OddEgilValderhaug.no © 2011

Då Valderøyingane oppdaga The Beatles - 1963

 

 

1963


Valderøy tidleg på 60-talet. Eit søvnig lite øysamfunn der dei aller fleste budde på eller i tilknytning til ein gard. Derfor hadde folk alltid gardsnamnet framfor fornamnet sitt. På den måten visste alle kven ein  var og kva for ein gard ein kom ifrå. Dei fleste foreldre var enten fiskarar eller bønder,  eller ofte begge deler. Tidleg på 60-talet fekk øya to nye sentrale institusjonar, kyrkja og Vangen Kafe. Og den nye kaféen til Marta vart snart eit naturleg samlingspunkt for ungdommane på øya. Ungdomskulturen på den tida var nokså enkel og var konsentrert om tre miljø, bedehuset, ungdomslaget og guttemusikken.

Men ein kan trygt seie at det stort sett var dei same ungdommane som var aktive i ungdomslaget og som spelte i guttemusikken. Og korpset påverka nok sterkt ungdommane sin musikksmak og gladjazz, brass og dixiland var naturleg nok svært populært, i tillegg til Elvis og rock då. Denne musikkstilen dominerte også musikkstilen til dei lokale orkestera som Comancheros og Real 1 boys. Det var også denne stilen som ga inspirasjon til planane om å starte The seven cometos, som rett nok aldri vart realisert.
Men tidleg på 60-talet vart The Shadows svært populære og ungdommen ville no lære seg å spele gitar for å kunne starte Shadows-band med tre gitarar og slagverk.

 

The Beatles i Fyllingbutikken
Fylling Farge & Elektro var den første spesialbutikken på øya og vart starta i kjellaren i bustadhuset til Petter Fylling, bestefar til Ronny.  I 1963 var han i ferd med å utvide butikken nedover mot vegen, og taket og golvet på nybygget var ferdig støypt, men det mangla framleis veggar. Det er i dette lokalet vi i dag finn frisørsalongane Krølle og Frisørloftet. Under utvidinga var butikken framleis i drift i gamlehuset i bakkant.

Ein oktober-kveld i 1963 var ein gjeng ungdomar i 13-års alderen som vanleg ute og rusla langs vegane. Dei passerte Fyllingbutikken og fekk auge på eit tv-apparat i vindauget. Og berre det å sjå eit tv på den tida var stas,  for det var ikkje så mange som hadde tv heime. Eg kan godt hugse at far til »Malna-Janne», som gjekk i klassa mi,  kjøpte tv på denne tida og i eit langfriminutt fekk vi bli med Janne heim att for å sjå på prøvebildet. Ikkje så rart då at ungdomsgjengen stoppa ved Fyllingbutikken denne kvelden for å sjå på tv. Sjølv om det som vart vist i utgangspunktet ikkje var så frykteleg spennande. Det var eit underhaldningsprogram der fire ungdomar med gitarar og slagverk spelte og song ein muskk som verka nokså uvant akkurat då. Men aller mest reagerte ungdommane på det lange håret og den pussige sveisen til musikarane.

 

Dagen etter på skulen vart det dei hadde sett på tv kvelden før, diskutert, så på ein eller anna måte hadde dette påverka gjengen.
Og noko overraskande kunne ein i klassen, Trygve Bjørnerem, fortelje at det vi hadde sett var ei engelsk gruppe som kalte seg The Beatles. Og ikkje nok med det, han kunne også fortelje at medlemmane i gruppa heitte John, Paul, George og Ringo.
Seinare har vi fått vite at dette var eit konsertopptak med The Beatles frå Stockholm.

Lite visste vi den gong kor stor påverknad The Beatles skulle få på vår ungdomstid og på ungdomskulturen for ein heil generasjon. Det fekk også umiddelbar verknad for musikksmaken til ungdommen. Noko som igjen førte til omfattande omorganisering av dei  lokale orkestera. No vart trompetar, klarinettar og trombonar og bytta ut med gitarar og slagverk. Og orkesteret The Seven Cometos som var i støypeskeia var straks skrinlagt og opp dukka gitarbandet The Routnicks med tre gitarar og slagverk. Rett nok med ein mann på trompet.


 

Av: Odd Egil Valderhaug