OddEgilValderhaug.no © 2011

1953 - Valder vart stifta på eit ungdomsmøte på Losjen

 

 

 

A-laget i fotball fotografert på Valdervoll, truleg i 1959. Keeper Sigmund Andersen, som står i midten i fremste rekke, var då med i eit trenarteam som trente laget. Med i teamet var også Asbjørn Walderhaug og Dagfinn Giske.  Bak frå venstre: Birger Årseth, Oskar Holm jr., Oddvar Skjong, Nils Hessen og Hans Martin Skjong. Midtrekka frå venstre: Asbjørn Walderhaug, Arne Farstad og Per Solbakk. I fremste rekke: Arlov Blindheim, Sigmund Andersen og Egil Bjurbekk.


Etter at Valderøy fotballag hadde sovna inn, vart det eit tomrom på øya med omsyn til organisert idrett for dei vaksne. Valderøy Frilynde Ungdomslag som vart stifta i 1953, oppretta rett nok ei idrettsgruppe som på det meste hadde 100 medlemmer, men den heilt store aktiviteten innan idrett vart det ikkje. Og formann i denne gruppa var Asbjørn Walderhaug, og han vart sentral i stiftinga av Idrettslaget Valder. Asbjørn var ein aktiv friidrettsmann og medlem av Ålesund Idrettslag. Saman med mellom anna  Haldor Sæther, var han ein ivrig deltakar på friidrettsstemner, spesielt på Aksla stadion i Ålesund.  I 1955 kunne  Haldor Sæther lese i Sunnmørsposten at han hadde blitt vald som leiar i ungdoms- og idrettsutvalet i Giske kommune.  Han var då berre 17 år gamal og hadde aldri vore politisk aktiv. Men sjølv trur han at årsaka til at han vart vald, var at han i 1955 vart nummer to i junior NM i stavhopp. Haldor tok då kontakt med kommunen for å få vite kva vervet innebar, og fekk forståing av at det ikkje var venta så stor innsats.   Men seinare kom han i samtale med Kåre Viken som tidlegare hadde vore norgesmeistar i turn sju gongar. Han hadde flytta til Ålesund og var tilsett som gymnastikklærar ved Latinskulen i Ålesund, og arbeidde også for Fylkesmannen i Møre og Romsdal som koordinator for skuleidrett og gymnastikk. Viken var ein ivrig turgåar på Aksla, og kom ofte innom stadion for å snakke med dei som trena. Her kom Haldor i snakk med han,  og fortalde at han var valt til leiar for ungdoms- og idrettsutvalet i Giske, og spurte kva han burde gjere i sitt nye verv. Kåre Viken spurde om det var noko idrettslag på Valderøya, noko Haldor måtte svare nei til. Viken foreslo derfor at han burde ta eit initiativ for å få etablert eit idrettslag. Haldor syntes dette var ein god ide, og tok kontakt med Asbjørn Walderhaug som både var ein aktiv friidrettsutøvar og leiar for Valderøy Frilynde Ungdomslag sitt idrettsutval.  Asbjørn Walderhaug, Haldor Sæther, Jostein Skjong og nokre fleire ungdommar, møttes på Losjen for å diskutere stifting av eit idrettslag. På møtet deltok også Kåre Viken. Det vart samrøystes vedtatt å stifte eit idrettslag som først og fremst skulle drive med friidrett. Stiftingsmøtet vart lagt til eit ungdomsmøte i Valderøy Frilynde Ungdomslag på Losjen 25. august 1956.
Men på dette møtet var Haldor Sæther ikkje med. Han trakk seg i frykt for at det ville bli få stemner der stavhopp var med på programmet.

 

