OddEgilValderhaug.no © 2011

Valder-genseren vart klubbmote over heile landet

 

 

I 1979 strikka Berit Uggedal genser til alle spelarar på a-laget i fotball og til jentene i volleyballaget. Her ser vi volleyballjentene og fotballspelarane med sin nye genser: Bak frå venstre: Ole Jønsson, Erling Hellevik, Øyvind Kringstad, Leif Arne Valderhaug, Asbjørn Ytterland, Njål Rønning, Torill Remme, Gunn Karin Remøy, Jan Halvard Skjong, Roar Blindheim, Tore Muren og Per Valderhaug. Rekka i midten frå venstre: Anne Flaaen, Oddrun Hole, Unni Urkedal og Mette Molnes. Framme frå venstre: Grethe Skodje, Stig Grimstad, Reidun Molnes, Terje Valderhaug, Gurcharan Singh Gulati, Magnhild Skjong, Tone Lise Oksnes, Idar Blindheim og Arild Holm med handa framfor fjeset. Liggande på golvet Torstein Kringstad og Berit Uggedal, som har strikka kvar einaste genser på dette bilete.

 

Volleyballjentene og fotballspelarane på a-laget, fekk seg litt av ei overrasking på idrettsfesten i 1979.  Alle 30 spelarane vart kalla opp på scena, der Berit Uggedal overrekte dei kvar sin heimestrikka genser. Men det som var enda meir utruleg, var at ho hadde strikka kvar einaste genser heilt aleine. Ja ho hadde ikkje berre strikka dei, ho hadde også laga mønsteret. I ettertid vart det rekna ut at ho hadde brukt 470 trådnøste som totalt har ei lengd på 50 000 meter, eller 5 mil om du vil. Og det var ikkje første gong Berit hadde strikka til klubben. Året før fekk spelarane overrekt kvar sin strikka maskot, og før det har du strikka lue til alle fotballspelarane.  Enden på strikkevisa var at garnprodusenten Dale kjøpte retten til mønsteret og lanserte genseren over heilt landet som klubbgenser. Og på oppskrifta fann vi sjølvsagt bilete av både Berit og dei aktive volleyball- og fotballspelarane. Og Dale fabrikker fekk stor suksess med den nye klubbgenseren.   Den enorme innsatsen til Berit vakte stor oppsikt også i pressekretsar og det var intervju med Berit i mange av landets aviser og vekeblad, mellom anna Se og Hør. Og meir enn 33 år seinare, i år 2012 er klubbgenseren lansert på nytt og mønsteret går som hakka mat over heile landet.


Garnprodusenten Dale, kjøpte oppskrifta på valdergensaren frå Berit Uggedal og tok den med i mønsterutvalet sitt.  No kunne folk rundt omkring i heile landet strikke klubbgenser etter modell frå valdergensaren. 

Av: Odd Egil Valderhaug