var frå Valderøy, men vi finn også aksjonærar med adresse Roald, Alnes, Ålesund, Grytastranda og Ørsta. 

 

Aksjebrevet til Ole Hansen Valderhaug( Syver-Hans)

 

Dei fleste var små aksjonærar som kjøpte frå ei til fem aksjar,  så ein kan trygt seie at banken var eit folkeaksjeselskap med solide røter i lokalmiljøet. Men det var også nokre store aksjonærar med adresse i Ålesund,  og den aller største var grosserar Anders Aarsether med 50 aksjar. Også andre kjende forretningsmenn i Ålesund hadde store aksjepostar. Vi kan nemne grosserarane T Berseth og Oskar Larsen som begge hadde 20 aksjar kvar. Også den utflytta Valderøyingen,  kjøpmann Ole I Valderhaug,  teikna seg for 20 aksjar.

Ei gruppe aksjonærar står oppført med tittelen ”piker”. At også jenter kjøpte aksjar på den tida vil vi tru var litt uvanleg. Mellom jentene finn vi fleire med etternamn Bakken.

På generalforsamlinga på Losjen var desse valde inn i forstandarskapet:

 

Knut E Valderhaug 32 stemmer
Andreas P Sæther 30 stemmer
Ole S Roald 30 stemmer
Ole I Valderhaug 27 stemmer
Martinus Alnes  27 stemmer
Peter Oksnes 25 stemmer
Nils Nordstrand 21 stemmer
Johan Nilsen Skjong 16 stemmer
Peder Bakken 16 stemmer
Kristen E Valderhaugstrand 15 stemmer

 

Det var her i Kolvikgarden banken hadde sine lokalar. Banklokala var i hovedetasjen bak dei to vindauga til venstre for trappa.

 

Banklokale
Alt før den formelle stiftinga av banken bestemte interimstyret på eit møte 15. november 1916 å kontakte Nils R Valderhaug (Kolvik-Nils) med sikte på å få til ein leigeavtale for eit ”værelse” i bustadhuset på garden. Avtale om å leige eit rom i Kolvikgarden til banklokale vart inngått, og husleiga i 1917 skulle vere 120 kroner for heile året. Då skulle huseigar også sørge for både lys og brensel.
Husleiga steig sakte men sikkert i åra framover og var eit par år seinare komen opp i 130 kroner og i 1926 var husleige 140 kroner i året.
Dei første åra kvitterte huseigaren med Nils R Valderhaug men frå 1921 endra han namn til Nils Kolvik Valderhaug. Men på folkemunne vart han berre kalla for  ”Kolvik-Nils”  Banklokalet var i ytste enden av huset, i det rommet som vender nedover mot idrettshallen.

Det med at huseigar også skulle halde brensel til oppvarming har partane tydelegvis etter kvart gått bort i frå for i 1920 og åra utetter finn vi kvitteringar for levering av brenntorv til banken. Og leverandør var  Andreas P Sæther. Prisen dei første åra var to kroner pr sekk men av ein eller anna grunn var prisen i 1932 gått ned til ei kroner for kvar sekk. Også kol var levert til banken og her var prisen i 1925 kr 4,70 for ein hektoliter. 


Men trass i fyring med torv og kol, var det framleis svært kaldt i banklokalet.  Truleg var det ikkje omn til fyring i sjølve banklokalet. Omnen stod i det store kjøkkenet i Kolvikgarden, og varmen skulle også varme opp rommet der banken held til. Men truleg var ikkje dette nok, for eldre folk har fortalt meg at dei godt kan hugse at bankkasserar Jensine Oksnes på kalde vinterdagar, stadig vekk måtte inn på kjøkkenet i Kolvikgarden for å varme fingrane sine.
Vi finn også ei kvittering der Jensine Oksnes har kjøpt 5 liter olje til 47 øre literen hos L Langva. Truleg er dette lampeolje,  for Valderøy fekk ikkje elektrisk kraft før i 1923. Og firma L. Langva dreiv handel på Nordstranda der Jensine Oksnes budde, så her nytta ho tilbodet i sitt  nærmiljø. 
 

 

 

Nils Kolvik Valderhaug som eigde garden der banken held til

 

 

 

 

 

Tilsette og valde
Berre nokre dagar etter den konstituerande generalforsamlinga vart det første styremøte halde i banken sine lokalar i Kolvikgarden. Her vart Knut E Valderhaug tilsett som direktør i banken. Ei stilling han hadde så lenge banken eksisterte. På dette møtet vart også Jensine Oksnes tilsett som kasserar.  Også ho hadde denne stillinga så lenge banken eksisterte.
Kjøpmann Ole I Valderhaug vart valt som ordførar i forstandarskapet. 
Truleg var aktiviteten i banken moderat det første året i alle fall dersom vi skal ta utgangspunkt i utbetalt lønningar. Direktør Knut E Valderhaug fekk i fylgje eit vedtak i representantskapet ”-eit lite gratiale på 100 kroner” Alt året etter blir direktørlønna satt til  400 kroner pr år, og dette vart direktørlønna for Knut E Valderhaug så lenge banken var i drift. Vi gjer da merksam på at dette ikkje var heil stilling.  Då spørsmålet om lønn var oppe til handsaming i representantskapet 8. april 1922, vart det presisert fylgjande når det galdt lønna til direktøren:  ”- Det bemerkes dog at kr 400,- er ingen lønn som saadan for den administrerende direktør, men er mer som en erkjendtlighetsgave for hans iherdige arbeid for banken”.

