OddEgilValderhaug.no © 2011

Volleyballen gjekk heilt til toppserien

 

 

Det eldste bildet vi har av volleyballjentene. Dette er frå Valderøy Ungdomsskule den gong dei kalla seg for Viva. Bak frå venstre: Tone Engstrøm, Grethe Skodje, Bente Rørvik og Elin Oddny Valderhaug. Framme frå venstre: Reidun Molnes, ukjend, Mette Valderhaug og Unni Urkedal.

 

Volleyballaget vart starta som eit skuleidrettslag ved Vigra Skule i 1968. Primus motor for den nye sporten her ute på øyane var Asbjørn Røssås. Han arrangerte skuleturneringar og fekk spesielt jentene interessert i volleyball. Etter kvart vart Vigra Skule Volleyballag stifta. Men då ungdomane på Vigra måtte dra til Valderøya for å gå på den felles ungdomsskulen, tok dei sporten med seg. Vigra og Valderøy Volleyballklubb vart stifta. Populært forkorta til Viva Volleballklubb. Ein av pådrivarane på ungdomsskulen var Oline Hole. Etter kvart vart også fleire lærarar engasjert. Ein av dei som ivrast sterkast for sporten var lærar Arnvid Lervik, og han vart engasjert seg som trenar. Med på laget i starten var Guri Molnes, Grethe Skodje, Solveig Fredriksen, Bente Rørvik, Synnøve Roald, Liv Roald, Anne Grethe Rørvik, Lilly Anne Blindheim og Reidun Molnes.  Ja det var berre jenter som spelte volleyball, gutane ville heller spele fotball og handball.

 

Inn i Valder
Etter å ha fungert som eit skuleidrettslag i nokre år, ville ungdommane innlemme idretten sin i IL Valder. Både gutelaget i handball og jentelaget i volleyball var i møte med hovudstyre i Valder i 1974 med tanke på å innlemme dei to idrettane i klubben.  Representantar for volleyballjentene i desse møta var Tone Engstrøm og Reidun Molnes. Hovudstyret gjekk då inn for å opprette ei handballgruppe og ei volleyballgruppe, og dette vart velsigna av IL Valder sitt årsmøtet i 1975. Volleyballjentene markerte seg positivt og gjekk raskt oppover i seriesystemet.  Og 1977 var eit svært godt år for volleyballdamene. Dei vart seriemeistarar i 3. divisjon på Sunnmøre etter å ha vunne alle kampane sine.

 

Men for å kunne rykke opp i 2. divisjon, måtte dei slå kretsmeistrane i  både Trøndelag og Sogn og Fjordane. Og det klarte dei med glans. Men ein ting var å rykke opp, noko helt anna var det å kunne halde seg i divisjonen. Valder henta derfor inn den truleg beste volleyballtrenaren på Sunnmøre, Helge Blindheim.

 

Han la opp eit tøft og hardt program for dei unge og entusiastiske jentene. Etter å ha ført jentene til den øvste delen av 2. divisjonstabellen, valde Helge Blindheim å takke for seg etter sesongen.  Men volleyballjentene var så heldige å få ein landslagsspelar til klubben, Torill Karlsen. Torill som har spelt 9 landskampar for Norge, vart engasjert som tenar. Samstundes med at ho trena Valder, spelte ho for Ålesund Volleyballklubb. 

 

Volleyballtrenar Helge Blindheim trena først jentene opp i andre divisjon. Så tok han over trenararbeidet i 1979-1980 etter at Torill Karlsen hadde losa dei opp i 1. divisjonen

 

 

 

 

 

 

 

Damene heilt til topps

Volleyball-damene til 1. divisjon. I 1979 klarte volleyballdamene det kunststykket å rykke opp i den aller gjævaste divisjon. Under leiing av sin trenar Torill Karlsen, slo dei Stavanger i kvalifiseringskampen. Bak frå venstre: Anne Flaaen, Oddrun Hole, Unni Urkedal, Sissel Melsether, Gunn Karin Remøy. Framme frå venstre: Reidun Molnes, Mette Molnes, Grethe Skodje og Tone Lise Oksnes.

 

I 1979 skjedde det som ingen skulle tru, Valder gjekk opp i 1. divisjon.
Volleyballjentene måtte gjennom ei kvalifisering i Stavanger i kampen om opprykk til den gildaste divisjonen. Det var tre lag med i kampen, Stavanger KFUM, Porsgrunn og Valder.

 

Volleyball-damene i Valder-genser. I 1979 strikka Berit Uggedal genser til samtlege spelarar på a-laget i fotball og til jentene i volleyballaget. Her ser vi jentene med sin nye genser: Bak frå venstre: Oddrun Hole, Anne Flaaen, Unni Urkedal, Torill Remme og Gunn Karin Remøy. Framme frå venstre: Reidun Molnes, Mette Molnes, Grethe Skodje, Magnhild Skjong og Tone Lise Oksnes.

 

Første kampen var mot Porsgrunn, den tapte Valder 1-3. Neste kamp var mot Stavanger og her vart det ein klar siger 3-0 til Valder. Altså eit tap og ein siger i kvalifiseringa. Valder og Porsgrunn rykte dermed opp til 1. divisjon. Etter opprykket uttalte kaptein Reidun Molnes til Sunnmøre Arbeideravis:  - Vi er jublande glad over det som skjedde laurdag.  Det er neste ikkje til å tru at vi no skal møte landets elitelag i volleyball, sa Molnes. 

