OddEgilValderhaug.no © 2011

The Thunderstones - Twice med eige show - 1964

 

 

Etablert 1964

 

Bilder av The Thunderstones...

Bilder av Twice...

 

Alt var så mykje enklare før i tida. Ville ein starte eit band var det berre å bestemme seg for å starte eit band. I alle fall var det omlag slik The Tunderstones vart starta. Ein kveld Erling, Hellevik, Harald Valderhaug og Jan Nordstrand  rusla tiltakslause langs øvstevegen på Valderøy, bestemte dei seg for å starte eit band. At fleire av kameratane alt hadde starta The Black Beats kan nok ha vore ei medverkande årsak.  I dette opplegget var også Birger Honningsvåg med for han hadde både trompet og var i ferd med å lære ”Tom Dooley” på gitar. Men i staden for å bli med i bandet vart han ein viktig støttespelar og bandboy for The Thunderstones. 

 

Det må også leggast til at då gjengen bestemte seg for å starte bandet hadde Harald Valderhaug aldri før tatt i ein gitar, men det vart sett på som ein bagatell.
Bror til Erling spelte i The Black Beats og hadde laga seg ein gitar på sløyden, og denne vart flittig lånt av Harald kvar einaste kveld dei opphelt seg på rommet til brørne Hellevik. Etter eit par veker med trening kom det faktisk ein melodi frå gitaren. – Ja no begynner du å få tak på det Harald, sa Erling. Du kjem både opp og ned på c-durskalane. Harald kikka surt på han og sa: - Det er ikkje c-durskalaen, det er ”Ja vi elsker”.

 

Dette var hausten 1964,  og The Black Beats som då hadde spelt i nesten to år,  var i ferd med å slutte. Odd Egil Valderhaug som slo trommer i The Black Beats, vart no med i The Thunderstones.  Men her var instrumenta alt fordelt, også  trommene, dei var tiltenkt Erling. Det einaste instrumentet som var ledig var bassgitaren. Dessuten vart det raskt konstatert av dei andre i bandet at Odd Egil hadde så korte fingarar at det einaste han kunne spele på var ein bassgitar, og slik vart det.

 

Øving på skulen og Pe-stabburet
Den første tida føregjekk øvingane på toppen av gamleskulen. Vaktmestaren hadde lagt ned forbod mot å ta inn jenter, eit forbod som bandet overheldt berre sånn passe og dei fekk derfor stadig påpakning frå vaktmeistaren.
Dei valde derfor å flytte øvingane til Pe-stabburet. Problemet her var at der ikkje var innlagt straum,  og gutane måtte derfor strekke ei ledning frå stabburet og opp til kjellaren til Pe-Ole.  Men det var eit par store minus med denne ordninga. For det første gjekk leidningen over bilvegen og på vinterstid vart leidningen fleire gongar pløgd rett av når Jo-Elias kom med brøytebilen. Leidningen er framleis intakt og har fleire skøytar med  isolasjonsband som eit minne om den tida.

 

Eit anna problem var at kjellaren berre hadde ei kontakt, og den skulle også brukast av leigebuaren til straumuttak til vaskemaskina. Og leigebuar var Kari Nordgård som den gong hadde to små ungar. Men dei unge musikarane hadde svært lite forståing for trongen for vask av barneklede. Så når dei skulle øve og maskina var i gong, drog dei berre ut støpselet og sette inn lausleidningen si.
Men etter nokre konfrontasjonar kom det til ei ordning også med dette.

Ein anna episode som stadig gjentok seg var når den einaste lyspæra som var i stabburet gjekk. Då var det enklast å gå opp i kjellaren til Pe-Ole og skru ut lyspæra som stod i taket der. Kvar gong Pe-Ole oppdaga dette visste han godt kven som var syndarane. Han kom då inn i stabburet utan å seie eit einaste ord, gjekk rett bort til lyspæra, skrudde den ut og tok den med seg. Etter kvart var økonomien betre, og The Thunderstones fekk råd til å kjøpe seg si eiga lyspære.


