OddEgilValderhaug.no © 2011

Valderos

 

 

Etablert i 1956

 

Valdéros vart starta i 1956. Først under namna Lefima, så Inkoma som var initialane til medlemmane Inge Bakken, Kolbjørn Godø og Magne Valderhaug. Seinare kom Birger Aarseth med på trommer. Då Magne Valderhaug var i militæret i perioden fra hausten 1958 til våren 1960, vikarierte både Olav Gudmundseth og Jostein Mulelid i trioen.

Valdéros spelte mykje i bryllaup og på dansar rundt omkring på Sunnmøre, mellom anna på Løvsøya og Søvika.

 

Valdéros slutta i 1962/1963

På dette bildet ser vi Valdéros under revyen ”Rusk i dusken” som Valderøy Frilynde Ungdomslag framførte på Losjehuset på Valderøya i 1960. Vokalist er Kari Muren (gift Bonkowski), og elles i orkesteret ser vi frå venstre: Inge Bakken på trekkspel, Birger Aarseth trommer og Magne Valderhaug på gitar.

 

 

 

 

Av: Odd Egil Valderhaug