OddEgilValderhaug.no © 2011

Comancheros - The Swifters

 

 

Etablert i 1961

 

Suksess på Arbeider`n og til topps i Volda i 1964

 

Bilder av bandet finner du her...

 

Det var guttemusikken som var ståstaden for dei fem gutane som starta ”Comancheros” i 1961. Per Hauge og Hans Oksnes trakterte begge klarinett. Louis Nordstrand spelte trombone, Per Henning Oksnes trompet og Johnny Groven trommer.


Øvingane til bandet gjekk føre seg i løa til far til Louis, berre omtalt som  ”Lisaløa”  Og musikken var noko bortimot dixiland eller gladjazz. Men dei to komande åra skjedde det mykje på musikkfronten her i landet, The Shadows vart svært populære,  og i Liverpool var fire ungdommar med gitar og trommer i ferd med å erobre verda.

Orkester med blåseinstrument var ikkje lenger ”in”, no skulle det vere gitarar og slagverk. Og sommaren 1963 bestemte gutane seg for å skifte ham. No skulle klarinett, trompet og trombone skiftast ut med gitarar.  Comancheros skulle gjerast om til eit Shadows-band med tre gitarar og trommer.   Men den idèen likte Per Henning svært dårleg og han valde derfor å slutte i bandet.

 

Instrument på avbetaling
I staden for Per Henning kom ein ung blond utesiglar med i bandet, Harald Kolaas. Dei andre bandmedlemmane hadde då alt fordelt instrumenta mellom seg, og bassgitaren var det einaste instrumentet som var ledig.
At han noko motvilleg måtte traktere bassgitaren var for så vidt greit, problemet var heller at han ikkje hadde nokon bassgitar å spele på. Han fekk då beskjed om å gjere som dei andre i bandet, dra til Rosenberg musikkhandel i Ålesund og kjøpe ein bassgitar på avbetaling.
Problemet var at når ein skulle handle på avbetaling måtte ein vere over 21 år eller så måtte foreldra skrive under på kontrakta.
Men å spørje far Olav om hans underskrift på ei avbetalingskontrakt så han kunne kjøpe seg gitar og forsterkar, vart for vanskeleg for sekstenåringen.
Men er det noko ein verkeleg vil ha, så er kreativiteten stor.
Harald drog til Rosenberg i Ålesund og bestilte instrumenta han hadde brukt for og sa til musikkhandlaren at han berre kunne ringe heim til dei så ville faren kunne bekrefte at han hadde løyve heimanfrå.
Det Rosenberg ikkje viste var at nummeret han fekk, var til foreldra til Hans. Der sat Hans parat til å svare telefonen, til avtalt tid og med si grove og mandige røyst. Hans, som gav seg ut for å vere Olav Kolaas, kunne bekrefte at sonen hadde løyve til å kjøpe instrument på avbetaling. Harald kan ikkje hugse korleis kontrakten var underteikna, men vi ordna også det på ein måte, fortel han.

Harald som no i ein periode var på sjøen, hadde ikkje problem med å betale avdraga. Dei andre i bandet som gjekk på skule og ikkje hadde fast jobb, kunne derimot til tider ha problem med å betale avdraga. Då var Harald god å ha, og som den einaste av dei som tente pengar, måtte han forskottere avdraga for dei andre.

 

Hans som til no hadde spelt klarinett, skulle vere med vidare med i bandet vidare, men klarinetten var skifta ut med saxofon. Heile sommaren 1963 jobba han på ”Fauske-buda” for å spare seg opp nok pengar til å kjøpe seg ein Selmer saxofon.