Men Asbjørn Walderhaug var med, det var også Jostein Skjong, som var ein pådrivar for å få stifta eit nytt idrettslag på øya. Han hadde spelt på Hareid IL då han gjekk på skule der.  Også mange av dei andre som var med på stiftingsmøtet, var aktive ungdomslagsfolk. Vi kan nemne,  Inge Bakken, Ole Valderhaug, Åsmund Godø,  Magne Valderhaug og Liv Valderhaug Godø. Vi veit også at Birger Årseth, Inger Roaldsnes,  Hildur Nordstrand, Konrad Bakkelund Valderhaug og Arvid Blindheim deltok på møtet. Eit viktig tema på stiftingsmøte var namnet på det nye idrettsslaget. Etter ein lang debatt med mange gode forslag, var det klart av namnet skulle bli idrettslaget Valder. Dette forslaget kom frå Arvid Blindheim.
Klubben var ikkje mange månadane før dei sportslige aktivitetar kom i gong. I årsmeldinga frå 1956/1957 er det først og fremst friidretten som bli trekt fram.  Og mellom anna blir innsatsen til junioren Birger Årseth spesielt omtalt, etter at han hadde deltatt i eit friidrettsstemne.  Også Normann Sæther sin innsats på friidrettsbana blir omtale i den aller første årsmeldinga til IL Valder. Men også fotballen begynte å ta form i løpet av 1957.  Spesielt blir ein kamp mot Brattvåg omtalt i årsmeldinga. Dette var Valders aller første fotballkamp, og i første omgang dominerte  Brattvåg totalt, og etter første omgang leia heimelaget 3-0.
Men i andre omgang tok Valder over meir av spelet og vann andre omgang 2-1. Valders første treningskamp enda altså  4-2.  I tillegg til denne kampen spelte Valder tre treningskampar mot Vigra og vann alle kampane med siffera 7-3, 8-0 og 2-0.    

 

1958 - første år i serien
Årsmeldinga for 1958 fortel også om gode resultat i friidrett. Mellom anna deltok Valder i eit innandørs friidrettsstemne på Vigra, utan at det her bli trekt fram deltakarar eller resultat. I tillegg deltok Asbjørn Walderhaug i Akslaløpet og tok ein fin 5.plass, av 16. deltakarar. Men det aller viktigaste i 1958, var at Valder for første gong kunne delta i seriespel. Laget spelte åtte seriekampar og vann tre, spelte uavgjort ein og tapte fire kampar.  Den aller først seriekampen  var mot Aksla,  og den vart spelt 3. august 1958 på Nørvebana. Kampen enda med tap 6-3 for den nystifta klubben. Sunnmørsposten skreiv i sitt referat at Valder tapte kampen, men vann publikum.  Desse var med i den aller første seriekampen i fotball: Ole O Valderhaug keeper, Magne Valderhaug høgre back, Normann Sæther venstre back, Asbjørn Walderhaug høgre half, Arne Farstad centerhalf, Odd Ytterland venstre half, Birger Årseth ytre høgre, Jarle Egseth indre høgre, Nils Hessen centerløper, Konrad Bakkelund Valderhaug indre venstre og Oddvar Skjong ytre venstre. 


Den aller første heime kampen i serien,  gjekk på Valdervoll den 17. august 1958 og motstandar var Moltustranda. Dette var et storhending på øya og 400 tilskodarar tok turen til Valdervoll for å sjå Valder knuse motstandaren 8 – 4.    Dei andre seriekampane den hausten enda slik: Sæbø - Valder 1-3,  Guard - Valder 2-0,  Valder -  Hovdebygda 1-1, Hareid - Valder 1-0, Valder – Hareid 5-3 og Hovdebygda – Valder 7-1.

 

Tombola, tivoli og idrettsfest
For å få inn pengar til drifta, var det i 1957 og 1958 arrangert både tombola og tivoli på Losjen. Økonomien var slett ikkje så verst, for på slutten av 1957 hadde Valder 1265 kroner på konto.  Det vart også arrangert mykje dugnad for å få bana speleklar til sesongen.    Trass i at klubben berre var to år gamal, var det i 1958  utnemnd ein æresmedlem, Nils D Skjong. Han vart æresmedlem på livstid fordi han hadde gjort laget så mange tenester. I 1958 skulle den nye klubben arrangere sin aller første medlemsfest, og i mangel på eit høveleg hus på Valderøya, vart Stjernesalen i Ålesund leigd.  Dette var same året predikanten Andersen held sine religiøse vekkingsmøter på øya. Mange av klubben sine aktive medlemmar vart omvendt i denne perioden og forlet klubben. Dette skapte problem for IL Valder på mange områder, mellom anna mista laget mange av sine beste spelarar. Men den kanskje mest uventa konsekvensen, var at medlemsfesten på Stjernesalen held på å bli avlyst på grunn av for få påmelde. Men festen vart arrangert som planlagt, kanskje med litt færre deltakarar.