Kjøpte forsterkarane til The Black Jets
Dei to første åra hadde The Thunderstones slitt med gamle og dårlege forsterkarar. Derfor var det som skjedde tidleg i 1967 nesten som å kome til paradis for gjengen. Den populære Ålesundsgruppa The Black Jets slutta ved årsskifte 1966/1967,  og The Thunderstones kjøpte då både Burns-anlegget deira og eit Max sanganlegg. Burns-anlegget var i si tid det første som kom til Norge tidleg på 60 talet. Prisen The Tunderstones skulle betale for det brukte anlegget var svimlande 10 000 kroner. Kjøpet vart finansiert ved å ta opp eit lån i Ålesund Sparebank som far til Odd Egil kausjonerte på.

 

Spelejobbar på Skodje og på Jazz-bua
Den første tida var det mykje speling på ungdomsmøta som Valderøy Frilynde ungdomslag arrangerte kvar 14. dag på Husmortun. Å få spele til ein dans på Vigra var ikkje så lett, for på den tida var The Shades og The Swifters svært populære og var sjølvsagt arrangørane sine førsteval. Men av og til vart det ein og anna dansejobb på Vigra i 1965 og 1966. Men den første jobben utanbygds var på ungdomshuset i Skodje i 1966. Og betalinga var heile 600 kroner som var utruleg godt betalt på den tida. Gjengen delte pengane seg i mellom i trygg forvissing om at  spelejobbane no ville stå i kø.
Men det skulle gå fleire månader før The Tunderstones fekk den neste spelejobben.

I 1967 var  Jazz-bua i Ålessund det hottast treffpunktet for ungdom. Og då The Tunderstones vart engasjert her to gongar i løpet tre veker var det stor stemning i bandet. Instrumenta vart frakta med ferje til byen og slept med handemakt til Skansetorget der Ålesunds svar på ”Smuget”, hadde sine lokalar. Nokre dagar før hadde The Pyssycats vore i  byen og sjølvsagt framført den populære instrumentallåten Ebtide. Då Harald spelte same melodien på Jazz-bua fekk han trampeklapp,  og publikum var overbevist om at Harald og The Tunderstones spelte melodien betre enn sjølvaste Pussycats.
Betaling for opptreden på Jazz-bua, eller Ankerklubben som var namnet på Jazz-bua si ungdomsavdeling var 100 kroner for kvar av dei to spelejobbane den 7/3 og den 28/3-1967
  
Nytt namn og ny stil
Etter å ha spelt saman i om lag tre år dukka  tanken om eit namneskifte på bandet opp. The Thunderstones var ikkje lenger likt hipt og for enkelte kunne det også signalisere ein litt hardare musikkstil enn det som bandet eigentleg stod for. For i løpet av det siste året hadde gruppa utvikla seg frå eit reint beatorkester til å bli eit band som kunne tilby variert dansemusikk. I ein reportasje om bandet i Sunnmørsposten i 1968 kunne vi lese fylgjande: ”- guttene har i tre år spilt nesten bare beatmusikk, nå spiller de sterkt variert fra den villeste beat til den mest flytende western”

Bandet vart på den tida også utvida med Sjur Roald på orgel. Ei forsterkning som var relatert til ønske om å spele meir variert dansemusikk. Også Sølvi Anne Roald frå Vigra kom med som vokalist. Seinare vart ho erstatta med Karin Arntzen Uggedal.


Frå The Thunderstones til Twice
Diskusjonen om kva det nye namnet skulle bli gjekk høgt og lenge. Under ein slik debatt på Kafe Vangen kom det fram mange ulike forslag. Birger Honningsvåg ville at gruppa skulle heite” The highflying bird”. Men dette vart avvist på grunn av at det var altfor langt. På bordet bak sat gjengen frå Swifters og fulgte debatten om namneskifte. – Kvifor må det absolutt vere eit utenlandska namn, kan dokke ikkje bruke eit norsk namn? Det var Hans Oksnes som på denne måten blanda seg inn i diskusjonen. - Har du forslag til eit norsk namn då, vart det replisert frå bordet til The Thunderstones. – Ja,  svarte Hans,  - kva med Fjellheimen?
Forslaget vart tatt som ein spøk og flira vekk. Men var det ein spøk?

