OddEgilValderhaug © 2011

Produkt - Oversikt over noko av det eg har produsert

 

Historia til ni grepa kvinnfolk frå Valderøya

Boka Grepa kvinnfolk fortel historia til ni like kvinner frå Valderøya. Som Margit Fjellstad Ytterland, lærainna som drøymde om å bli skodespelar. Ho voks opp i tronge kår i ei fjellbygd ved Sandane. Men ho hadde utferdstrong og fekk seg utdanning og kom seg ut av armoda. Draumen var å bli skodespelar, men i staden vart ho lærarinne på Valderøya. I tillegg til å bli ei dyktig lærarinne, markerte ho seg også som songar og ein aktiv aktør i kristenlivet. Ho hadde ei lyrisk åre som førte til både dikt, prologar og songar. Fjellstad, som ho vart kalla på folkemunne, har skula opp fleire generasjonar ungar på Valderøya.
Jensine Oksnes var bankkasserar, kontorsjef og kremmar. På 1800-talet var det langt frå vanleg at jenter frå landsbygda fekk utdanning, men Jensine Oksnes frå Jakobgarden var unntaket. Som 42-åring vart den driftige dama tilsett som kasserar i den første banken på Valderøya.

Borghild Frøland var telefon- og telegrafstyrar. Ho voks opp i Løeggarden på Valderøya, der telefon- og telegrafstasjonen heldt til. Ho gjekk med telegram og betente telefonsentralen frå før ho kunne lese og skrive, og som vaksen tok ho over stillinga som telefon- og telegrafstyrar.
Søstera, Laurentse Frøland Valderhaug var postopnar. Laurentse Frøland vart fødd i 1894, to år etter at foreldra Peder og Berta Frøland kjøpte Løeggarden og flytta til Valderøya. Laurentse skulle bruke nesten heile sitt vaksne liv i posten si teneste, etter at ho overtok stillinga då faren vart pensjonist.
Vi får også historia til kjøpmannsdottera Borghild Walderhaug. Ho vart fødd i 1907 som det første barnet til handelsmann Jens Mulelid og kona Mildrid. I 1993 fortalde ho levande om barndommen ved den nye handelsstaden som etter kvart reiste seg på tradisjonsrike Ladeberget.
Handelskvinna Severine Mulelid var 13 år gamal, døydde mora. Severine måtte ta seg av sine fem yngre søstre, men ho fekk likevel utdanning. Som vaksen dreiv ho heile Valderøya sitt store samlingspunkt, landhandelen på Mulelid.

Valborg Ytterland var den aller første kvinna som vart valt i eit kommunetyre for Giske kommune. Ho var åleine blant 26 menn. Sjølv om mange oppmuntra ho med eit klapp på skuldra, så var det også dei kvinnene som meinte at dette var heilt gale. I 1964 var kvinna sin plass framleis i heimen.

Regine Ytterland var det ein må kalle eit typisk gardkjærring. Ho var 17 år då unionen med Sverige vart oppløyst, og ho var 35 år då Valderøya fekk elektrisk kraft. Men ho fekk også oppleve å køyre dei undersjøiske tunellane mellom Giske kommune og byen.

Og sist men ikkje minst, madame i Løeggarden, Maren Sofie Methli.
"Madame Methli", vart fru Maren Sofie Løeg kalla. Kjøpmannsdottera var ei staseleg og verdig kvinne. Då mannen brått døydde berre 61 år gamal, måtte ho ta over
familien sin handel.

Pris kr 229,- fritt tilsendt. Bestilling sendes til: odd.valderhaug@mimer.no
.

 


 

Den (nye) lille, store boka om Sunnmørshumoren

 

Den sunnmørske humoren lever i beste velgående, og er under stadig fornying. Odd Egil Valderhaug har samla nye 144 historier frå dette eigenrådige folkeslaget, og blanda dei med eigne synspunkt på kva som karaktiserer sunnmørshumoren. Forholdet til pengar er sjølvsagt eit tema hos Norges mes kjente gniarar, men også politikarar, veret og anna gledesløyse får sitt.

 

Predikanten takka for skyssen og sa: - ja Vårherre vil løne deg. Fiskaren såg på predikanten og svara kontant: - ja det kan hende det, men kanskje kan du so he så god kontakt med an, legge ut for an så lenge?

 

Boka er illustrert ned teikningar av Roar Hagen.

 

Rått og Røte – sanne skrøner frå Sunnmøre er gitt ut på Det Norske Samlaget.

Pris kr 229,- fritt tilsendt. Kan bestillast på odd.valderhaug@mimer.no
Er også i sal hos bokhandlarar på Sunnmøre.

 

 

Bacalao de Norvega

 

Filmen forteller klippfisken historie i Norge frå det mislukka forsøket til hollendaren Jappe Ippes på 1600-talet og fram til dagen milliardindustri. 

 

Vi får også høyre at det ein gong var dødsstraff for nordmenn å lære seg kunsten å produsere klippfisk, det var forbeholdt utlendingene.

 

Harald Grytten fortel om Ålesundarane som ligg gravlagt i Spansk jord, heime i Ålesund.

 

 Filmen inneheld mange nostalgiske filmklipp og rekonstruksjonar av arbeidsmetodar, slik det vart gjort for over 100 år sidan.

 

DVD-filmen kan bestillast hos: odd.valderhaug@mimer.no

Prisen er kr 129,- fritt tilsendt.

 

 

 

 

 

Lokal pophistorie

 

Historia om åtte 60- og 70-talsband frå Giske kommune. Intervju og mange flotte nostalgiske bilder.


Den kan bestillast hos odd.valderhaug@mimer.no
Prisen er kr 129,- fritt tilsendt.