OddEgilValderhaug.no © 2011

Valderposten eit viktig talerør for klubben

 

 

Valderposten kom ut første gang i 1977. Fleire bilder fra Valderposten nederst i artikkelen.


Alt i 1965 dukka det opp eit forslag om å gi ut ei klubbavis for idrettslaget Valder. Men det skulle gå 12 år før ideen vart realisert. Det skjedde i 1977 og det var friidrettsgruppa som fekk ansvaret for å gi ut avisa. I den første redaksjonen fann vi Dag Oksnes, Magne Valderhaug, Kåre Sæther og Åsmund Godø. Avisa vart distribuert til alle husstandar på Valderøy i tillegg til at den vart sendt til tidlegare medlemmer som var flytta frå øya. Den første avisa presentert dei mange gruppene i klubben, som damegruppa, volleyballgruppa, friidrettsgruppa, handballgruppa og trimgruppa. Og sjølvsagt fotballgruppa som stod framfor ein ny sesong med Dag Oksnes som trenar.

 

”Valderpostens ros(e)”
Alt i frå den første utgåva av Valderposten, vart ”Valderpostens ros(e)” innført. Under denne vignetten skal klubbavisa gi honnør til nokon som redaksjonen meiner bør få litt ekstra honnør. Og i den aller første utgåva vart ”Valderposten ros(e) tildelt vaktmeistar ved Valderøy barneskule, Peder Otterdal.  Han fekk rosa på grunn av eit svært godt samarbeid gjennom 10 år. Han er alltid velvilleg og hjelpsam både i samband med treningar og ved arrangement, skriv redaksjonen. Og i utgåve nummer to, går rosa til to vigringar, Kjell Molnes og Trygve Olsen. Dei to som er banevaktarar på Rota og Synnesbana, får rosa med same grunngjeving. Hjelpsame og konstruktive i ein kvar samanheng. 

Neste rose frå redaksjonen i Valderposten vart delt ut i 1978, og denne gongen gjekk den til Anna Uggedal. Rosa fekk ho for sine mange visertekstar ho har forfatta for klubben gjennom mange år. No sist visa om rutebåtane,  ”Vår makt og vår ære”, som vart framført på revyen.  I tillegg har ho vore ein av klubben sine faste kokkar ved festelege tilstellingar. Juryen som denne gong var Kåre Sæther og Ståle Wattø, delte ut den neste rosa dette året ut til Gunvor Valderhaug. Ho fekk rosa fordi Valder fekk låne mannen hennar til formann i klubben, revysjef, handballdommar, Valdervekegeneral og handballdommar. Som juryen skriv, visste Gunvor lite om at mannen hennar skulle bli allemannseige, då ho gifta seg med han i 1972.  Valderpostens ros(e) i 1979, gjekk til Margit Ytterland, eller ”Margit draktevask” som ho ofte vart kalla. Ho fekk rosa fordi ho gjennom meir enn 20 år har vaska og sortert draktene til alle laga i Valder.  Same året, i 1979 fekk Sigrid Andersen og Marie Blindheim kvar si rose frå Valderposten.  Dei fekk rosa for sin mangeårige innsats for ungdomskveldane på Valdertun. Mange andre takker av etter kort tid, medan Marie og Sigrid har heldt det gåande i mange år, til stor glede for klubben og for ungdommane. I den første utgåva i 1980, vart Valderpostens ros(e) tildelt ein veteran i klubben, Ingeborg Solbakk. Ingeborg har vore med bak kulissene i Valder heilt sidan starten i 1956, Ho har hatt utallege verv og vore med i mang ein komité, ikkje minst som formann i Damegruppa.   I andre utgåve i 1980 var Valderpostens ros(e) tildelt Kari Nordstrand for mange år med stor innsats bak kulissene. Kari har lage utallege tekstar til klubbene sine mange revyar og ikkje minst så har ho laga tekstane til fleire av dei populære klubbsongane til Valder. Etter at rosa vart tildelt Kari, skulle det gå fem år før den neste vart delt ut. Den gjekk til mangeårig handballtrenar,  Per Larsen.  Han fekk utmerkinga for sin innsats både som organisator og trenar for aldersbestemte klasser i handball og som trenar for damelaget. Og med det vart tradisjonen med å dele ut Valderpostens ros(e).