 

For 1917 fekk bankkasserar Jensine Oksnes utbetalt kr 150,-. Også dette beløpet steig året etter til kr 400,- i året. Og i 1919 var lønna komen opp i 500 kroner i året.  Men den ambisiøse dama var framleis ikkje fornøgd med lønna, og 3. april 1922 skreiv ho brev til styret og ba om at lønna vart heva frå 500 til 600 kroner i året. ”-Da andre inntekter nu er blitt smaa, kan jeg vanskelig, for ikke å sige umulig klare meg med kr 500,- i året”,  skriver Jensine Oksnes i brevet til styret. Styret tok omsyn til søknaden og auka lønn med 50 kroner i månaden, utbetalt to gongar i året. Denne lønna hadde Jensine ut 1931 då arbeidet i banken vart gradvis trappa ned. Og medlemane i direksjonen vart innvilga fire kroner pr møte medan revisor skulle få 100 kroner i året.

 

Jensine Oksnes var kasserer i Valderø og Omegns Privatbank i alle år frå den vart stifta i 1916 og til den vart avvikla i 1933. Seinare vart ho ansvarleg for både sjukekassa og forsyningsnemnda og ho etablerte sin eigen landhandel.

 

 

Pengeskap
Etter eitt års drift fekk banken trong for eit pengeskap og firma Johs. Andersen i Bergen vart kontakta. Eit firma som forhandla kontormøblar og trykksaker både i detalj og engross. Etter nokre telefonsamtalar mellom banksjef Knut E Valderhaug og Bergensfirmaet vart dei einige om å kjøpe pengeskapet som firmaet sjølv brukte, då dei hadde planar om å skaffe seg eit nytt skap. Pengeskap som var av fabrikat ”Larsen & Søn” og dette skulle banken få for 1000 kroner med 30 kroner i tillegg for emballasjen. Skapet som vegde heile 1000 kilo vart sendt med dampskipet Mercur frå Bergen 28. desember 1917.


 

Etter at banken vart avvikla vart pengeskapet avertert til sals i avisa.

4. mai 1933 gir banken sin advokat, overrettssakførar Sverre Thornes i Ålesund, skriftleg beskjed om at skapet var seld til firma Elling Aarseth & Co i Ålesund for 300 kroner. I fylgje avtalen skulle banken sørge for å frakte pengeskapet ned til sjøen, klar for avhenting med båt.  Kjøparen skulle betale skapet kontant ved avhenting. Seinare kom ei ny melding frå advokaten om at firma Elling Aarseth & Co hadde betalt inn 300 kroner til han og at han sende desse pengane vidare til banken med eit fråtrekk på 30 kroner for arbeidet med salet. 

 

Handla i Ålesund
Når ein blar i gamle dokument kjem ein over mange firmanamn som du aldri før har høyrt om, men like fascinerande er det å oppdage at firma frå 20 talet framleis lever i beste velgåande i Ålesund.

For Valderø og Omegns Privatbank var firma Johs Havnevik as ein stor leverandør. Her vart det kjøpt viskelêr, konvoluttar, protokollar, blekk og pennesplittar.  I 1918 kjøpte banken eit gross med pennesplittar til ein samla pris av 3 kroner. Ei anna forbruksvare som det tydelegvis gjekk mykje av var blekk.  Men sjølv om banken stort sett brukte Havnevik til innkjøp av kontorrekvisita handla dei også hos Alb. Gjørtz og Johs. Aarflot.
Frå Aalesunds Gasverk og Carl E Rønneberg & Sønner vart det kjøpt kol til fyring, og prisen var 2 kroner hektoliteren.
Hos KP Aarskog vart det kjøpt hengsler og hengelås og hos AH Alm vart det handla 2 lykter og ei vekt. Meir overraskande er det kanskje at banken har kjøpt 10 ruller med takpapp og 10 pakker med pappstift som i fylgje kvitteringa skulle brukast på ein låve.

 

 

Vi skal også nemne ei hotellrekning frå Hotell Central i Ulsteinvik som er datert 30. mars 1927. På kvitteringen står oppført værelse, aften, caffe og smørbrød. Med restaurationsskatt er rekninga på 7 kroner og 13 øre. Og det er Andreas P Sæther som har overnatta på banken si rekning.

 

Når det gjeld presseorgan på den tida finn vi tre namn, Ålesunds Avis, Møre Tidend og Sunnmørsposten eller ”Søndmørsposten” som avisa heitte den gong. Og det var Lysingskontoret som formidla desse annonsane til avisene.

 

 

 


Av andre firma frå Ålesund som banken handla med kan vi nemne Brødrene Haugen i kongensgate, O Nørve, John Wiik og M Aanning – Glassmagasin.

Vi finn også kvitteringar frå mekaniske firma som har reparert båtar og motorar på banken si rekning. Dette har truleg samband med at banken har finansiert reperasjonane. Mellom dei mekaniske bedriftene er  Sanne Motor & Maskinfabrikk, firma Karl Slyngstad, P. L Schjeide og Aalesund Skipshandel.  


Andre banker
Det er vel få bransjar som er blitt så omstrukturert som bank og finansnæring her i landet. Medan det før var bankar og forsikringsselskap i nesten kvart bygdsamfunn, er denne næringa i dag stort sett dominert av store nasjonale og internasjonale finanskonsern.  For å minne oss litt på korleis det var ein gong skal vi nemne nokre bankane som Valderø og omegns Privatbank hadde forretningsmessig samkvem med.


