OddEgilValderhaug.no © 2011

Valder i det våte element

 

 

Under eit sosialt arrangement i klubben, fekk styremedlem i symjegruppa, Sonja Hellevik overekt dette redningsbeltet.

 

I 1975 kom det inn ein ny og uvanleg aktivitet i Idrettslaget Valder.  Årsmøtet vedtok då å opprette ei ”svømmegruppe” med ein prøveperiode på eitt år. Bakgrunnen for dette var at ei gruppe vaksne ungdommar frå Valderøya hadde leigd symjehallen ved Vigra skule på laurdagar i ei tid. Interessa for symjing som trimaktivitet viste seg å vere overraskande stor, og oppmøte på laurdagstrimmen i symjehallen på Vigra vart stadig større. Her kom også folk som aldri hadde lært seg å symje som liten for å lære seg kunsten å symje i vaksne alder.  Av dei som lærte seg å symje i vaksne alder var mellom anna Åsmund Godø og Noris Sæther. Interessa for å nytte symjing som trim, førte til at IL Valder fekk eit forslag på årsmøte om å opprette ei symjegruppe.  Det vart sjølvsagt ein heftig debatt om dette på årsmøtet. Men det vart argumentert for at ei symjegruppe kunne bli eit press på kommune for å få bygd symjehall på Valderøya. I alle fall vart forslaget om å opprette ei symjegruppe vedtatt og Åsmund Godø vart valt som formann. Lars Liljevold og Sonja Hellevik vart medlemmer i ”svømmegruppa”. 

 

Badedagen ved Vigra skule vart no flytta frå laurdag til mandag mellom 18.00 og 21.00.  I fylgje ei årsmelding frå ”svømmegruppa” deltok mellom 10 og 15 personar på desse badedagane. Men på grunn av garderobeproblem, var det berre gutar og menn som kunne delta. Formålet var først og fremst trim og hygge, men det vart også lagt opp til at den som ville kunne ta symjemerket. I 1976 vart det velt nytt styre i ”Svømmegruppa” med desse medlemmane, Odd Egil Valderhaug, Sonja Hellevik og Olav Larsen. Men aktiviteten avtok etter kvart og i 1977  vedtok årsmøte å innlemme ”svømmegruppa” i trimgruppa.
Men på grunn av garderobeproblema fekk jentene framleis ikkje tilgang til klubben sine symjedagar. Mange måtte derfor nytte seg av dei vanlege opne dagane med familiebading. Trimgruppa skriv i sin rapport i 1978, at interessa for klubben sine badedagar er minkande. Utan kyndig instruksjon og systematisk trening, ville det bli vurdert å legge ned symjegruppa. Og slik gjekk det, ”svømmegruppa” var lagt ned.



Av: Odd Egil Valderhaug