OddEgilValderhaug.no © 2011

Valdertun var i 20 år hjartet i klubben

 

 

Frå eit ungdomsdiskotek på Valdertun på 1970-talet.

 

Diskofeber 
På slutten av 1960 talet starta den store diskobølgja her i landet. Diskotek, eller ”diskoteque” med q, som det skulle heite, tok heilt over for bygdedansar med levande musikk.  På Husmortun, der Valderøy Frilynde Ungdomslag hadde sine faste ungdomsmøte, vart det også arrangert diskotek. Men det var ikkje lov til å danse på huset, så ungdommane måtte nøye seg med å høyre på dei siste popmelodiane spelt på platespelar. Etter forhandlingar med husmorlaget fekk ein etter kvar lov til å danse jenka, då dette vart rekna som ein Finsk folkedans.
Men ordentleg diskotek på øyane kom ikkje før Arne Inge Oksnes og Erling Hellevik starta opp Valder Diskotekklubb. I mangel på høvelege lokalar på Valderøya, vart diskoteka lagt til Viking. Dette var heilt på slutten av 1968.  Arne Inge Oksnes var medlem i ein komité i Valder som hadde som oppgåve å arrangere dansar på Vigra. Dette hadde vore ei viktig inntektskjelde for klubben gjennom mange år, men no såg ein at interessa for bygdedansar tok til å dale. Ungdommen ville ha diskotek,  og for å fylgje med i tida vart  Valder Diskotekklubb stifta. Interessa var formidabel, og det vart arrangert fleire diskokveldar på Viking også utover 1969. 
    

 

Valder leiger butikklokale

Valdertun vart bygd som butikk. Slik såg huset ut då IL Valder kjøpte det i 1972. I lokala hadde John Farstad tidlegare drevet tekstilbutikk. Huset heitte då Jonbu, men fekk etter kvart namnet Valdertun.

 

Etter at John Farstad la ned sin tekstilbutikk ved ferjeleiet, stod lokalet tomt ei tid. Arne Inge Oksnes og Erling Hellevik meinte dette lokalet ville passe fint for eit diskotek. Og den 27. januar 1970, vart det aller første møtet mellom dei to og John Farstad halde.  Dei vart einige om prinsippet for ein leigeavtale der husleiga skulle vere 600 kroner i månaden, og den skulle vere uforandra i tre år.
Men det var hovudstyret i Valder som hadde det endelege ordet, og under handsaming her dukka det opp forslag om at idrettslaget kanskje burde samarbeide med Valderøy Frilynde Ungdomslag om oppussing og drift av huset.  Hans Oksnes foreslo på styremøtet at ungdomslaget, som hadde pengar på bok, skulle gå inn med 10 000 kroner til oppussing i samarbeid  med IL Valder.  Formann i ungdomslaget,  Odd Egil Valderhaug vart kontakta, og han lovde å legge fram saka på første styremøte. Styret i ungdomslaget sa seg villeg til å gå inn med 10 000 kroner, dersom Valder ville garanterte at ungdomslaget sine kostnadar til oppussing ikkje overskreid 10 000 kronertter at John Farstad la ned sin tekstilbutikk ved ferjeleiet, stod lokalet tomt eit tid. Arne Inge Oksnes og Erling Hellevik meinte dette lokalet ville passe fint for eit diskotek. Og den 27. januar 1970, vart det aller første møtet mellom dei to og John Farstad halde.  Dei vart einige om prinsippet for ein leigeavtale der husleiga skulle vere 600 kroner i månaden, og den skulle vere uforandra i tre år.
Men det var hovudstyret i Valder som hadde det endelege ordet, og under handsaming her dukka det opp forslag om at idrettslaget kanskje burde samarbeide med Valderøy Frilynde Ungdomslag om oppussing og drift av huset.  Hans Oksnes foreslo på styremøtet at ungdomslaget, som hadde pengar på bok, skulle gå inn med 10 000 kroner til oppussing i samarbeid  med IL Valder.  Formann i ungdomslaget,  Odd Egil Valderhaug vart kontakta, og han lovde å legge fram saka på første styremøte. Styret i ungdomslaget sa seg villeg til å gå inn med 10 000 kroner, dersom Valder ville garanterte at ungdomslaget sine kostnadar til oppussing ikkje overskreid 10 000 kroner.

