OddEgilValderhaug.no © 2011

Groove Ltd. med tilhald i Kåken - 1964

 

 

Etablert 1964

 

Bilder av bandet finner du her...

 

Interessa for å starte band kom nok då vi som gutungar leika oss i Roslanaustet og laga oss gitarar av driv-ved, seier Johnny Valderhaug. Men band vart det først ved årsskiftet 1964/1965 då Helge Farstad kjøpte Framus-gitaren til Louis Nordstrand i The Swifters. Men Helge vart av ei eller anna årsak ikkje med i bandet, det vart Johnny Valderhaug, Geir Bergseth og Gudmund Valderhaug. Heilt i starten var også Leonard Westerlund med i bandet.
Ingen av dei kunne spele gitar så ein kan trygt seie at dei starta med blanke ark og friskt mot.
Då Harald Valderhaug frå The Tunderstones lærte dei ”Tom Dooley” følte dei at grunnlaget var lagt. I 1966 kjøpte dei sin første forsterkar hos Havnevik Musikk i Ålesund. Det var ein Telrad på 6 W.

 

Etter konfirmasjonen i 1967 kom også Kurt Skjong og Odd Hustad med i Groove Ltd. Seinare vart gruppa utvida med Åge Hessen samt Ole Jønsson  som vokalist.

Frå starten av var den gamle Justpe-stova øvingsstad og base for bandet. Mellom ungdomane vart dette huset berre kalla for ”Kåken” I tillegg til å vere øvingsstad for Groove Ltd. og seinare også for Twice, vart dette det næraste ein kan kome ein fritidsklubb på Valderøya på 60-talet. Naturleg nok trakk Groove Ltd. og ”Kåken” til seg ungdomar av begge kjønn, men spesielt verka aktiviteten som ein magnet på jentene. Huset hadde to store rom, eit der ein øvde og eit rom med stolar og sofagruppe. Dette var samlingsstad for ungdomen både frå Valderøya og for tilreisande jenter frå byen. ”Kåken” vart på mange måtar ein fristad for ungdommane der ein kunne styre seg sjølv utan pedagogisk innblanding frå fagfolk.

 

Friidrett
Eit anna fenomen som vart knytt opp mot aktiviteten rundt miljøet rundt ”Kåken” var friidrett. Ja du leste rett. For i miljøet rundt ”Kåken” vart det ofte arrangert konkurransar i høgdehogg, lengde og tresteg.  Johnny Valderhaug vart etter kvart ein habil utøvar i høgde med stav. Førebilde her var Haldor Sæther som var kretsmeistar i stavhopp, og Johnny nærma seg faretruande Haldor si rekordhøgde. Hadde Johnny ville satsa hadde han heilt sikkert vore i Sunnmørstoppen i høgde med stav. Også boksing var ein populær aktivitet i ”Kåken” 


Sølvbryllaup og Alnes
Groove Ltd. Fekk etter kvart denne samansettinga: Johnny Valderhaug bass, Odd Hustad sologitar, Åge Hessen rytmegitar, Kurt Skjong orgel og Gudmund Valderhaug trommer. I tillegg var Ole Jønsson  vokalist. Heilt på slutten av bandet si karriere, i 1969 kom Arne Louis Giskegjerde med i gruppa som trommeslagar i staden for Gudmund Valderhaug.

Av oppdrag som gjengen husker spesielt godt, kan vi nemne sølvbryllaupet til Klara og Alf Valderhaug på Vangen kafé i 1967 og årsmøtet til Sunnmøre Meieri i 1968.
Dei deltok også på ein amatørkonkurranse i Sykkylven og kom her på andre plass med melodien ”A place in the sun”.  Sjølv meiner dei at dei kunne ha vunne dersom dei ikkje hadde blitt sabotert av eit byband som stilte på forsterkeranlegget.

Men det er nok spelejobben på brakka på Alnes som kanskje blir hugsa best.
På den tida hadde også Twice tatt ”Kåken” i bruk som øvingslokale. Dei to banda var enige om å dele på instrumenta under øving, ei ordning som Groove Ltd. sette ekstra stor pris på grunn av at dei hadde få og dårlege forsterkarar.
Utan å klarere det, låntok Groove Ltd. instrumenta til Twice og frakta dei med seg til Alnes på ei snekke. Då Twice-gjengen oppdaga dette vart det eit forferdeleg bråk som enda med at Twice tok med seg instrumenta sine og flytta øvingslokalet sitt til Pe-stabburet igjen.

 

Mot slutten
Eit anna oppdrag gjengen har lagt seg på minne er russefesten til  grønnrussen frå Realskulen på Mjølner 16. mai 1969. Festar som vanlegvis var svært så livlege,  og som mange band kjempa om å få spele på.

Groove Ltd. var også eit populært innslag på ungdomsmøta på Husmortun. Honoraret den første tida var 25 kroner,  men vart seinare dobla til 50 kroner.

Siste gong Groove Ltd spelte på Husmortun var 17. juni 1969,  og då var betalinga kome opp i heile 75 kroner. Groove vart like etter dette lagt ned men både Åge, Johnny og Karin kom seinare med i Twice.  Og i romjula 1969 begynte Odd Hustad i Los Sonidos.

 

Av: Odd Egil Valderhaug