 

Valder sitt volleyballag hadde ein gjennomsnittsalder på berre 18 år, men dei hadde god tru på å kunne klarer seg i divisjonen. Noverande trener Torill Karlsen, som også er landslagsspelar, melder overgang frå Ålesund Volleballklubb går inn som spelar på laget. Og ny trenar blir Helge Blindheim som trena laget opp i andre divisjon. For å ruste seg mot den øvre divisjonen planla  jentene å delta på fleire turneringar. Både Ekeberg Cup i Oslo og turneringar i Sverige og Danmark var aktuelle, uttalte Reidun Molnes etter opprykket.

 

Torill Karlsen var trenar for damelaget i volleyball i 1979, og klarte det kunststykket å trene laget opp i 1. divisjon

 

 

 

 

 

Då volleyballjentene kom heim frå Stavanger på søndags kvelden etter opprykket, hadde ei stor folkemengde møtt opp på Vigra Flyplass for å ta imot jentene. Folk hadde med norske flagg og blomar og det var feststemning på flyplassen. Under flyturen frå Stavanger til Vigra gratulerte kapteinen jentene med opprykket over høgtalarane på flyet, og det oppstod spontan applaus i kabinen. Med på opprykket var desse jentene: Oddrun Hole, Unni Urkedal, Anne Flaaen, Sissel Melsether, Gunn Karin Remøy, Tone Lise Oksnes, Grethe Skodje, Mette Roald og kaptein Reidun Molnes. Og trenar var Torill Karlsen.

 

Leiar for IL Valder, Odd Egil Valderhaug tar i mot volleyball jentene ved flytrappa på Vigra etter opprykket til 1. divisjon.

 

Masse folk var møtt opp på flyplassen med flagg og roser for å gratulere jentene med opprykket.


Måtte spele heimekampane borte

To av jentene som var med på å spele Valder sitt damelag opp i den aller gjævaste divisjonen. Magnhild Skjong til venstre og Torill Remme.

 

Eit skår i gleda var at Valder ikkje fekk spele sine heimekampane sine på øya. Dei måtte inn til Fagerlihallen i Ålesund. Gymnastikksalen ved Valderøy Ungdomsskule som til no har vore heimearena, var dessverre ikkje godkjend for spel i 1. divisjon. Men det stoppa ikkje publikum, dei møtte opp i hopetal og heia jentene fram. Men dessverre let dei gode resultata vente på seg. Det vart stort sett tap 0-3. Og dermed bar det rett ned att i 2. divisjon. Den korte visitten i den øvre divisjon var god reklame for klubben, men det kosta kanskje meir enn det smaka. I fleire år etter nedrykket sleit klubben med å betale rekningane etter gilde. Og kanskje kan det vere på sin plass å sende ei spesiell takk til flyselskapet Braathens SAFE som godtok ei langsiktig nedbetaling på uteståande gjeld for flybillettar. Men gøy var det.

 

 

Ein bukett volleyballjenter som vart krinsmeistrar og fylkesmeistrar i 1980.
Dei gjekk gjennom serien utan eit einaste tap. Og som om ikkje det var nok, kom laget på tredje plass i Norgesmeisterskapen for jentelag. Her ein bukett glade jenter frå venstre: Inger Gjendem , Alvhild Valderhaug, Kristin Andersen, Ellen Hofseth og Elisabeth Valderhaug, halvt skjult.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Jentelaget i volleyball som i 1980 vart krets- og fylkesmeistarar. Framme frå venstre: Hans Idar Valderhaug (trenar), Alvhild Valderhaug, Inger Gjendem, Mette Molnes og Arild Valderhaug (trenar). Bak frå venstre: Lise Rørvik, Kristin Andersen, Elisabeth Valderhaug, Janne Grethe Strand, Ellen Hofseth, Lisbeth Rørvik og Lilly Anne Eriksen. Framfor jentene kan du sjå dei flotte pokalane som jentene har sikra seg i løpet av sesongen.

 

Volleyballnissar. Jentene i volleyballgruppa deltok aktivt i det miljøskapande arbeidet i klubben. Her er fire av dei nissar på damegruppa sin juletrefest for barn. Frå venstre: Gunn Karin Remøy, Britt Hauge, Oddrun Hole og Anne Flaaen.

 

Jentelaget i volleyball. Bak frå venstre: Wenche Bakke, Lisbeth Røsvik, Tove Fylling, Ann Kristin Skaugseth, Karina Walderhaug og Wenche Rørvik. Framme frå venstre: Reidun Molnes, Karin Valderhaug, Sølvi Valderhaug og Alvhild Valderhaug. På golvet framfor laget trener Steinar Hovde.

 

Sokneprest og volleyballtrenar. Steinar Hovde var sokneprest i Giske kommune, men han var også ein sentral aktør innan volleballsporten. Han var ein populær trena både damelaget, jentelaget og eit gutelag.


Femkløver frå jentelaget. Sentrale spelarar på jentelaget i volleyball. Frå venstre: Reidun Molnes, delvis skjult Wenche Bakke, Alvhild Valderhaug, Inger Gjendem og Karin Valderhaug,

 

1979 var ein god sesong for herrelaget i volleyball som då spelte i 3. divisjon. Framme frå venstre: Laurits Valderhaug, Bjørn Jønsson og Arild Valderhaug. Bak frå venstre: Oddgeir Berge, Hans Idar Valderhaug, Trond Valderhaug og Henning Blindheim.

 

 

 

Tap for volleyballen? Det kan sjå ut som det har blitt tap for herrelaget i volleyball denne gongen. I alle fall ser Per Johan Valderhaug nokså misfornøgd ut. I bakgrunnen Laurits Valderhaug til venstre og Henning Blindheim


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



Av: Odd Egil Valderhaug