Bandet hadde heller ikkje forsterkarar, og Per og Louis måtte den første tida koble gitarane sine til ein gamal radio. Også det gjekk på ein måte sjølv, om lyden ikkje akkurat var på topp.
Den første forsterkaren bandet hadde, kjøpte dei med Haldor Sæther i Hurricanos. Det var ein heimelaga forsterkar som seinare vart selt til eit anna Valderøy-band som var under etablering,

 

The Roatnicks, seinare The Black Beats.
Etter kvart vart det kjøpt ein Hagstrøm bassforsterkar og ein Vingtor forsterkar til rytmegitaren. Men det var først då gruppa investerte i ein Dynacord forsterkar med ekkomaskin at det vart skikkeleg poplyd. Men sjølv om forsterkarane var nye, måtte ein stadig reparere leidningar og pluggar med tyggegummi.
Louis kan fortelje at ein gong begynte det å ryke utav ein forsterkar medan bandet stod på scena. Men også det enda bra. 

 

Comancheros hadde no denne samansetjinga: Louis Nordstrand (Framus) sologitar, Per Hauge (Høfner) rytmegitar, Harald Kolaas (Framus) bassgitar, Hans Oksnes (Selmer) saxofon og Johnny Groven (Artist) slagverk. Namna i parantes er merka på instrumenta som var svært viktig i miljøet på den tida. 

På denne tida var både Johnny og Harald på sjøen, om bord på same båt, Fremad M 46 G. Båten tilhøyrde Oskar Rødstøl eller ”Myre-Oskar” som han til dagleg vart kalla. Og Harald fortel at dei to brukte alle slags påskott for at Oskar skulle sette kursen hei matt til helga slik at dei fekk spele til dans. Båten som var på 45 fot og hadde ein 120 hk Normo-maskin, vart seld til Færøyane i 1966

 

Suksess på scena
Første opptreden til Comancheros var på eit ungdomsmøte på Husmortun. Her vart dei etter kvart fast husorkester, og bandet kom seinare med i Valderøy Frilynde Ungdomslag sine revyar. Og då ungdomslaget sette opp revyen ”Blott til lyst” på Arbeidaren i Ålesund hausta dei glimrande kritikkar. Og i Sunnmørsposten kunne vi lese: ” - Comancheros kan bli litt av en komet i vide kretser. Tenorsaxofinisten Hans Oksnes overrasket stort.”
Og Sunnmøre Arbeideravis, seinare SA, skreiv noko liknande:
”- Fem 15-16 åringar har nyleg starta Comancheros og dristig framførte dei også klassiske stykke i popstil. Ein kan vente seg mykje av desse karane, og saxofonisten Hans Oksnes bør framhevast”. Hans Oksnes fortel no i ettertid at det eigentleg var Per som burde hatt æra. For  i vekevis hadde han sveitta og streva under øvingane med å synge melodien inn i øyret til Hans slik at han skulle lære melodien korrekt etter plata.

Etter revyen spelte Comancheros til dans på Arbeider`n. Eit oppdrag dei delte med eit anna Valderøyorkester, Hurricanos. Dette var ein av dei første dansane til Comancheros, men den aller første dansen hadde dei på Mjølner på Vigra. Og det skulle etter kvart bli mange dansar på Vigra der ofte Valderøy Frilynde Ungdomslag stod som arrangør.
 
Namneskifte
Opptreden på Arbeider`n var noko av det siste Comancheros gjorde før dei skifta namn til The Swifters. Dette namnskiftet skjedde på våren 1964.
Skifte av namn var ein naturleg konsekvens av at dei eit halvt år tidlegare hadde endra både instrumentering og musikkstil. The Swifters, som  kan omsetjast med ”dei raske”, var meir i tråd med namneskikken for  slike band på midten av 60 talet.

På den tida fekk The Swifter også eit nytt bandmedlem.
Harald som var sjømann, hadde ofte lange turar til sjøs. Og for å traktere bassen når han var vekk, vart Terje Valderhaug tatt med i bandet. I åra framover delte dei to på jobben som bassgitarist.

 

Eit seriøst poporkester på den tida skulle vere likt kledd, og Swifters investerte i nye stilige sceneantrekk. Pepitaruta bukser, kvite skjorter med tynne svarte striper, svart skinnslips og svart skinnvest. Og sjølvsagt ”Beatles-sko”,  korte boots med litt høge helar.