 

Sentrale personar i IL Valder samla rundt kaffibordet på Valdertun på 1970-talet. Frå venstre Lars Petter Hareid, Odd Egil Valderhaug, Karl Johan Roald, Roar Blindheim, Erling Hellevik, Ronny Fylling, ukjend, og Jens Kåre Næss.

 

For å få ryggdekning, inviterte styret i Valder til medlemsmøte der saka vart lagt fram. 18 medlemar møtte,  og etter ein lang diskusjon,  var det samrøystes vedtatt at Valder skulle ta på seg oppussing og drift av lokalet sjølve, utan å inngå eit samarbeid med Valderøy Frilynde Ungdomslag. Det vart ikkje bestemt kvar pengane skulle kome i frå, men medlemsmøtet vart einige om at Valder burde prøve å skaffe midlane sjølv.  På same møtet vart det også bestemt at Arne Inge Oksnes og Erling Hellevik skulle få drive salet i diskoteket privat.
Årsaka til dette var at dei to privat hadde kjøpt eit stort diskoanlegg på avbetaling gjennom Bokreditt. Og for å finansiere dette kjøpet skulle altså dei to i ein overgangsperiode få inntekta frå sal av brus og pølser.
Det vart no ein hektisk periode med mykje dugnad. Det fans ikkje teikningar på korleis lokalet skulle sjå ut etter ominnreiing, men takka vere ein god innsats frå Hans Martin Skjong under vegs, vart det gode løysingar. Og som alltid når det blir arrangert slike dugnader, er det nokon som er meir ivrige enn andre.


Møblane til diskoteket vart kjøpt frå firma Vigramøblar, og vart nedbetalt i månadlege  avdrag.  Og etter nokre månader med ominnreiing og oppussing, kunne det nye diskoteket opnast 17. mai 1970.  Eldar Nordstrand og Johnny Giske vart engasjert som faste diskjockeys og dei fortel om toppen på lykke var når dei fekk reise til byen for å kjøpe nye plater. Til stades ved opninga var påmelde og invitert gjester. Det vart no diskotek fleire gongar i veka, og stort sett var det fullt hus kvar kveld. I tillegg til vanlege diskotekkveldar, vart det også arrangert spelekveldar. Det var nærast ei tivoli med pilkast, luftgeværskyting og kasting av ball på hermetikkboksar. Desse kveldane var reservert for mannfolka, jentene hadde ingen tilgang.  Etter at diskoteket hadde vore i drift eit års tid, bestemte  Arne Inge Oksnes og Erling Hellevik at huset skulle få eit namn. Til no hadde folk berre sagt diskoteket. På ein fest våren 1971, vart det halde ein namnekonkurranse på diskoteket. Alle som var til stades kunne kome med forslag til namn på huset.  Og konkurransen vart vunnen av Odd Egil Valderhaug, han foreslo å kalle huset for ”ternen”. Premien var gratis inngang på alle arrangement ut året. Men premien fekk vinnaren lite glede av, fordi han var i militæret heile dette året. Men namnet ”ternen” vart aldri tatt i brukt, og ei tid seinare vart namnet ”Valdertun” tatt i bruk.

