OddEgilValderhaug.no © 2011

Valderbussen var klubben sin stolthet

 

 

Slik såg bussen ut då Valder kjøpte den frå Øvrevolds Rutebilar. Som ein kan sjå har har ein eller anna prøvd å leike seg med korleis den kunne bli sjåande ut.

 

- På køyretyet skal godtfolk kjennast, heiter det. Og om ikkje idrettslaget Valder vart kjend for bussen sin, så var den i alle fall klubben sin stoltheit.  Å skaffe transport for spelarar til og frå kampar over heile distriktet kunne vere ei administrativ utfordring for trenarar og oppmenn. Og år for år vart også kostnadane til transport stadig høgare.  Ein eigen buss kunne vere løysinga på denne utfordringa trudde mange.  Etter velsigning frå årsmøtet hausten 1977, vart jakta på ein høveleg buss sett i gong.  Og jakta enda hos Øvrevolls rutebilar. Dei tilbydde klubben ein 30 seters DAF turbuss med radio og stereoanlegg  frå 1966. Og i styremøte 12. januar 1978 vart det vedtatt å kjøpe bussen for kr 35 000,- Men for å få finansiering i Sparebanken Møre, måtte kvar og ein i arbeidsutvalet garantere for lånet privat. Då bussen kom til øya var den i fargane til Øvrevolls rutebilar, raud og gul.  Men ein stordugnad i garasjen til Record og Vigra Rutelag på Roald, forvandla bussen til dei rette fargane. Den køyrde inn i garasjen raud og gul, og kom ut att etter nokre dagar i Valder sine fargar, blå og kvit.

 

Valderbussen slik den såg ut etter at den hadde fått Valder sine fargar. Bussen vart kjøpt i 1978 for 35 000 kroner og vart seld i 1986. Reklame på bussen var med på å finansiere drifta.

 

Dyktige sjaførar

Per Åge Bjørke framfor Valderbussen, der han var sjåfør i fleire år. Han spelte også på herrelaget i handball og var ei tid også formann i handballstyret.

 

Den neste utfordringa  var å finne kyndige sjåførar, som hadde interesse og nok fritid til å drift bussen. Og det viste seg å vere lettare enn frykta.  Først og fremst må vi nemne Ferens Szell senior, som både var sjåfør og ein dyktig bilmekanikar.  Og ein mekanikar hadde klubben god brukt for etter kvart. Bussen fekk eit eige styre og det vart utarbeidd ein detaljert instruks for bruk av bussen.  Instruksen sa mellom anna at bussen alltid skulle stå parkert ved Valdertun, at det måtte vere minst 10 personar for å nytte bussen. Instruksen sa også at busstyret hadde ansvar for at bussen til ein kvar tid var i tipp topp stand. Instruksen fastslo også at hovudstyret skulle godkjenne alle sjåførar som vart nytta.

Av sjåførar som vart godkjende kan vi nemne  Terje Walderhaug, Per Åge Bjørke, Odd Hustad, Åge Hessen, Harald Skog, Ove Nordstrand, Severin Molnes, Lars Liljevold, Steinar Farstad og Noralf Farstad.

 

Ein anna som var fast sjåfør i mange år, var Oddbjørn Valderhaug. Så snart han var heime frå sjøen var det å frakte ungar og ungdommar med Valderbussen rundt omkring til kamper og stemner. – Bussen mangla servostyring og var derfor tung på rattet, men den kunne kome opp i bra fart, seier Oddbjørn Valderhaug. – Ja den einaste fartsbota eg nokon gong har fått, den fekk eg faktisk med Valderbussen. Vi hadde vore i Førde med eit volleyballag, då eg vart vinka inn av politiet på Nordfjordeid, minnes Oddbjørn Valderhaug. - Men stort sett gjekk det bra, kanskje med unntak av ein gong eg skulle over Strandafjellet med eit handballag.   Litt vennskapeleg knuffing mellom to av gutane, førte til at ei sideruta på bussen vart knust. Dette var midt på kaldaste vinteren, med fleire kuldegrader utandørs, så det tok ikkje lang tid før temperaturen inne i bussen vart utåleleg.  Men syndaren,  trengte ikkje kjeft frå mi side, det fekk han nok av frå lagkameratane, flirer Oddbjørn Valderhaug.

 

Ein bussjåfør med godt humør. Odd Hustad var fast sjåfør på Valderbussen i mange år, og her ser vi han smilande bak rattet, akkurat slik ein bussjåfør skal vere.

 

Her er håndballjentene klar til å reise på kamp med Valderbussen. Frå venstre: Jeanette Valderhaug, Ragnhild Brekkhus, Bente Molskred, Ann Kristin Skjong, Trude Skjong, Monica Hofseth, Mariann Nordstrand, Bjørg Molnes, Lovise Haahjem, Lisbeth Rørvik, Anja Løvik og Sølvi Valderhaug.

 

Bussen vart sort sett brukt til å transportere IL Valder sine mange lag rundt omkring på Sunnmøre og til andre stader i landet. Men av og til vart den utlånt til andre organisasjonar. Her er bussen på tur med Valderøy skulemusikk.

 

Eit handballag på veg til kamp med Valderbussen. Til venstre Monica Klausen og Ragnhild Brekkhus til høgre. På setet bak skimtar vi Louise Haahjem.

 

Handballaget på veg til kamp med Valderbussen. Til venstre bak i bussen stikk Ragnhild Brekkhus fram, ståande er Ann Kristin Skjong, så sittande Jeanette Valderhaug og Mariann Valderhaug. På setet framme midt på bilete med ei bok, Anja Løvik.

 

Bussen seld      
Etter at bussen hadde tent  idrettslaget i 8 år, var ein epoke over. Bussen hadde både letta transporten, og hadde vore ein miljøskapande faktor for klubben i denne tida. Men 20 år er ein merkbar alder for ein mykje brukt buss. Reperasjonar og vedlikehald tok til å koste meir enn det smakte, og styret bestemte seg for å selje.  Og i 1986 var bussen seld til Einar Valderhaug som brukte den som privat turbuss eit par år. I 1988 selde han den vidare til Mauseidvåg Idrettslag, men i 1989 vart bussen avskilta og vraka, etter 23 år i transportens teneste.

 

Friidrettstur med Valderbussen. Bussen var ein miljøskapande faktor i klubben gjennom mange år. Den vart brukt både av aldersbestemte klasser og av seniorane. Her er det dei yngste i friidrettsgruppa som skal ut på tur med bussen.



Av: Odd Egil Valderhaug