I Ålesund hadde vi Aalesund Sparebank, Aalesund Landmannsbank, Aalesund Handelsbank, Aalesund og Møre Privatbank og Norges Bank avdeling Aalesund. Og på distriktet hadde vi  Borgund Sparebank og Ørsta Aktiebank. Og i arkivet har vi også funne desse bankane frå andre delar av landet: Bøndenes Bank, Den Norske Creditbank, Norges Kommunalbank, og Fellesbanken, alle med adresse Oslo. I tillegg finn vi Strinden Sparebank i Trondheim og Søndenfjeldske Privatbank i Kristiansand.
Så vidt vi veit eksisterer ikkje nokon av desse bankane som sjølvstendige einingar i dag. Dei fleste er kjøpt opp eller er fusjonert med større finanskonsern.

Banken viktig for næringslivet
Banken var viktig for næringslivet på Valderøy og dei desidert største kundane til banken var brødrene Jens og Olai Mulelid. Dei dreiv næringsverksemd både kvar for seg og i fellesskap. Men verksemda til Mulelid-brørne er så omfattande at dei vil vi kome tilbake til i ein eigen artikkel. Men banken var viktig også for mindre næringsdrivande, som til dømes Nordstrand Trandamperi som truleg var eigd av Andreas K Sæther. I alle fall er det han som har underteikna lånepapira.  I april 1925 fekk Nordstrand Trandamperi eit lån pr 7000 kroner til innkjøp av varer. Også i 1926 vart drifta av transdamperiet finansiert av Valderø og Omegns Privatbank

 

Også skreddarmester O. A. Valderhaug var god kunde i banken og frå 1917 og utover i 20 åra  fekk han innvilga fleire lån frå 500 kroner og opp til 3000 kroner. Litt oppsiktsvekkande er det at låna hadde svært kort nedbetalingstid, heilt ned til tre månader.
Kunde banken var også skomakar Peder Lervik som i 1919 fekk låne 1000 kroner til innkjøp av lær.  Knut L Valderhaug eller ”Smed-Knut” på folkemunne, var også kunde i banken. Knut som etablerte smia på Valderøya fekk innvilga lån mot pant i smia og eit jordstykke,

I 1920 søkte Kristen Valderhaug på vegne av Valderøy Hesteassuranse om eit lån på 900 kroner. Lånet var innvilga på vilkår av at styret garanterte for lånet. Då banken var i ferd med å avvikle i 1931, stod Valderøy Hesteassuranse framleis med ei gjeld på 250 kroner til banken. Assuransen var tilskrevet om dette og gitt ein frist på ein månad med å betale, men no var det Karl Sæther som var formann.


Lag og organisasjonar
I tillegg til lokal kjøpmenn og fisketilverkarar hadde banken også mange kundar innan lag og organisasjonar.  Organisasjonar og samanslutningar som vi i dag veit svært lite om. Vi kan nemne Valderøy skolekrets, Valderøy skytterlag, Valderøy fiskerforening,  Giske provianteringsråd, Giske Geistlege lønningsfond og Giske overformynderi. 

Så finn vi ei samanslutning som kallar seg Valderøy Kreditlag.  10. august 1918 garanterer medlemmane for innbetaling av partar i Sunnmøre Meieri. Kor stort beløp det dreier seg om kjem ikkje fram men i tillegg til å garantere for innbetaling av andelane i meieriet garanterer dei også for eventuelle tap som Valderøy kreditlag kan dra på seg. 49 personar har skrevet under på  dokumentet og dette var truleg samtlege bønder på Valderøy i 1918.

I 1917 fekk Valderøy Bedehus låne 600 kroner til 5 ½  % rente. Beløpet er mottatt av Nils J Rasmussen. Også i 1922 fekk Bedehuset eit lån på 100 kroner under føresetnad av at styremedlemmane garanterte.

 

 

Sjølv på den tida brukte banken pengar på reklame.

 

 

 

I juli 1924 ligg der føre eit brev frå Hjelpekirkegårdskomiteen ved Jens Mulelid om løyve til å bruke dei pengane komiteen har ståande i banken, totalt 128 kroner. Pengane skulle brukast til maling av kirkegårdsinnhegningen, står det i søknaden.  Komiteen fekk til svar at i desember forfell eit avdrag på lån. Så av dei inneståande midlane må 53 kroner brukast til å betale avdraget, men resten, 75 kroner kan brukast slik det blir skissert i søknaden.

I mai 1925 søkte Losje Valder om eit lån på 2500 kroner som skulle gå til oppussing og utbetring av losjehuset.  Totalt er utbetringane kalkulert til 3500 kroner, men ein del av kostnadane vil bli betalt med inneståande midlar i Valderø og Omegns  Privatbank. Formann i husstyret, Inge Bakken og medlemmane, Knut E Valderhaug jr., Hans N Skjong og Bernt J Valderhaug måtte alle garanterer for lånet. I tillegg har Peder Bakken og Alf Mulelid underteikna som medlemmar av byggekomiteen.
I 1929, då det var bestemt at banken skulle avvikle var gjelda framleis ikkje oppgjort. Og det ikkje noko nåde for to av dei som hadde garantert for lånet til Losje,  Peder Bakken og Hans N Skjong vart kalla inn på teppet til bankstyret. På det møtet lova dei to at lånet i si heilheit skulle vere innbetalt innan tre veker, noko som sikkert også vart gjort, for vi høyrer ikkje meir om Losje-lånet i protokollane.