 

Faste spalter
Valderposten hadde ein del faste spalter som gjekk igjen over fleire utgåver. Mellom anna ein spalte kalla ”Våre formenn”. Her vart formennene i klubben presentert i tur og orden.  Valderposten hadde også ”Hjemme hos” reportasjar der veteranar i klubben vart intervjua.  Men sjølv om det meste stoffet i Valderposten var henta frå den allsidige aktiviteten i klubben, var det sett i gong ein reportasjeserie der Valderposten også presenterte andre kulturaktørar i kommune.  Mellom anna vart Valderøy skulemusikk, Vigra og Valderøy Ungdomsmusikk og Vigra IL presentert i Valderposten.
Men det aller viktigaste med Valderposten var å presentere det som skjedde ute i gruppene samt å bringe bilete av lag og tillitsmenn ut til lokalbefolkninga. Ein må hugse at dette var før kommune fekk eiga lokalavis, og terskelen var høg for å få noko på trykk i Sunnmørsposten eller Arbeideravisa.

 

Uregelmessig utgiving
Intensjonen i starten var å få ut klubbavisa fire gongar i året. Først berre på Valderøya mein seinare også på Vigra. I 1977 og 1978 kom avisa ut fire gonga slik som planlagt. Men i 1979 kom Valderposten ut berre to gongar. Dette førte til ein intern oppvask, på grunn av at annonsørane hadde førehandsbetalt for fire utgåver. Året etter, i 1980  kom posten i rute igjen og kom ut som den skulle fire gongar. Så fekk redaksjonen problem igjen og i 1981 kom Valderposten ut berre ein gong.  Men så skjedde det noko heilt spesielt i 1982. Først kom
det ut ein vanleg Valderpost. Men under Valderveka på våren, hadde redaksjonen ambisjonar om å gi ut Valderposten kvar dag.  Etter planen skulle posten innehalde reportasjar frå det som skjedde dagen før, og den skulle ha med program og omtale i det som skule skje den dagen avisa kom ut.  Det vart etablert redaksjon på klubbhuset på Valdervoll og kvar kveld møttes ein entusiastisk redaksjon som bestod av både journalistar og fotografar. Men planane om å få avisa kvar dag vart alt for ambisiøs. Men det var ikkje produksjon av stoffet som stoppa planane, det var dei tekniske løysingane som ikkje var godt nok gjennomtenkt. Men om redaksjonen måtte gi opp å kome ut kvar dag, så klarte dei i alle fall å få ut avisa annakvar dag. Ein prestasjon berre det. På hausten 1982 vart det også gitt ut ei avise i tabloidformat som var trykt i trykkeriet til Sunnmøre Arbeideravis – SA. Og med eit større format fekk ein også større bilete og ein meir profesjonell utforming.
Men 1982 var siste året Valderposten kom ut som ei ordinær klubbavis. I åra framover var Valderposten gitt ut berre i samband med Valderveka og desse avisene var sjølvsagt via programmet for veka og omtale av dei ulike programinnslaga. Slik var det i 1983, 1984 og 1985. Så hadde Valderposten eit langt opphald, heilt fram til 1991. Då kom avisa igjen ut som programblad for Valderveka, og det same skjedde i 1992. Og etter det ein kan klare å spore opp, var utgåva i 1992 den aller siste som var gitt ut av Valderposten.      

Redaksjon

Fylgjande har i åras løp vore med i redaksjonen: Dag Oksnes, Magne Valderhaug, Kåre Sæther, Åsmund Godø, Odd Egil Valderhaug, Gunnar Valderhaugstrand, Ståle Wattø, Gerd Inger Andersen, Øyvind Idar Urkedal, Hans Oksnes, Jorid Kringstad, Jan Synnes, Per Valderhaug,  Jarle M Lübbe og Rolf Kjemphol.


Framsida på den aller første utgåva av Valderposten som kom i 1977.

 

Dette er Valderposten nummer 5 og 6 frå 1978.

 

Valderposten hadde også ein del faste spaltar som denne som har vignetten ”Hjemme hos”

 

Dette er framsida på den aller siste Valderposten som kom ut i 1992.

 

Av: Odd Egil Valderhaug