OddEgilValderhaug.no © 2011

Supporterklubben laga liv og røre rundt fotballkampane

 

 

At IL Valder sitt fotballag gjorde det så godt på bana, førte til ei enorm publikumsinteresse.

 

Ein ivrig supporter med det rette utstyret, Kåre Sæther. (Klipp frå Smp)

 

Det kom stadig fleire folk på heimekampane. Ja også på bortekampane fylde tilhengarane med. Sjølv om turane gjekk til Sunndal, Kristiansund eller Moelven var det alltid med ihuga fans. På dei mange turane med Valderbussen var det alltid med mykje folk. Ja ein fylde opp seta så langt det rakk. Og bussturen var ein sosial happening. Berit Uggedal var ofte med, og då laga ho mat til spelarar og publikum bak i bussen. Men tilhengarane var ikkje formelt organisert. Det skjedde ikkje før 25. januar 1978. Då vart Valder Supporter Club stifta på eit konstituerande møte. 25 personar møtte opp og teikna seg som medlemmer. Einar Ytterland vart vald som formann og Erling Hellevik vart medlem av styret.  Arne Inge Oksnes vart valt inn i styret for Valder Supporter Club som representant for IL Valder. Han hadde vetorett dersom det skulle dukke opp forslag som gjekk på tvers av ILValder sine interesser.

 

Klubben utstyrte seg med supportermateriell som sjal, caps og flosshattar. Spesielt vart flosshattane lagt merke til utover distriktet. Vi har lite skrifteleg materiell om aktivitetane i klubben, men veit berre at dei over nokre år av svært aktive og synlege. Veit heller ikkje når den vart langt ned. Eller er den lagt ned?

 

 

Flosshattane vart ei synleg varemerke for Valder Supporter Club.

 

 

 

 

 

 

Ivrige Supportere etter at Valder hadde slått Hareid og toppa serien med 20 poeng, 5 poeng før nummer to. I fremste rekke frå venstre Asbjørn Uggedal, Gunnar Valderhaugstrand med sonen Frank Viktig på 15 månader og Sindre Skjong til høgre. (Klipp frå Smp)

 

Sjefsdirigent Kåre Sæther med flosshatt, dirigerer supporterane under ein kamp på Nørvebana mot Aksla. Moro utan promille var slagordet. Kampen enda 1-1. (Klipp frå SA)

 

Berit Uggedal strikka huer til både spelarar og tilhengarar.

 

Også caps var ein del av antrekket til supportarane.

 



 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Av: Odd Egil Valderhaug