 

Tjuvar og kjeltringar
Svindel og bedrag, tjuvar og kjeltringar er ikkje noko nytt. Frå Haugesund Politikammer kom det eit brev datert 27. desember 1924 som fortel om ein mann som hadde henta verdibrev og julekort på posthuset  i Haugesund på sjølvaste julaftan 1924. Då mannen kom fram til kontoret sitt oppdaga han at han hadde mista verdibrevet, ein veksel pålydande 12 000 kroner. Han gjekk då tilbake til postkontoret for å leite etter brevet som han måtte ha mista på vegen mellom postkontoret og kontoret sitt. Ved postkontoret fann den uheldige mannen konvolutten opna, men vekselen var borte vekk. Politimeisteren i Haugesund ber Valderø og Omegns Privatbank, og alle andre bankar i distriktet,  vere merksam på om ein slik sjekk skulle blir prøvd heva.

 

Eit liknande brev kom frå Narvik Politikammer 5. desember 1926. Her dreier det seg om ein mann som er blitt lurt og fråstole sjekkar, kontantar og ei klokke på lokalbåten Skjervøy som låg ved kai i Narvik. Mannen vart fråstole ein sjekk på 2326 kroner og ein sjekk på 770 kroner. I tillegg har han mista sølvklokka si med namnet hans inngravert. Og tjuven hadde også fått med seg 179 kroner i kontantar. Narvik politikammer ber om at det blir telegrafert frå banken dersom desse sjekkane skulle bli prøvd heva. 

 

Finansiering av fiskebåtar
Ein viktig del av banken si verksemd er finansiering av fiskebåtar. I 1920 var  M/K Anker kjøpt av Ole P Valderhaug. MK Anker hadde registreringsnummer M 102 G,  var  bygd i Rosendal i 1920 og var på 50 fot. Båt med vegn vart seld for 15 000 kroner til Ellingsøya i 1922. I 1920 kjøpte Kristian, Alfred og Nils Jangård, båten M/K Arnok som vart registrert M 110 G. Båten var på 43 fot og hadde ei 28 hk Alpha-maskine. Begge desse båtane var finansiert av Valderø og Omegns Privatbank.  Også då ”Arnok” vart seld vidare til Haram i 1925 var det banken som ordna med finansiering og sal.  Vi vil vidare kort nemne andre båtar som var finansiert i banken.  M/K Fram, M 129 G, som vart kjøpt av Gustav Harnes, Petter Vadseth og Knut Vadset.  M/K Lun kjøpt av Ole J Valderhaug og Laurits L Valderhaug. Båten var  på 44 fot og 50 hk Avance-maskine. Båten hadde registreringsnummer M 103 G og vart seinare seld til brørne Ludvig, David, Hans og Karl Skjong. Båten fekk då namnet Hellefisk. Også M/K Nor var finansiert av banken. Den var kjøpt i 1920 av Andreas Oksnes og Petter Leite.

 

Når banken var så sterkt inne i finansiering av fiskebåtar var den sjølvsagt også utsett ved dei store skiftingane innan fiskeria. Den gong som i dag, kunne inntektene for fiskarane variere svært mykje frå år til år. Og når det var år etter år med dårleg fiskeri og dermed magre inntekter, fekk dette store konsekvensar for fiskarane.

 

Annonse for ein motorbåt til sals som stod i Lofotposten 5. juni 1925

 

 

Spesielt vart det problem for dei som hadde eigen båt som var kosta med lånte pengar. Til sjuande og sist måtte mange gi opp, og overlate båten til banken som hadde pant. Valderø og Omegns Privatbank fekk dermed fleire båtar i fanget som dei måtte prøve å selje til høgast mogeleg pris for å avgrense tapa.  Og sala gjekk som oftast greitt, men minst ein gong måtte banken til med annonse i Lofotposten i Nordland. Og responsen på annonsen var stor, både via brev og via telegram.   
 

 

Banken fekk mange svar då dei annonserte ein motorbåt til sals i Lofotposten 5. juni 1925.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Gard og grunn på tvangsauksjon
Dei fleste her ute på øyane var fiskarbønder. Det vil seie dei hadde ein liten gard samstundes med at dei var fiskarar store delar av året.  Og når fiskeria svikta vart det ringverknader også til gardsdrifta. Og mange gardbrukarar fekk problem med å betale avdraga til banken.

 

Derfor hamna mange gardsbruk på Valderøy på tvangsauksjon på slutten av dei vanskelege 1920 åra. I papira til banken kan vi lese om mange personlege skjebne og tragiske hendingar.
Mellom anna kan vi lese om ein som møtte opp i banken sine lokalar og fortalde banksjef Knut E Valderhaug at han ikkje klarte å betale renter og avdrag på lånet sitt. 

 

Annonse for tvangssal av ei gardsbruk på Valderøya i 1929.Banken hadde pant i gardsbruk, krøter og fiskevegn. Familien måtte gå frå gard og grunn og forlet truleg Valderøya for godt.

 

Same dag sende banksjefen melding til lensmann Fjørtoft i Borgund om å ta pant i halvdelen av ein hest, to eller tre kyr, gardsreiskap og nokre fiskereieskap. Dette kom då i tillegg til at banken frå før hadde pant i gardsbruket.  Kort tid etter vart gardsbruket og alt mannen eigde, seld på tvangsauksjon og familien måtte flytte frå øya. Vi veit ikkje kvar.  


Årsrekneskap
Medan den konstituerande generalforsamlinga vart halden på Losjen vart dei ordinære generalforsamlingane avvikla i banken sine lokalar i Kolvikgarden. Når vi veit kor lite dette rommet var så må ein konkludere med at ikkje så altfor mange av banken sine aksjonærar møtte fram til generalforsamlingane. Dette trass i at banken kunne vise til svært gode resultat etter berre kort tids drift. Alt andre heile driftsår, i 1919 kunne banken betale ut 8 % utbytte til sine aksjonærar.