For ein nystifta klubb er det mange praktiske oppgåver som skal løysast, mellom anna vasking av drakter. Til no hadde Thea Ytterland vaska draktene som ei førebels ordning. Styret vart einige om å sette opp plakatar der dei søkte etter ein person som kunne vaske draktene. Om den som tok på seg oppdraget var Margit Ytterland. Margit vaska drakter til Valder i nesten 25 år, noko ho fekk tildelt Valderpostens ros(e) for i 1979. Ei anna utfordring var å skaffe klubben fotballdommarar. Jostein Skjong, Harry Sæther og Åsmund Godø vart utpeikt av klubben og vart påmelde som dommaraspirantar. Medan dei to første gav seg etter kort tid,  dømte Åsmund Godø i ein mannsalder. 

 

Omflakkande tilvere
Dei første åra fungerte Losjehuset som eit klubbhus for IL Valder. Her vart styremøta og årsmøte haldne, og her vart det arrangert tivoli og hyggekveldar til inntekt for klubben. Losjen fungerte også som innandørs treningshall for klubben, og det blir fortalt at arbeidet med å skifte ut knuste ruter gjekk på rundgang mellom spelarane.  Men i oktober 1959 vart treningane flytta til den splitter nye gymnastikksalen ved nybygde Valderøy skule. Med det følte spelarane at dei var komne inn i ei ny tid. Også bruk av Losjen som klubbhus, gjekk mot slutten. Årsmøtet i 1961, var det siste som vart arrangert på Losjen. I 1962 opna Martha Skjong kafé på Valderøya, og frå då av vart styremøte og årsmøte flytta til Vangen kafé.  Og utruleg nok, betalte Valder ingen ting for å nytte kafeen til møter, og ved årsmøtet 1962, fekk  Martha Skjong overrekt ein blomsterbukett med takk frå klubben. Og Martha fekk stor applaus frå medlemmane, står det i protokollen. Frå 1968 vart det også arrangert Bingo på kafé Vangen. Også Husmortun var eit mykje nytta hus for IL Valder. Her vart det mellom anna arrangert ”Valderkveldar” med underhaldning til inntekt for klubbkassa. Og her vart det servert brennsnut i samband med dei populære pokalkampane. Valder helt fram med si omflakkande tilvære heilt til klubben fekk sitt eige klubbhus i 1970. Då leigde klubben først lokalet til John Farstad, før dei seinare kjøpte huset.

 

A-laget i fotball 1960

Dette bildet av a-laget i fotball er tatt i juli  1960. Bak frå venstre: Magne Valderhaug, Asbjørn Walderhaug, Arne Farstad, Per Solbakk, Lars Johan Walderhaug, og Oddvar Skjong. Framme frå venstre: Arthur Valderhaug, Birger Aarseth, Per Lervik, Oskar Holm jr. og Ingvar Brune.

 

A-laget i fotball 1961


Dette bildet av a-laget i fotball er tatt hausten 1961. Bak frå venstre: Nils Hessen, Arthur Valderhaug, Arne Farstad, Oskar Holm jr., Knut Andersen og Hans Martin Skjong.   Framme frå venstre:  Asbjørn Walderhaug, Magne Valderhaug, Ole Valderhaug, Egil Bjurbekk og Per Solbakk.

 

A-laget i fotball 1961

Dette bilete av a-laget i fotball er tatt den 23. april 1961. Bak frå venstre:  Oddbjørn Skjong, Knut Andersen, Arne Farstad, Magne Valderhaug, Oskar Holm jr. og Nils Hessen.   Framme frå venstre: Per Solbakk, Dagfinn Giske, Per Lervik, Egil Bjurbekk og Asbjørn Walderhaug.

 

A-laget i fotball 1962


A-laget i fotball fotografert på Valdervoll, i 1962.  Dette året vart IL Valder kretsmester i 4. divisjon.  Bak frå venstre: Birger Årseth, Ronald Årseth, Arne Farstad, Oskar Holm jr. Kåre Gjerde og Asbjørn Walderhaug. Framme frå venstre: Nils Hessen, Hans Martin Skjong, Ole Valderhaug, Erling Hovden og Per Solbakk. Også Magne Valderhaug var med på 1962 laget.  