  

 

Kjøp av John-bu
5. april 1972, gjekk diskotekstyret inn for å kjøpe John-bu, huset dei no hadde leigd i meir enn eitt år. Kravet frå huseigar John Farstad var kr 120 000,- Men styret ville ha ein takst før dei aksepterte tilbodet. I oktober same år, var det sett ned ein komité som skulle orden med finansiering av kjøpet. I komiteen sat Laurits Valderhaug, Johan Skjong og Egil Valderhaug. Finansieringsplanen skulle leggast fram for årsmøtet. Og då saka kom opp på årsmøte 29. oktober 1972, dukka det på nytt opp eit forslag om å inngå eit samarbeid med Valderøy Frilynde Ungdomslag i samband med kjøp av huset. Ein komité frå ungdomslaget var invitert til å delta på årsmøtet, og i den komiteen sat Karsten Blomvik, Noris Sæther og Åsmund Godø. Dei presenterte sit syn på eit samarbeid med IL Valder.   Prisen på huset var no forhandla ned til 105 000 kroner, noko som årsmøtet godkjende.  28 personar stemde for kjøp, medan 3 røysta imot. Det vart samstundes gjort eit vedtak om å samarbeide med andre lag og organisasjonar med omsynt til å fremme interessa for ungdoms- og idrettsarbeid. Valder ville også samarbeide med andre lag for å skaffe bygda eit kulturhus. Årsmøtet gav styret  fullmakt til å forhandle med Valderøy Frilynde Ungdomslag om detaljane i eit slikt samarbeid. Men vi kan ikkje finne i protokollane et eit slikt samarbeid vart innleia. Det einaste samarbeidet som er protokollert, er eit kurs i folkedans som vart arrangert på Valdertun i eit samarbeid mellom IL Valder og Valderøy Frilynde Ungdomslag.  Den 30. november vedtok hovudstyret at det skulle innkallast til eit møte mellom Valder, Ungdomslaget og John Farstad, der temaet skulle vere kjøp av John-bu, eller diskoteket som huset no vart kalla. Desse vart peika ut til å vere med på møtet: Åsmund Godø, Laurits Valderhaug, Erling Valderhaug og Karsten Blomvik.  Og frå 1. januar 1973, var Idrettslaget Valder eigar av huset. Kjøpesummen var kr 105 000,- som vart finansiert slik,  kr 80 000,- i lån frå Sparebanken Møre, kr 20 000,- skulle betalast kontant til seljar utover 1973 og dei siste 5000 kronene vart lånt i eit fond.

 

Frå eit av dei mange miljøskapande arrangementa som Damegruppa stelte til på Valdertun. Langs bordet frå venstre: Ranveig Fylling, Else Hareide, Anne Mari Skjong, Irene Valderhaug, Inger Lise Molnes, Gunvor Valderhaug og Berit Uggedal.

 

Huset fekk eige styre
På årsmøtet i 1973 vart det vedtatt å opprette eit eige styre for Valdertun, der formannen gjekk inn i hovudtyret. Og for første gong blir huset no omtalt som Valdertun. Når huset formelt fekk dette namnet er ikkje klart, men truleg var det i samband med at Valder kjøpte huset 1. januar 1973. Før det vart huset berre omtala som ”Diskoteket” eller ”Valders Diskotekklubb”. 
Drifta av Valdertun vart ein stor suksess økonomisk for klubben. Og det vart også ein svært populær samlingsplass for ungdom frå heile kommunen. Kvar einaste veke var det diskotekkveldar for ulike aldersklasser.  Og i løpet av dei første 8 månadane i 1974, gav drifta eit overkott på 50 000 kroner. 15 000 kroner av dette vart ført direkte inn i hovudkassa. Suksessen med eigne arrangement, gjorde at hovudstyret sette avgrensingar på utleige av huset. Maks ein gong i månaden kunne huset leigast ut til bryllaup, åremålsdagar og liknande.