 

Vi skal her ta med nokre tal og opplysningar for nokre av årsrekneskapa:

 

1917
Overskot: kr 4.667
Reservefond: kr 4.667
Utbytte: kr 0
Kasserar: Jensine Oksnes
Revisor: Ole Jangaard
Direktør: Knut E Valderhaug
Direksjon (styret): Andreas P Sæther, Johan N Skjong og Nils K Nordstrand
Representantskap: Ole I Valderhaug, Peder L Skjong, Kristen Valderhaug, Martinus Alnes,
Ole S Roald, og Elias K Valderhaug.
Kontrollkomité: Jens Mulelid og Hans Kr. Jangaard

 

1918
Overskot: kr 5.171
Reservefond: kr 4.667
Utbytte: kr 0
Kasserar: Jensine Oksnes
Revisor: Ole Jangaard
Direktør: Knut E Valderhaug
Direksjon (styret): Andreas P Sæther, Johan N Skjong og Nils K Nordstrand
Representantskap:

Ole I Valderhaug, Martinus Alnes, Ole S Roald, Elias K Valderhaug,

Peder L Skjong, Peder Bakken og Kristen Valderhaug.

Kontrollkomité: Jens Mulelid og Hans Kr. Jangaard

 

1919
Overskot: kr 8.166
Reservefond: kr 13.637
Utbytte: kr 4.368
Kasserar: Jensine Oksnes
Revisor: Ole Jangaard
Direktør: Knut E Valderhaug
Direksjon (styret): Andreas P Sæther, Johan N Skjong og Nils K Nordstrand
Representantskap: Ole I Valderhaug, Elias K Valderhaug, Kristen E Valderhaug, Peder Bakken, Peder L Skjong,  Martinus Alnes, og Ole S Roald
Kontrollkomité: Jens Mulelid og Peter Vaagen

 

1920
Overskot: kr 10.170
Reservefond: kr 18.301
Utbytte: kr 4.368
Kasserar: Jensine Oksnes
Revisor: Ole Jangaard
Direktør: Knut E Valderhaug
Direksjon (styret): Andreas P Sæther, Johan N Skjong og Nils K Nordstrand
Representantskap:

Ole I Valderhaug, Elias K Valderhaug, Kristen E Valderhaug, Peder Bakken, Peder L Skjong, Johan N Skjong, Nils H Nordstrand

Kontrollkomité: Jens Mulelid og Hans Kr. Jangaard

 

1921
Overskot: kr 8.223
Avskriving på tap: kr 8.223
Reservefond: kr 18.301
Utbytte: kr 0
Kasserar: Jensine Oksnes
Revisor: Ole Jangaard
Direktør: Knut E Valderhaug
Direksjon (styret): Andreas P Sæther, Johan N Skjong og Nils K Nordstrand
Representantskap: Ole I Valderhaug, Kristen E Valderhaug, Peder Bakken, Peder L Skjong, Ole P Roald, Elias K Valderhaug og Martinus Alnes
Kontrollkomité: Jens Mulelid og Hans Kr. Jangaard

 

1922
Underskot: - kr 4.100
Reservefond: kr 18.301
Utbytte: kr 0
Kasserar: Jensine Oksnes
Revisor: Ole Jangaard
Direktør: Knut E Valderhaug
Direksjon (styret): Andreas P Sæther, Johan N Skjong og Nils K Nordstrand
Representantskap:

Ole I Valderahug, Kristen E Valderhaug, Peder Bakken, Peder L Skjong, Elias K Valderhaug, Martinus Alnes og Ole S Roald

Kontrollkomité: Jens Mulelid og Peter Vaagen

 

1923
Overskot: kr 4.530
Reservefond: kr 14.226
Utbytte: kr 0
Kasserar: Jensine Oksnes
Revisor: Ole Jangaard
Direktør: Knut E Valderhaug
Direksjon (styret): Andreas P Sæther, Johan N Skjong og Nils K Nordstrand
Representantskap: Ole I Valderhaug, Elias K Valderhaug, Peder L Skjong, Peder Bakken, Kristen E Valderhaug, Martinus Alnes og Lars K Skjong
Kontrollkomité: Jens Mulelid og Peter Vaagen

 

1924
Overskot: kr 3.147
Reservefond: kr 8.756
Utbytte: kr 0
Kasserar: Jensine Oksnes
Revisor: Ole Jangaard
Direktør: Knut E Valderhaug
Direksjon (styret): Andreas P Sæther, Johan N Skjong og Nils K Nordstrand
Representantskap:

Elias K Valderhaug, Lars K Skjong, Martinus Alnes, Peder Bakken, Peter L Skjong, Johan M L Skjong og Rasmus Røssevold

Kontrollkomité: Andreas J Valderhaug og Peter Vaagen

 

1925
Overskot: kr 3.000
Reservefond: kr 5.363
Utbytte: kr 0
Kasserar: Jensine Oksnes
Revisor: Ole Jangaard
Direktør: Knut E Valderhaug
Direksjon (styret): Andreas P Sæther, Johan N Skjong og Nils K Nordstrand
Representantskap: Elias K Valderhaug,  Peder Bakken, Rasmus Røssevold, Johan M L Skjong, Lars J Alnes, Nils H Nordstrand og Lars K Skjong
Kontrollkomité: Peter Vaagen, Andreas J Valderhaug og Rasmus Røssevold

