OddEgilValderhaug.no © 2011

The Roatnicks - The Black Beats - 1963

 

 

Etablert 1963

 

Deltok i Det Nye sin talentkonkurranse i 1964

 

Bilder av bandet finner du her...

 

Dei fem tenåringane som våren 1963 starta orkesteret The Roatnicks  var kameratar, og fire av dei gjekk i same klasse på Valderøy.  Truleg sette The Beatles sin tv-opptrenden i 1963 fortgang i planane om å starte eit band. Gutane som var 13 og 14 år gamle,  spelte i guttemusikken, og dette hadde nok likemykje å seie som The Beatles sin opptreden på tv. For med utgangspunkt i guttemusikken hadde gjengen ei tid snakka om å starte eit dixiland-orkester med 7 medlemar og namnet var alt bestemt, »The Seven Cometos». Men det vart med namnet, orkesteret kom aldri i gong.
Men The Beatles medverka nok til at det vart starta eit band med gitarar og slagverk i staden for eit orkester med blåseinstrument.
Heilt utan blåseinstrument vart det likevel ikkje, for bandet hadde med ein på trompet.  Og desse fem var med i bandet som fekk namnet »The Roatnicks»:  Rolf Gudmundseth på rytmegitar, Eskill Nordstrand bass, Odd Hellevik sologitar, Aslak Valderhaug på trompet og Odd Egil Valderhaug på trommer.

 

Instrument
Det største problemet for det nye bandet var å skaffe instrument. For Rolf gjekk det greitt, for broren Bjørn var ein habil gitarist og hadde ein stor akustisk orkestergitar som Rolf fekk låne. Odd som skulle spele sologitar, laga seg like godt ein plankegitar på sløyden. Han kjøpte gripbrett og mikrofonar og laga resten sjølv. Ein flott gitar med eit moderne design i lakka mahogni.
Aslak løyste sitt behov for instrument ved å låne ein trompet med skulemusikken.
Det største problemet hadde nok Odd Egil som skulle traktere trommene, for å skaffe eit slagverk verka nesten uoverkomeleg. Så i starten fekk ein klare seg med ei enkel skarptromme, og den fekk han låne med skulemusikken. Men ein kunne ikkje spele tromme i eit band med tromma hengande i ein sele på magen slik ein gjer i guttemusikken. Nei, ein måtte ha eit stativ til å sette tromma på og det fekk han sveisa saman nede i smia med Laurits Valderhaug.
Men trongen om symballar og tråbekken dukka nokså snart opp. Kreativiteten var stor, og ved hjelp av nokre avlagte symballar frå skulemusikken, ei fjør frå ein rattkjelke, eit rør og litt armeringsjern så hadde dei tilfanget. Resten ordna Laurits nede i smia, og vips så hadde The Roatnicks også eit tråbekken.

Eskill som skulle spele bass, klarte utruleg nok å overtale far sin til å spandere ein splitter ny bassgitar på seg.  Gitaren som vart kjøpt hos Havnevik i Ålesund, var lys blå av merket Kent, og mange misunte nok Eskill den flotte gitaren. Prisen var 695 kroner og vart kjøpt på avbetaling. Han måtte ut med 175 kroner kontant og deretter kr 35,- pr månad. Eit betydeleg beløp i 1963.

Men eit ordentleg band må også har forsterkarar og det vart ordna  takka vere ein grei sløydlærar, Bjarne Eikrem. Han lånte vekk sin vesle Kurer reiseradio til bandet. Han angra nok bittert då han oppdaga at både ein bassgitar og ein sologitar var kopla til den vesle radioen. Men lyd vart det, på ein måte. Litt betre vart forholda då Eskill fekk låne forsterkaren på stereoanlegget til bror sin, Arne. Eskill og Odd bygde store høgtalarkasser på sløyden som vart kledd med gult og svart skaytrekk. Høgtalarar til å sette i kassene lånte også Eskill frå bror sin som på den tida avtente verneplikta si i FN-styrkane i Gaza.