A-laget i fotball 1963

Dette bildet av a-laget i fotball er tatt på Valdervoll  våren 1963. Bak frå venstre:  Ole Valderhaug, Arne Farstad, Arthur Valderhaug, Ronald Årseth, Oskar Holm jr og Kåre Gjerde. Framme frå venstre: Nils Hessen, Jonfred Valderhaug, Kolbjørn Godø, Sverre Lorentsen, Egil Bjurbekk og Per Solbakk.

 

A-laget i fotball 1964

Dette bildet av a-laget i fotball er tatt på Valdervoll 7. mai 1964. Bak frå venstre: Arne Hessen, Arthur Valderhaug, Oskar Holm jr., Nils Hessen, Birger Årseth og Kåre Gjerde. Framme frå venstre: Per Solbakk, Sverre Lorentsen, Egil Bjurbekk, Arnvid Lervik og Per Gidske.


Med damene til Fosnavåg

Det var viktig for fotballspelarane å ta godt vare på damene, derfor vart dei ofte med på fotballturane. Her frå ei reise til Fosnavåg tidleg på 1960-talet, der dei spelte mot Bergsøy   Frå venstre Lillian Valderhaug, Magne Valderhaug, Ellinor Hessen og Nils Hessen.


A-laget i 1963

Dette bilete er tatt under baneopninga på Valdervoll, 1. mai 1963. Bak frå venstre: Kåre Gidske, Arthur Valderhaug, Dag Oksnes, Arnvid Lervik, Oskar Holm og Arne Hessen. Framme frå venstre: Per Valderhaug, Magne Bjørnerem, Birger Årseth, Arne Inge Oksnes og Asbjørn Walderhaug.

 

A-laget i fotball 1975

A-laget i fotball fotografert i 1974 eller 1975. Det kan vi sjå utiftå at det er Karsten Molværsmyr som er trenar. Han trente Valder i 1974 og 1975.  Bak frå venstre: Karsten Molværsmyr, Arild Valderhaug, Kåre Gidske, Per Valderhaug, Frode Oksnes, Leif Arne Valderhaug, Ronald Aarseth og Johan Skjong.  Framme frå venstre: Asbjørn Ytterland, Erling Hellevik, Henning Blindheim, Olav Larsen, Per Ole Valderhaug, Roar Blindheim og Andreas Skjong.


Klar til kamp
Oskar Holm til venstre og Arne Hessen fotografert utanfor Valderøy Barneskule, før baneopninga på Valdervoll, 1. mai 1963. Med på opninga av grasbane var Skarbøvik IF, Ålesunds Fotballklubb, IL Valder og Vigra IL.


                   














Før baneopning i 1963

A-lagsspelarane fotografert utanfor skulen før baneopninga i 1963. Frå venstre: Arne Inge Oksnes, Birger Årseth, Nils Hessen og Arnvid Lervik.

 

På sidelinja

Tre karer på lidelinja i Ørsta rundt 1964. Frå venstre: Oddvar Skjong, Nils Hessen og Arne Farstad. Jenta vi skimtar i høgre biletkant er Ellinor Blomvik, seinare gift med Nils Hessen i midten.

                     
Valder – Herd 1963 a

Frå ein kamp mellom Valder og Herd på Valdervoll i 1963, like etter at bane var gjenopna som grasbane. Frå venstre Nils Hessen og Trygve Dahl frå Herd.


Valder – Herd 1963 b

Frå ein kamp mellom Valder og Herd på Valdervoll i 1963, like etter at bane var gjenopna som grasbane. Valder sin gode målmann Sverre Lorentsen i kamp med Herd sin angeripar Harald Lunde. Kolbjørn Godø og Nils Hessen bak, konstaterar at keeper har kontroll.


Valder - Herd 1963 c

Frå ein kamp mellom Valder og Herd på Valdervoll i 1963, like etter at bane var gjenopna som grasbane. Keeper Sverre Lorentsen tar kontroll på ballen før Herd sin angeripar Harald Lunde når den. Bakfrå kjem Nils Hessen. 


Dommar Oskar Holm
Etter at Oskar Holm jr. la opp som aktiv fotballspelar, dømte han for IL Valder i mange år.

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

 

 


Dommar Sigfred Hansen
Sigfred Hansen var fotballdommar for idrettslaget Valder i mange år.















Dommar Åsmund Godø
Åsmund Godø var med å stifte IL Valder i 1956. Han var også  fotballdommar for klubben i mange år. 

 

 

 















Av: Odd Egil Valderhaug