 

1926
Overskot: kr 2.972
Reservefond: kr 3.546
Utbytte: kr 0
Kasserar: Jensine Oksnes
Revisor: Erling Næss og Peter Vaagen
Direktør: Knut E Valderhaug
Direksjon (styret): Andreas P Sæther, Johan N Skjong og Nils K Nordstrand
Representantskap:

Elias K Valderhaug, Rasmus Røssevold, Nils Kolvik, Peder Bakken, Andreas J Valderhaug, Peder L Skjong og Johan L Skjong

Kontrollkomité: Andreas J Valderhaug, Rasmus O Røssevold og Peder Bakken

 

1927
Overskot: kr 1.425
Reservefond: kr 0
Utbytte: kr 0
Kasserar: Jensine Oksnes
Revisor: Erling Næss og Peter Vaagen
Direktør: Knut E Valderhaug
Direksjon (styret): Andreas P Sæther, Johan N Skjong og Nils K Nordstrand
Representantskap: Ole I Valderhaug, Elias K Valderhaug, Peder L Skjong, Peder Bakken, Kristen E Valderhaug, Martinus Alnes og Lars K Skjong
Kontrollkomité: Jens Mulelid og Peter Vaagen

 

1928 - 1933 Avviklingsstyre
Overskot: kr 2.647
Reservefond: kr 0
Tap på lån: kr 14.626
Kasserar: Jensine Oksnes
Revisor: Peter Vaagen og Nils H Nordstrand
Avviklingsstyre: Knut E Valderhaug, Andreas P Sæther og  Johan N Skjong
Direksjon (styret): Andreas P Sæther, Johan N Skjong og Nils K Nordstrand
Varamenn:

Peder Bakken og Rasmus Røssevold

Forstandarskapet: Elias K Valderhaug, Johan L Skjong Nils Kolvik og Rasmus Røssevold

 

 

Siste møte i forstandarskapet/styret var 11. september 1933.
Fylgjande var til stades: Elias K Valderhaug, Nils Kolvik, Jens Mulelid, Peter Vaagen, Johan L Skjong, Lars K Skjong, Jakob K Valderhaug, Nils Nordstrand, Kristen E Valderhaug, Knut E Valderhaug og Johan N Skjong

 

 

To advokatar som tente godt på Valderø og Omegns Privatbank. Spesielt i samband med tvangssal av båtar og gardsbruk.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nye krav til bankane
Dei mange konkursane i Norsk bankvesen gjorde at kravet til eigenkapital vart skjerpa. Og i 1926 kom brevet frå bankinspeksjonen med krav om at aksjekapitalen i Valderø & Omegn Privatbank måtte aukast frå 54 400,- til minimum kr 100 000,-.  Eit anna alternativ var å gjere banken om til ein sparebank. Bankinspeksjonen kom og med eit tredje alternativ, som var å slå banken saman med ein anna bank.  Styret likte svært dårleg krava frå bankinspeksjonen,  men innsåg at dei måtte rette seg etter dei.  Men tidspunktet for å utvide aksjekapitalen svært upassande og styret bad derfor om å få halde fram som før inntil vidare. Styret argumenterte med at det i fleire år hadde vore dårlege tider for fiskeria, og at folk ikkje hadde meir pengar enn dei trong til sitt daglege brød. Dei viste til at tidene i fiskeria alltid hadde gått litt opp og ned, og at dei trudde på at tidene snart måtte betre seg.
Men bankinspeksjonen viste ingen nåde og held fast på sine tidlegare pålegg. Dei påstod også at halvparten av banken sin aksjekapital no vart brukt opp. Med dette som bakgrunn bad bankinspeksjonen om styret sitt syn på banken si framtid.
Styret sendte då eit langt og omfattande tilsvar og sa seg ueinig i bankinspeksjonen si vurdering av banken sin økonomiske stilling. Dei påpeika også at dersom banken vart tvinga til å  avvikle drifta ville verdiane på panteobjekta bli sterkt forringa. Banken hadde sikkerheit i fiskebåtar, sjøpakkhus, og gardsbruk. Heilt til slutt i brevet nærast bønnfell styret bankinspeksjonen om å få halde fram, og vi siterer frå brevet: 
”- Møtets medlemmer vil derfor i ærbødighet henstille autoritetene om at vår lille bank faar dispensasjon fra bestemmelsene i den nye banklov, saaledes at vi kan faa fortsette som hittil i et par års tid. Inden hvilken frist man tør haabe paa at de økonomiske forhold i vore fiskeridistrikter vil forbedres.” 

 

Men bøna hjelpte lite,  for 22. desember 1927 kom den endelege dommen frå Finans- og tolddepartementet. Banken hadde ikkje lenger konsesjon og måtte avvikle drifta innan utgangen av året. Styret hadde ikkje noko val, og innkalla derfor aksjonærane til generalforsamling 21. januar 1928. Her orienterte styrets formann om den nye loven og om bankinspeksjonen sitt vedtak om å ta i frå banken konsesjon.  Styret hadde ikkje noko anna val enn å anbefale at banken vart nedlagt. Aksjonærane innsåg at alle utvegar for å halde fram med drifta,  var prøvde utan resultat. Generalforsamlinga vedtok dermed samrøystes at Valderø og Omegn Privatbank skulle leggast ned. Generalforsamlinga valde også ein komité som skulle arbeide med avvikling av banken og fylgjande vart valde: Knut E Valderhaug, Andreas P Sæther, Johan N Skjong og Peder Bakken. I tillegg vart Rasmus Røssevold vald som varamann.
I fylgje lovene for banken, måtte eit slikt vedtak fattast av generalforsamlinga to gongar. Og tre veker seinare, 11. februar 1928, vart det innkalla til ei ekstraordinær generalforsamling, der ver vedtaka vart gjort for andre gong.