Så dukka det opp eit forslag om at gruppa skulle heite ”Twilight”  - Nei det er også for langt, kva med berre ”Light” kom det frå ein rundt bordet. Eller berre Twice, sa ein anna?  Kva dei forskjellige namna betydde på norsk var det ikkje så mange som viste. Men etter å ha sjekka ordlisten og funne ut at Twice betydde ”to gonger” vart det The Thunderstones døypt om til Twice over natta.


Eige show
Både Erling og Odd Egil var med i det aktive revymiljøet i Valderøy frilynde ungdomslag. Og bandet var meir eller mindre fast inventar på ungdomsmøta på Husmortun. Ikkje så rart då at gjengen ville prøve å kombinere dei to kulturane ved å lage eit eige underhaldningsshow som skulle presenterast rundt omkring på sunnmørsbygdene i forkant av dansen. Så tenkt så gjort. Det vart skreve sketsjar, og det vart trena inn spesielle musikknummer som skulle vere med i showet. Twice kunne no imponere med at gruppa kunne traktere svært mange instrument. I reportasjen som stod i Sunnmørsposten om showet kunne vi lese at Twice trakterte både steelgitar, mandolin, banjo, trekkspill, saxofon, blokkfløyte, orgel og munnspel. Dette då i tillegg til den faste instrumenteringa av gitarar og slagverk.
Twice trakterer totalt 12 instrument, stod det å lese i Sunnmørsposten.

For verkeleg å lage eit show som skulle vekke oppsikt vart jentebandet fra Vigra, The Ringleaders, invitert til å bli med. Det vart laga flotte plakatar,  og alt låg no godt til rette for innta dei Sunnmørske scener.

Men så viste det seg at The Ringleaders hadde overvurdert sine musikalske evner,  og gruppa kom aldri ut av øvingslokalet. Ikkje lenge etter slutta også Erling i gruppa og dei fleste revyinnslaga måtte derfor gå ut. Planane rakna no på alle kantar,  og showet vart aldri presentert for publikum i si heilheit. Men delar av showet vart brukt ved lokale tilstellingar.

Gasteball
Eit oppdrag som gjengen Twica hugsar svært godt var gasteballet på Teknikern i Ålesund i mars 1968. Nokre skotske marineskip var i byen,  og det vart arrangert dans slik at gastane skulle få møte ungdomane i byen,  og Twice var engasjert til å spele på dansen. På den tida var engelsk-kunnskapane til vokalistane relativt beskjedne. Engelske tekstar vart stort sett skrevet av med lydskrift og vokalisten framførte teksten slik det høyrdes ut på plata,  og han skjønte som oftast ikkje så mykje av det han song. Jan som på den tida song det meste, nekta derfor å synge engelske tekstar. Så den kvelden gjekk det for det meste på norske og svenske poplåtar.


1969 eit turbulent år.
Etter å ha hatt same besetningen i meir enn tre år valde Erling å slutte på slutten av 1968. Då vart Jon Sperre frå Ellingsøya leigd inn som trommeslagar men vart kort tid etter bytta ut med  Arne Louis Giskegjerde frå Giske. Han hadde tidlegare spelt i Groove Ltd., eit anna band frå Valderøy. Etter han kom enda ein frå Groove Ltd. inn som trommeslagar, Johnny Valderhaug.
Men på grunn av ueinigheit mellom Johnny og dei andre musikarane i bandet vedrørande deltaking i ein amatørkonkurranse i Ålesund, valde Johnny å slutte etter berre to tre månader,  og Twice stod på nytt utan trommeslagar. Då var det godt å kunne støtte seg til Johnny Groven som tidlegare hadde spelt i The Swifters og var ein av distriktets beste trommeslagarar.