 

Og så kom utgiftene
Men å vere huseigar har også ei utgiftsside, og den kom ganske raskt. Det viste seg at store delar av det elektriske anlegget måtte skiftast ut og rustast opp. Og i 1974 oppdaga klubben at taket var lekk. Dette skulle vise seg å bli eit stadig tilbakevendande problem. Taket var flatt og viste seg å vere vanskeleg å halde tett, og i 1974 vart det gjort vedtak om å legge nytt tak som skulle skråast. Men først i 1975 kom det nye taket på plass.  Valder si damegruppe vart ein viktig brukar og støttespelar for huset. Og i 1974 sette dei i gong med arrangementet ”Husker du”, som vart ein populær gjengangar i mange år.  Men huset vart etter kvart for lite, og Valder tok til å sysle med planane for ei utviding. I 1977 vart det sett ned ein komité som skulle forhandle om kjøp av meir grunn.

 

Karneval på Valdertun under Valderveka 1977.

 

Utviding av huset

Slik kunne Valdertun ha sett ut etter planane som låg føre for utviding i to byggesteg. Men berre første byggesteg i utvidinga vart gjennomført.

 

I 1982 var det sett i gong utviding av Valdertun. Dette skulle vere det første i to byggesteg. Det første byggesteget omfatta nytt sanitæranlegg, nytt moderne kjøkken, garderobe og meir lagerplass. I tillegg ville salen bli utvida med 20 nye seteplassar.  Byggekostnaden for utvidinga var kalkulert til 520 000,-. Men kalkylane skulle vise seg å bli for knappe, og sluttrekninga kom på neste 200 000 kroner meir. Overskridingane førte til ein lang og kritisk debatt på årsmøtet. Men med utvidinga håpte Valder på at huset skulle få ein meir variert bruk. Og det var peika på aktivitetar som kurs, bordtennis, biljard og diskotek. I tillegg ville huset egne seg svært godt til selskapslokale for mellom anna bryllaup, barnedåp og konfirmasjon. Som ein del av finansieringa vart det teikna avtaler der folk kunne forplikte seg til å jobbe eit visst timetal. Timeprisen var rekna til 50 kroner, og i budsjettet var det tatt med dugnadsinnsats for 52 000 kroner.

 

Om lag 300 medlemmer i idrettslaget Valder la ned meir enn 3000 dugnadstimar då Valdertun vart utvida og modernisert i 1982. Frå venstre: Ståle Jønsson, Magnar Frøland og Laurits Valderhaug på kne framfor verktøykassa si.

 

Frå ein dugnad på Valdertun. Her er dugnadsgjengen i ferd med å legge bordkledning på det nye lagerrommet. Frå venstre Staale Wattø og Sverre Valderhaug.

 

Frå ein dugnad på Valdertun. Formann i styret for Valdertun, Ronny Fylling til venstre, og dugnadssjef Ove Nordstrand, i gong med å montere det nye kjøkkenet på Valdertun.

 

Slik såg salen på Valdertun ut etter at huset vart opna igjen etter ei større ombygging i 1982. 300 av klubben sine medlemmer la ned 3000 dugnadstimar og det var investert om lag ein halv million kroner. Huset fekk nytt moderne kjøkken, nye toalett, garderobar og meir lagerplass.

 

Og så var det slutt
Valdertun var i 20 år hjartet i idrettslaget og danna ei ramme rundt det sosiale arbeidet i klubben. Her vart dei fleste møte halde, her var inntektsbringande arrangement og det var eit populært selskapslokale for øya sine innbyggarar. Valdertun var også i mange år ei viktig inntektskjelde for klubben. Men utover mot 1990 talet vart huset mindre og mindre brukt. Møta vart flytta til idrettshallen og huset gav ikkje lenger tilskott til klubbkassa. På slutten var huset ein økonomisk klampe om foten for Valder. Stadig fleire røyster i klubben tok til orde for å selje huset og heller satse på ein utviding av klubbhuset på Valdervoll. På årsmøtet i 1993 var den første komiteen satt ned som skulle vurdere sal av huset. Men først i 1996 vart det bestemt at huset skulle seljast. Vedtaket vart gjort mot to røyster. Kjøpar av huset var Løeggårdene as ved Ronny Fylling, og huset vart ombygd til pub og restaurant

 

Av: Odd Egil Valderhaug