 

Avvikling av banken
Drifta av banken vart straks stoppa og arbeidet med å avviklinga vart no satt i gong, eit arbeid som skulle vise seg å ta nesten fem år. 1. januar 1928 hadde banken ei fordringsmasse på 142 000 kroner, og styret meinte det skulle gå greitt å få avvikla desse engasjementa.  Ein del lån vart innfridd av lånetakarane medan andre lån var overført til andre bankar. Men to av banken sine engasjement viste seg å bli svært vanskeleg å få rydda opp i.
Det eine engasjementet omhandla seg om sal av sild til Polen. Beløpet det var snakk om var 3 246 kroner. Denne fordringa vart seld til ein anna bank til ein sterkt redusert pris. Og om kjøparen nokon gong fekk inn pengane veit vi ikkje noko om.

Det andre problemlånet handla om åtte obligasjonar, kvar på to tusen kroner,  som var utstedt til Haugesund by i 1917. Haugesund kom opp i store økonomiske vanskar, og byen vart etter kvart tatt under administrasjon av det offentlege. Og i 1930 fekk Haugesund ei akkordordning.  Banken prøvde i mange år å få selt desse obligasjonane men utan hell, før Søndmøre Gjensidige Assuranseforening for Fiskefartøyer kom inn som ein reddande engel. Heilt tilfeldig var nok ikkje dette,  for selskapet som til dagleg vart omtalt som Øyassuransen, hadde same styreformann som Valderø og Omegn Privatbank, Knut E Valderhaug. Sjølv om det står i utskrifta frå Øyassuransen at Knut E Valderhaug ikkje var med i handsaminga av denne saka,  hadde han nok minst ein finger med i spelet for å få saka ut av verda. Øyassurransen betalt kr 4 800 kroner for panteobligasjonane,  30 % av pålydande. Obligasjonane var pålydande til saman

18. 000 kroner. 

 

Annonse for generalforsamlinga som skulle avgjere om banken skulle oppløysast eller ikkje

 

 

 

 

Aksjonærane fekk pengane tilbake
Trass i problem med ein del engasjement i sluttfasen kunne banken betale tilbake aksjekapitalen til aksjonærane sin med eit frå drag på 5 %. Når vi eit at dei to gongar tidlegare, i 1920 og 1921,  hadde fått utbetalt 8 % utbytte kan vi trygt seie at investorane gjekk skadefri ut av sine bankinvesteringar, slett ikkje verst. Arbeidet med å avvikle banken vart formelt avslutta 11. september 1933. Då la styret fram sin sluttrapport og den aller siste rekneskapen til AS Valderø og Omegn Privatbank.

 

 

 

 

Fann arkivet i Kolvikgarden

Kolvikgarden der banken held til gjekk i arv i familien og då Rasmus Lausund døydde i 1980 varet garden tatt over av Noralf Farstad, ein slektning av Rasmus frå Løvsøya. Då han var i ferd med å rydde opp på garden fann han ei gamal brødkasse frå Lillevolds bakeri full av gamle dokument. Han kontakta meg, fordi han viste at eg var opptatt av lokalhistorie. - Du må kome å sjå om dette er noko å ha eller om eg skal brenne det, sa Noralf. Eg hadde høyrt historia om den gamle banken,  og forstod straks kva dette var. Eg tok vare på dokumenta som har danna grunnlag for denne artikkelen. Mange av dokumenta var sterkt skadd av mus og uty, men dei aller fleste var slik at dei kunne lesast. I meir enn 50 år hadde dokumenta som fortel så mykje om vår nære historie stått i eit stabbur, og vart så vidt berga frå å bli brent. Men arkivet hadde nok ikkje lagt i brødkassa frå Lillevold i alle desse åra, for bakeriet vart ikkje starta før i 1948.
 

Slik ser huset i Kolvikhuset ut i dag, sterkt modernisert. Til venstre skimtar vi idrettshallen på Valderøya.

 

Aksjonærar i Valderø & Omegns Privatbank

 