Øvingslokaler
Bandet levde den første tida eit omflakkande tilvere og øvde både i kjellaren til Eskill, i »Knutisjåen» og på toppen av gamleskulen.
Så vart øvingane flytta til Mulelid, der foreldra til Rolf dreiv ein liten fiskematfabrikk. Etter kvart vart øvingane flytta til kjellaren til foreldra til Odd Egil. Når vi tenker på det i dag, er  det utruleg at foreldra heldt ut med det forferdelege bråket dag ut og dag inn. Det måtte utvilsamt vere ein god del støy, for den musikalske kvaliteten var nok så som så den første  tida.  

Odd Egil vart aldri fortruleg med at han ikkje hadde eit ordentleg slagverk. Då han fekk høyre rykte om at Birger Aarseth skulle selje sitt Lefima slagverk, bestemte han seg ganske raskt. Det slagverket skulle han ha. Men problemet var å skaffe til veie kjøpesummen på 250 kroner. Løysinga vart at han heile sommaren 1964 fiska krabbe saman med Erling og Odd Hellevik. Krabben vart kokt i klegryta i vaskekjellaren til mor hans, og deretter bar det rundt på bygda med ei trillebår full av ferdig kokt krabbe. Salet gjekk strykande, og kjøpesummen på 250 kroner nærma seg sakte men sikkert. Då han hadde klart å spare opp 200 kroner, betalt bestemora resten, og slagverket kunne hentast med trillebår hos Birger Aarseth. Den same trillebåra som vart brukt til krabbesal.

 

Rock på klassefest
Det meste av fritida gjekk med til øving, og etter kvart klarte gutane å øve inn nokre melodiar. Aslak mestra trompeten godt og snart kunne The Roatnicks spele både ”Down by the river side”  og ”Lappland”.
Odd på sologitaren vart også stadig bedre og kunne etter kvart mestre både Shadowslåta »Team for young lovers»,  »Barndomshjemmet» og »Gjest Bårdsen».
Men størst oppsikt gjorde nok bandet då Rolf våga seg til å synge, og det var ikkje kva som helst slags låt, Beatles-melodien »Twist and shout».  Denne melodien vart framført med god styrke under ein  klassefest for Realskulen på festsalen på skulen. Denne kvelden hadde bandet lånt forsterkarane til The Swifters, så det var god trøkk frå scena.  Vaktmeisteren som hadde si leilegheit ved sida av festsalen, hadde lagt seg nedpå for å få seg ein middagslur. Men han vart brått og brutalt vekt av eit ufatteleg bråk. I vilt raseri og med håret til alle kantar storma han inn i festsalen medan han vifta med armer og bein. Musikken stoppa brått, og dei unge musikarane fekk i klare ordelag vite kva han syntes om det organiserte bråket. Dette var første og siste gong The Roatnicks spelte på festsalen.

 

Amatørkonkurranse på Sjøholt
Men om ikkje alt klaffa på heimebane gjorde The Roatnicks det godt utanfor vår kommune. I ein amatørkonkurranse på Sjøholt i 1964 kom dei faktisk på tredje plass. På førsteplassen hamna The Shades frå Vigra og på andre plass Ålesundsbandet The Shawnes med kjende namn som Ole M Ellefsen, Franz Løvensprung og Egil Ødegård. Premiane på den tida var ikkje akkurat overdådige, og premien for andre plassen var ei lita gummiand til kvar av medlemmane i bandet.
På fjerde plassen bak The Roatnicks hamna det populære Ålesundsbandet The Quinters med den ukrona popkongen Einar Heen i spissen. Når ein konkurrerte ut The Quinters, var det greit å hamne på  ein tredje plass, meinte gjengen i The Roatnicks.  Og premien var trekorg med bein på deling og ei lita dokke i ei silkesnor til kvar av bandmedlemmane. Korga har faktisk Odd tatt vare på i alle desse åra.
 