 

Til topps i amatørkonkurranse
I 1964 deltok The Swifters i ein amatørkonkurranse i Volda saman med mange av dei beste banda på Sunnmøre. Forventningane på førehand var ikkje så store med omsyn til plassering, men då gutane stod på scena klaffa alt hundre prosent. Hans spelte ”Sheppertwist” på saxofon som han ikkje har gjort verken før eller seinare, og The Swifters gjekk heilt til topps i konkurransen.  Men vel så stor stas var det kanskje å slå Vigra-bandet The Shades som vart nummer to. Men for dei to populære Ålesunds-banda som deltok i konkurransen,  The Quinters og The Black Jets, måtte det vere audmjukande at dei to første plassane var erobra av to ”bone-band”.  Utover at dei vann amatørkonkurransen hugsa gjengen ikkje så mykje anna enn at dei måtte overnatte på flatsengar på ein skule i Volda. 

Den imponerande innsatsen i Volda førte til oppslag både i Sunnmørsposten og i lokalavisene i distriktet. Og som ei direkte følgje av dette vart bandet engasjert til å spele til dans i Geiranger. Ein både lang og strabasiøs tur når ein tenkjer på at bandet den gong ikkje hadde bil. Dei måtte bere instrumenta frå ferge til buss og frå buss og til ferge fleire gongar før dei var i Geiranger. Men det var slitet verdt når ein kunne få ein så attraktiv spelejobb. 

 

Prøvespeling for Arne Bendiksen
Etter suksessen i Volda vart det mange spelejobbar over heile distriktet, mellom anna på Nordøyane. Ute på Fjørtofta og Haramsøya kom ikkje folk på dans før ved midnatt, og bandet spelte då heilt til første ferga gjekk til byen neste morgon kl 07.00.

The Swifters deltok også på eit stort show i Torghallen i Ålesund saman med mellom anna ålesundsbandet The Climbers, som då hadde fått platekontrakt. Også eit populært Svensk band deltok. Gjengen er litt usikker på kva namnet var,  men truleg var det The Caretakers.

Men toppen var då The Swifters skulle prøvespele for norge sin popguru nummer ein på den tida, Arne Bendiksen. Mange av dei beste artistane på Sunnmøre vart då samla til eit show på Arbeider`n og her fekk dei opptre samen med kjende norske artistar som mellom anna Kirsti Sparbo. Og Harald kan framleis hugse kor stolt han var då han skreiv autografen sin til Kirsti Sparbo.

 

Den første tida spelte The Swifters berre instrumentallåtar på gitar og saxofon. Men etter kvart tok dei sjansen på å synge, og det var Per som var først ute. Og han vart etter kvart ein råtamp på rock.  Hans versjon av Beatles-låtane  ”Twist and shout” og Rock and roll music” vil alltid stå som eit monument over 60 talet.  Og stort dårlegare var ikkje framføringa av ”Hippi hippi shake” med Swinging Blue Jeans.

Harald som seinare er blitt mest kjendt som ein habil country-songar torde ikkje synge før etter ein revy i 1965. I referatet frå revyen i Sunnmørsposten kunne vi då lese fylgjande:
”- og som konkurrent til Vigras ”Jim Reeves”, presenterte valderøyingene sin egen ”Bobby Bare”, Harald Kolaas som ble akkompagnert av cowboykledte gitarister”.
I same revy deltok også Lisbeth Urkedal saman med The Swifters, og ho vart med som meir eller mindre fast vokalist i dei neste par åra.

Etter at gutane var ferdig med gymnaset i 1967, var gjengen spreidd for alle vindar, og epoken med The Swifters var over. Først i 1995, 28 år seinare stod dei samla på scena igjen. Det var under eit Club Remember-arrangement på Vigra. Og 2. februar 2002 fekk publikum på nytt møte det populære bandet, 35 år etter at dei slutta.

 

Av: Odd Egil Valderhaug