Namn Stilling Adresse

Aksjar

Peder N Urkedal Fiskar Grytastranda 1
Elias P Urkedal Fiskar Grytastranda 1
Elias K Valderhaug Fiskar Valderøy 10
Jacob K Valderhaug Fiskar Valderøy 10
Nils K Valderhaug Fiskar Valderøy 5
Laurits K Valderhaug Fiskar Valderøy 5
Severin Løeg Fiskar Valderøy 1
Johan Knutsen Fiskar Valderøy 1
Knut Hansen Dreng Valderøy 1
Nikoline Knutsen Pike Valderøy 1
Martha Knutsen Pike Valderøy 1
Johan Hansen Fisker Valderøy 1
Bernhard Eliassen Fisker Valderøy 2
Ole Hansen Fisker Valderøy 5
Hans B Nordstrand Fisker Valderøy 2
Andreas J Valderhaug Fisker Valderøy 10
Lars J Valderhaug Fisker Valderøy 8
Olai Mulelid Handelsmann Valderøy 5
Johan Hermann Løeg Fyrvaktar Valderøy 1
Elias O Farstad Gardbrukar Valderøy 4
Johan J Valderhaug d.y. Gardbrukar Valderøy 2
Ole J Valderhaug Fiskar Valderøy 1
Joakim O Valderhaug Gardbrukar Valderøy 1
Alfred Jangaard Fiskar Valderøy 3
Kristian Jangaard Fiskar Valderøy 3
Hans Kr. Jangaard Fiskar Valderøy 3
Karl Godø Gardbrukar Valderøy 5
Petter Løkken Gardbrukar Valderøy 2
Einar Valderhaug Fiskar Valderøy 5
Kristen Valderhaug Gardbrukar Valderøy 5
Elias B Valderhaug Fiskar Valderøy 5
Johan N Skjong Gardbrukar Valderøy 10
Edvin H Skjong Fiskar Valderøy 5
Severin A Skjong Kårmann Valderøy 5
Kristian L Skjong Fiskar Valderøy 5
Lars K Skjong Gardbrukar Valderøy 5
Johan M L Skjong Gardbrukar Valderøy 5
Andreas J Skjong Fiskar Valderøy 5
O. Ose Forretningsmann Valderøy 4
Ludvig H Skjong Fiskar Valderøy 5
Elias Aa Skjong Fiskar Valderøy 5
Peter L Oksnes Gardbrukar Valderøy 6
Laurits B J Skjong Fiskar Valderøy 2
Johan P Oksnes Gardbrukar Valderøy 2
Bernt L Nordstrand Forretningsmann Valderøy 5
Nils J Sæther Fiskar Valderøy 10
Andreas K Sæther Gardbrukar Valderøy 5
Ole L Nordstrand Gardbrukar Valderøy 5
Rasmus Røssevold Fiskar Valderøy 5
Hilmar N Nordstrand Fiskar Valderøy 5
Hans M Nordstrand Fiskar Valderøy 5
Knut L Valderhaug Smed Valderøy 3
Nils H Nordstrand Gardbrukar Valderøy 4
Peter K Vadseth Gardbrukar Valderøy 1
Hans P Oksnes Gardbrukar Valderøy 1
Karl Nordstrand Skipper Valderøy 4
Ole T Nordstrand Fiskar Valderøy 3
Knut P Vadseth Fiskar Valderøy 2
Gustav A Harnes Fiskar Harøy 3
Knut A Nordstrand Fiskar Valderøy 1
Peter P Leite Gardbrukar Valderøy 1
Martinus H Nordstrand Gardbrukar Valderøy 3
Lars J Kurseth Gardbrukar Valderøy 5
Ole M Valderhaug Fiskar Valderøy 2
Peder S Giske Fiskar Valderøy 4
Laurits H Valderhaug Gardbrukar Valderøy 4
Hans L Valderhaug Fiskar Valderøy 5
Martinus R Valderhaug Gardbrukar Valderøy 2
Nils J Rasmussen Fiskar Valderøy 1
Karl L Valderhaug Fiskar Valderøy 3
Peter Vaagen Gardbrukar Valderøy 1
Lars P Valderhaug Fiskar Valderøy 5
Jens Mulelid Handelsmann Valderøy 5
Nils A Valderhaug Fiskar Valderøy 1
Ole A Valderhaug Fiskar Valderøy 2
Ågne E Valderhaug Gardbrukar Valderøy 5
Lars M Valderhaug Fiskar Valderøy 3
Knut E Valderhaug Assuransedirektør Valderøy 5
Johan Kr Flem Kårmann Flemsøy 5
Laurits A Flem Fiskar Flemsøy 2
Rasmus P Pilskog Snekkar Ålesund 10
Martinus J Alnes Handelsmann Alnes 5
Johannes M Alnes Fiskar Alnes 5
Ivar M Alnes Gardbrukar Alnes 2
Peder Eliassen Alnes Fiskar Alnes 3
Lars Jensen Alnes Fiskar Alnes 4
Anders N Aarseter Grosist Ålesund 50
T Berset Grosist Ålesund 20
Oskar Larsen Grosist Ålesund 20
Ole I Valderhaug Kjøpmann Ålesund 20
J Kjærsem Bakar Ålesund 10
Johan O Nordstrand Skipper Ålesund 10
L Krohn Dale Kjøpmann Ålesund 5
Nils Halsebø Kjøpmann Ålesund 2
Peder Breivik Skipper Ålesund 5
Bernt Krøvel Skipsmeglar Ålesund 3
Peter Jangaard Skipper Ålesund 5
Henny Bakken Pike Valderøy 1
Petra Bakken Pike Valderøy 1
Marie Bakken Pike Valderøy 1
Emma Bakken Pike Valderøy 1
Ingvald Bakken Dreng Valderøy 1
Nikoline Bakken Pike Valderøy 1
Hanna Bakken Pike Valderøy 1
L A Jansen Toller Ålesund 1
Knut O Vasstrand Fisker Sula 5
Ole S Roald Gardbrukar Roald 15
Peder Bakken Gardbrukar Valderøy 2
Andreas P Sæter Gardbrukar Valderøy 5
Karl S Sæter Gardbrukar Valderøy 1
Severin K Sæter Dreng Valderøy 1
Ole Thu Gardbrukar Valderøy 1
Hilmar Sæter Fiskar Valderøy 5
Ole J Storheim Gardbrukar Valderøy 1
Nils H Sæter Gardbrukar Valderøy 2
Jacob S Roald Skipper Roald/Ålesund 20

 

Totalt 546 aksjar

 

 

Panteobligasjon frå banken.

 

 

Gjeldsbrev frå banken.

 

Av: Odd Egil Valderhaug