The Roatnicks deltok også på ein amatørkonkurranse på Mjølner like etter, men truleg vart plasseringa her ikkje så imponerande, for ingen av bandmedlemmane har lagt seg på minne korleis det gjekk.

 

Talentkonkurranse i Det Nye
Eit av høgdepunkta til bandet var då dei deltok i talentkonkurransen som det populære ungdomsbladet Det Nye arrangerte. Bandet fekk låne eit klasserom på skulen og øvde der i dagevis. Med skulen fekk dei også låne ein bandopptakar for å ta opp nokre melodiar som skulle sendast til Det Nye.  Det Nye skulle også ha bilde av artistane som deltok i talentkonkurransen. Og Harald Valderhaug, som alt då var ein habil fotograf, vart hyra inn for å ta bilder. Bildet som er brukt i denne reportasjen, er så vidt vi kjenner til det einaste bildet som nokon gong er tatt av The Roatnicks. Etter at bilda og spolebanda vart sendt inn venta gjengen spent på svar frå Det Nye og Yngvar Holm, som var ansvarleg for talentkonkurransen. For premien var fantastisk for vinnaren, platekontrakt med RCA. Sjølv om The Roatnicks aldri vann denne konkurransen,  fekk dei diplom frå Det Nye som takk for at dei deltok.
Også seinare det same året deltok bandet i Det Nye sin talentkonkurranse og fekk på nytt tilsendt diplom.
Eskill har tatt vare på begge desse diplomane i alle desse åra, og på den eine står Det Nye sin Talentkonkurranse 1964 og på den andre 1964/1965


Frå The Roatnicks til The Black Beats
I løpet av 1964 vart namnet på bandet endra frå The Roatnick til The Black Beats. Kva som var årsaka til namneskiftet er noko uklart for bandmedlemmane.
Om lag på denne tida vart det kjøpt ein heimelaga forsterkar frå The Swifters. Forsterkaren hadde før det tilhøyrt Haldor Sæther som spelte i bandet Hurricanos. Fronten på forsterkaren vart dekorert med The Black Beats med store kvite bokstavar på blå bakgrunn. Det var berre eit problem med denne forsterkaren, den tok av og til inn radiosendingane frå Vigra lokal. Og midt under ei øving var det Erik Bye med Anna Lovinda som ljoma ut i frå høgtalarane i staden for kvinande gitarlydar. 


Ungdomsmøte på Husmortun
Ungdomsmøta som Valderøy Frilynde Ungdomslag arrangerte på Husmortun kvar 14. dag var svært populært på den tida, og The Black Beats spelte ofte der. Men sommaren 1964 var det slutt. Odd Egil begynte då å spele i Twice, og Rolf var ein kort periode innom Groove Ltd. Same året vart Valderøy Ungdomsmusikk stifta, og Aslak konsentrerte seg om det. Ein hobby han har hatt heilt fram til i dag.
Eskill selde bassgitaren sin til Kai Høydal og har ikkje sidan den gong heldt i ein bassgitar.

Året etter, i 1965 drog Odd til sjøs, og i eit brev han skreiv til Rolf på den tida, fortel han at han har vore i Hamburg og sjekka damer, men er ikkje imponert av det han har sett. Han skriv også at han har tjent så mykje pengar at Rolf berre kan bestille den Shaller-forsterkeren han så lenge har hatt lyst på. Eit bevis på at han ikkje hadde tenkt å legge musikken på hylla.

Men det skulle gå 20 år før han og resten av The Black Beats sto samla på scena igjen, det var 15. april 1985 på ein mimrekveld i Idrettshallen på Valderøy. Når The Black Beats spelte på »Trestokkfestivalen» på Mjølner den 2. november 2002, var det 37 år sidan bandet vart oppløyst.


 

Av: Odd Egil Valderhaug