Twice & Hennie
Tidlegare hadde både Sølve Anne Roald og Karin Arntzen Uggedal vore vokalistar i bandet. No ville Twice på nytt ha ein kvinneleg vokalist og søkte etter dette i avisene.  Interesse var stor og mange meldte sin interesse. Nokre av dei vart også invitert ut på Valderøya for å prøvesynge.  Og valet fall på ei 16 år gamal søt,  men uerfaren jente frå Trandal, Henni Storeide.  Og som søster til dei ikkje ukjende ”Trandaltvillingane”, Jan og Frank Storeide, hadde ho nok dette i genane.
Og som Elias Roaldsand vart også Henni offer for namnesnobberiet, om ikkje like brutalt som Elias. Men ho kunne ikkje heite Henni med i, derfor vart artistnamnet endra til Hennie.  I annonsen vart det no annonsert med ”Twice and Hennie”.

På denne tida kom Johnny Valderhaug tilbake til Twice, men denne gongen som bassgitarist. Om lag på same tida vart også Åge Hessen engasjert i bandet og han trakterte både gitar og vaskebrett. Øvingane vart i denne perioden flytta til Kåken.

I september 1969 skulle Jan til militære og framtida for bandet var no usikker.
Men ved hjelp av Åge, Johnny, Odd Egil, Harald og Henni, klarte bandet å halde det gåande også i denne perioden. Ja faktisk har Twice nesten aldri hatt så mange spelejobbar som akkurat denne perioden, noko som annonseutklippa frå Sunnmørsposten er eit bevis på.

Då Jan kom tilbake frå militæret på nyåret 1970 fortsatte Åge,  og bandet spelte vidare med ein ekstra gitar.  I juli 1970 reiste Harald til militæret og valde derfor å slutte for godt. Dermed var enda ein av orginalbesetninga ute av bandet. Harald vart erstatta av Terje Hauge på sologitar. På sommaren 1970 slutta også Henni i bandet.

I 1971 reiste Odd Egil til militære men vart henta heim igjen dei første tre månadane frå Steinkjærsannan for å spele til dans. Men då han reiste til Bodø vart dette for dyrt og Twice hadde resten av dette året delvis spelepause.

Men då Odd Egil kom tilbake frå militære ved årsskifte 1971/1972 vart det fult køyr igjen og Stein Harald Dalseth frå Ålesund kom med som vokalist. Med denne besetningen heldt Twice det gåande til fram i mot jul 1972, då valde også Odd Egil og Jan å gi seg. Dermed var alle dei fire medlemmane som starta bandet i 1964 ute.

Men Johnny fortsette no eit par år med skiftande besetning, men i 1974/1975 var  det slutt. Men tre år seinare starta Johnny opp igjen eit nytt orkester som tok namnet Twice og heldt han gåande heilt fram til 1982, då kariera vart avslutta ved at Twice og Britt Jensen vart med på ein kassett med tittelen ”Best i vest”

Og av lokale namna som kan knytast til ”det nye Twice” kan vi nemne Britt Jensen,  Odd Hustad, Erling Blindheimvik og Bjørn Ove Følsvik. I tillegg til bandleiaren då, Johnny Valderhaug. 

 

Notater:
Erling spelte frå hausten 1964 til hausten 1968
Jon sperre tok over trommene eit par månader hausten 1968
Arne Louis Giskegjerde tok over etter Jon på begynnelsen av 1969
Der etter slå Johnny Valderahug trommer eit par månader.
Så slo Johnny Groven trommer ei kort tid til sommaren 1969
Harald spelte frå hausten 1964 til juli 1970
Terje Hauge begynte juli/august 1969
Jan spelte frå hausten 1964 til fram i mot jul 1972
Odd spelte frå vinteren 1964 til fram i mot jul 1972
Sjur spelte frå våren 1968 til sommaren 1969
Henni sang frå sommaren 1969 til seinsommaren 1970
Sølvi Anne sang i kort stund i 1968
Karin sang fra hausten 1968 til våren 1969
Johnny begynte å spele bass  hausten 1969
Åge begynte å spele gitar og vaskebrett hausten 1969
Stein Harald Dalseth begynte ved årskifte 1971/1972 og spelte ut 1972

Spelte på ”Skotteball” i Ålesund 13. mars 1968
Påsketur til Muri camping i Valldal 1968
Spelte på Løvsøya 17. mai 1968
Spelte i Ørsta 22. juni 1968

 

 

Av: Odd Egil Valderhaug